Vestland, Vestland.

Plutseleg seig det grå håret rett inn i skallen og eg søkte opp «Vestland, Vestland – Sissel Kyrkjebø». Til mitt forsvar er det lite som er meir treffande når eg ser på bilda nedafor. Vi hadde ein kveld utan regn og nytta derfor høve til å nyte stillheita nede ved sjøen. Det vaka og vi såg nise og vi koste oss i massevis. Greit nok, vi skulle gjerne hatt litt sol, men akkurat i dag gjorde det faktisk ingenting. Det einaste vi mangla var ei fiskestang.


No har vi nettopp ete oss stappmette på mamma sin potetsalat. Til vanleg er kanskje potetsalat eit tilbehør, men denne vert som regel hovudrett – uansett kven som et. Treng eg beskrive dette? Nææh. Njyyyyt.

Advertisements

Frokost i Provence

Vi har endeleg kome fram til Frankrike etter tre veldig lange dager med køyring. Sjølv om det var både slitsomt og jævelig så er det berre sinnsvakt verdt turen. Vi har sett deler av Danmark, Tyskland, Sveits, Lichtenstein og Italia. Så har vi sett litt av Alpane!! Åh, mest fantastiske landskapet eg har sett i alle fall.

I dag er fyste dagen vi ikkje sit i bil. Dette feirast med den mest idylliske og enkle frokosten eg har hatt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Og dette er berre byrjinga?? Vilt.