Heimelaga iste

I går kveld laga eg iste for fyste gong. Det er fleire måtar å lage det på, men eg byrja med den enklaste – sjølvsagt. Eg hadde ca. 4 ts med te i ei flaske og helte varmt vatn over. Flaska har stått på benken gjennom natta og har vore i kjøleskapet om lag heile dagen. Eg er veldig nøgd med korleis det smakte, men neste gong skal eg teste om det vert skilnad i om ein berre nyttar kaldt vatn. Då må iste-en sjølvsagt trekke i ein lenger periode enn berre ca. 10-12 timar sånn som denne gjorde.

Når ein er student kan ein kanskje bli litt lei av å berre drikke vatn. Dette er ein utmerka måte å variere på. Du får kjøpt 4 posar med te til 100 kroner på Kremmerhuset (dei har ikkje slutta med dette, sant?). Med tanke på at eg brukte 4 ts med te på ein liter vatn så kan ein lage ein del liter for dei 100 kronene. Yey!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mangote (frå Kremmerhuset) og nokre sukettar.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Hell te-en gjennom eit kaffefilter og f.eks. eit råkostjern. Eller kva som helst anna du har i skapet!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det ferdige resultatet.

For dokke som ikkje ser det er denne flotte flaska kjøpt på Vinmonopolet. Det er absolutt heilt unødvendig å brenne av fleire hundre kroner på «pynteflasker» frå alle moglege slag av interiørbutikkar. Ei tom flaske, kniv og varmt vatn så får ein skrapa av alt av etikettar og lim frå flaska. Eg fekk meg to nye i går, denne blanke på biletet over og denne grønne på biletet under her:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Om sommaren må ein nytte peisen til noko anna fornuftig.

↑  Ei tom whiskey-flaske, ein telysholdar arva frå svigerbestemor og eit norgesglas frå finaste Mommor. Blir nok ikkje noko trendvase opp på her i næraste framtid.

Nei, jeg hakke tid

Smoothie her og smoothie der! Ein ser desse oppskriftene over alt og heile tida. Massavis av ulike variantar og alle er like fristande. Dersom dokke er sånn som meg så orkar dokke rett og slett ikkje å styre med å lage desse smoothiane kvar einaste dag. Du veit desse tomme glasbeholdarande som du må resirkulere både titt og ofte? Dei kan du for eksempel bruke til oppbevaring av smoothiar (eller middagsrestar) i kjøleskapet. Ristar du litt på smoothien er den akkurat som om du skulle laga den same dagen. Kjempelurt på travle dagar – ein sånn som eg for eksempel har i dag (og har hatt heile helga!).

Frosne bær er forresten smoothie heilt i studentpris – og no som det er haust kan ein plukke blåbær heilt sjølv og heilt gratis! Perfekt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Blåbær, bringebær og sukrin.

Bruksområda til desse glasbeholdarane er eigentleg endelause. Du kan oppbevare meir eller mindre alt av småting i dei (perfekt for ein som organiserar _alt_). Du kan bruke dei som drikkeglas og du kan spraylakke dei så vert det ganske så fine vasar. Det beste av alt er kanskje at du får dei med på kjøpet kvar einaste dag.

Helga har eg via fullt og heilt til jobbing på Kvarteret og rekruttering av nye frivillige. I går viste eg for eksempel ein haug med ferskingar korleis bruk av handjern fungerar. Haha! Superkjekt å stressteste nye ansikt.