Mumselunsj

I dag har eg studiedag og det står dermed fingermat på menyen. Veit faktisk ikkje heilt om vi får tid til ein skikkeleg middag i dag. Vi får sjå. Uansett kan ein leve godt sjølv om ein ikkje et middagar heile tida. Eg skal i alle fall kose meg med denne lunsjen her i mellomtida.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Yoghurt, tomatar, oliven og valnøtter.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Litt Maldonsalt på tomatane og dei vert ei delikatesse.

Fyr i peisen, fingermat og pensumbok. Sjølv om stoffet er tungt så kan eg eigentleg ikkje klage noko særleg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Etter at litt av pensumlesinga og oppgåveskrivinga er undagjort tenkte eg å lage det der innlegget om ulike dokumentarar eg har sett i det siste. Om dokke har nokre gode dokumentarar dokke synast eg burde sjå så vert eg veldig glad for tips!

Advertisements

Luksussalat og rotsuppe

I går var ein av dei skikkeleg dårlege dagane. Ein av dei der alt kjennast feil utan nokon særleg grunn. Då er ein luksuriøs middag akkurat det som trengs!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Heimelaga dressing (ikkje vegansk), makaroni, salat og suppe. Om vi koste oss! Eg er blitt heilt hekta på valnøtter i salat. Dersom du ikkje har prøvd det så har du inga tid å miste. Det er berre å hive seg på «trenden».

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Makaroni, kål, valnøtter, tomat, soltørka tomat, steikt sopp, steikte bønner, blomkål, brokkoli og oliven. Dèt kallar eg ein salat.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Suppa er laga av gulrot, kålrabi, havrefløte og rismelk. Den er krydra med kvitløk, paprikapulver og cayennepepper. Dette er kanskje den beste suppa vi (typen) har laga nokon gong.

Ca. oppskrift:
→ 500g kålrabi (ein halv)
→ 4 middels store gulrøter
→ 1 potet

Akkurat kor mykje væske ein vil ha må ein nesten velje sjølv. Kan seie at vi kanskje brukte ein halv liter veske til saman. Då ei blanding av havrefløte, rismelk og vatn.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Skulle liksom skrive ferdig den obligatoriske oppgåva mi i går, men eg måtte berre ta meg ei pause frå alt som heiter tenking. Vart sjølvsagt alt for mett (igjen).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som dokke kanskje har skjønt er dette middagen frå i går. Sånn vert det av og til. No held vi på å lage raspe/kompar/e.l. Det sjukaste er at eg trur vi får det til! Ja, det er fyste gongen. Bilete kjem i morgon.

«Kos deg med salaten din, du.»

Er det noko eg gjer så er det vel det. Med ein gong ein fortel til nokon at ein ikkje et kjøt så får du ein eller anna «morsom» kommentar angåande salat. Eg veit ikkje, men heller denne skåla her med salat enn tre brødskiver med smør, ost og skinke, liksom.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kålhovud, steikte tomatar, steikt champignon, grønnkål, soltørka tomat, oliven, avokado, raudløk, mais, kikerter, pasta og valnøtter. Du veit dei dagane du står opp og føler du kan ete opp alt du har av mat? Eg har i alle fall ein sånn dag og då er det ikkje anna å gjere enn å omfavne den. Etter ei veke med mat på farta og lite måltid utanom middagar er dette akkurat det eg treng!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eit par wraps og ein har laga ein perfekt frokosttaco som er lett å ta med seg til for eksempel lunsj på skulen eller jobben. To fluger i ein smekk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

♥  ♥  ♥