Vestland, Vestland.

Plutseleg seig det grå håret rett inn i skallen og eg søkte opp «Vestland, Vestland – Sissel Kyrkjebø». Til mitt forsvar er det lite som er meir treffande når eg ser på bilda nedafor. Vi hadde ein kveld utan regn og nytta derfor høve til å nyte stillheita nede ved sjøen. Det vaka og vi såg nise og vi koste oss i massevis. Greit nok, vi skulle gjerne hatt litt sol, men akkurat i dag gjorde det faktisk ingenting. Det einaste vi mangla var ei fiskestang.


No har vi nettopp ete oss stappmette på mamma sin potetsalat. Til vanleg er kanskje potetsalat eit tilbehør, men denne vert som regel hovudrett – uansett kven som et. Treng eg beskrive dette? Nææh. Njyyyyt.

Advertisements

Ein kan feriere i Hyen òg.


Etter både utlandstur og festival var det tid for den årlege turen til hytta på Sandane. Vi har enno ikkje hatt sol, men det betyr ikkje at vi ikkje kan kose oss. På med regnklede og fram med fiskestang så har vi det ikkje så aller værst her heller. Vi fekk faktisk ikkje ein einaste fisk på denne turen, men gøy var det likevel. Etter fisketuren reiste vi tilbake til hytta og fyrte i peisen (i slutten av juli…) og spelte brettspel. Eg knuste alle i yatzy, men i monopol måtte eg berre gje tapt. Makan til uflaks. Hahaha, viss ikkje dette er vestlandsidyll, veit ikkje eg. Det vert vel fyste året vi ikkje har badekonkurranse frå brygga ved naustet. Mogleg den som tar motet til seg og hoppa ein gong vinn heile badekonkurransen. Vanlegvis må ein opp i eit tresifra beløp. Til kvelds vart det heimefiska kreps.

Malakoff Rockfestival

Frå og med i dag, til og med søndag er vi på festival. I år (som alle år) har eg sjølvsagt valgt Malakoff Rockfestival. Dette er nok den mest sjarmerande og kule festivalen ein kan gå på. Det går vandrehistorie om at det faktisk var ein person som vart henta av politiet i fjor, for å seie det på den måten. Og dèt med 12 000 besøkande per dag. Innbyggartalet i bygda blir tredobla for ei helg. Heilt fantastisk. Festivalen er plassert i heimbygda og er derfor ekstra spesiell for min del. Eg møter folk som eg ikkje har sett sidan sist festival samtidig som eg har nokre av mine beste venner på ein og same stad. Eg ❤ Eid. Eg gleder meg sjukt til Emilie Nicolas og veeldig mange av dei andre som skal spele. Herregud, no skulle eg liksom ramse opp, men eg klarer ikkje å velge. Ønsk meg lykke til!