Potet- og blomkålkaker med krydra cashewsaus

Når vi kjøper poteter gjer vi det i kilospakkar. Gjerne den der FirstPrice med 2kg i. Det seier seg sjølv at potetene som ligg igjen på botnen av pakken vert ganske mjuke og stakkarslege. Når dette skjer er det gjerne ikkje så fristande å bruke dei som garnityr. Det ein derimot kan gjere er å putte dei i karbonader, lefser og liknande. Kva kallar ein liksom ei kjøtkake utan kjøt? Grønkake? Eg finn ikkje eit godt ord. Det er så deilig å finne oppskrifter ein kan nytte seg av sjølv om råvarene kanskje ikkje er av aller høgaste kvalitet lenger. Desse kakene fungerar i alle fall like godt med både mjuk blomkål og mjuke poteter. Potetpannekakene eg lagar somme gongar er òg perfekte til slike restepoteter.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Potet- og blomkålkaker:
♦ 1 middels stor blomkål
♦ 3 mellomstore poteter
♦ 1 halv løk
♦ 1/4 ts muskat
♦ 2 fedd kvitlauk
♦ 10g ingefær
♦ 2 cm fersk chili
♦ 5 ss maizena
♦ 5 ss potetmjøl

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte til kakene:
1. Ha alle råvarer utanom mjølet i blender og køyr til ei jamn masse.
2. Bland i mjøl til du har ei deigliknande masse
3. Steik i olje eller smør til dei er bruna på begge sider.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg dreiv å las på ulike oppskrifter til liknande kaker rundt om kring, alle fortalte meg at eg skulle koke potetene fyst. Sidan eg syns det høyrtes litt rart ut så dreit eg i heile kokinga og hadde dei i rå. Eg synast at alle former for poteter er supergodt, men om eg skal peike på noko på desse kakene så må det vere at eg sakna blomkålsmaken litt. Neste gong tenker eg dermed å ha i litt mindre poteter i oppskrifta.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Cashewdip/saus
♦ 2 dl cashewnøtter (usalta og kokte)
♦ 2 dl vatn
♦ 1 cm chili
♦ 1 løk
♦ 3 fedd kvitlauk
♦ 1 ss olivenolje
♦ 1 ss næringsgjær
♦ 4 skiver soltørka tomat
♦ 2 ts sterk sennep
♦ 2 ts tomatpurè
♦ 1/2 dl soyafløyte
♦ 1 ts salt (maldon)
♦ 3 ts sitronsaft

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det var særs mykje billigare med knekte cashewnøtter enn heile. Eg kjøpte mine på Global Foods rett ved Bergen Storsenter. Dei har alt der! Trur eg hang der inne i ein time. Eg har heller aldri sett så billige cashewnøtter før.

Framgangsmåte cashewsaus/dip:
1. Kok cashewnøtter i 15 minutter. Nøttene vil verte mjukare, få ein rundare smak og ein nydeleg konsistens etter ein tur i foodprosessoren.
2. Bland alle ingrediensane i foodprosessoren og køyr.
3. La sausen småputre i nokre minutt på komfyren sånn at kryddera får tid til å godgjere seg i sausen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dette vert ein sjukt fyldig saus og kanskje litt vel tung for nokre. Den oppskrifta eg nytta som inspirasjon til min saus fungerte ikkje for meg i det heile. Eg måtte ha ein del syre i for at det ikkje skulle verte for mektig for smakslaukane. Denne sausen passar til det aller meste, men eg vil nok foretrekke å ete den saman med litt friskare ting enn potet- og blomkålkakene. Den er nok heilt sjukt god som dip til grønnsaker forresten! Det må eg prøve asap kjenner eg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dette er ein særs enkel rett som kan lagast på 20-30 minutt! Perfekt for ein travel mandag eller tysdag, kanskje? Eg skal i alle fall ha med meg desse kakene i lunsjboksen til jobb i dag.

Advertisements

Kikertpostei med raspa gulrot

Eg har laga vegansk pålegg. Dersom ein har stått i butikken og tenkt tanken på å kjøpe vegansk pålegg så kan det virke ganske håplaust. Fyste gongen eg prøvde meg på det endte eg opp med banan og jordbærsyltetøy. For kva kan ein eigentleg ete til frokost? Dagens svar er kikertpostei. Ein kan verkeleg bruke desse kikertene til alt. Oppskrifta eg brukte (med nokre unntak) fann eg her.

Mi oppskrift:
→ 1 boks kikerter
→ 1 ss solsikkefrø
→ 1 ss olivenolje
→ 1 ss dijonsennep
→ 3 ss majones (ikkje vegansk)
→ Sitronpepper, salt og pepper

Det er veldig små skilnadar mellom dei to ulike oppskriftene. Min postei vart veldig tørr når den var «ferdig», dessutan smakte den litt lite – dermed tilsatte eg majones og meir sennep. Sidan mottoet er at ein aldri skal følge oppskriftene slavisk så vert det litt sånn. Uansett, smaken vart ei blanding av italiensk salat og sennep om det gir meining. Kjempegodt! Eg har sikkert nemnd det ein milliard gongar, men dokke må nesten smake dokke fram i oppskriftene sjølve. Kanskje er mine spiseskeier større enn dine? Kanskje er eg meir glad i sennep enn du?

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg starta med å raspe gulrota. Det er kanskje den tingen med matlaging eg hatar mest – rasping av gulrøter. Hææregud, kor kjedeleg. Deretter moste eg kikertene med ein brei kniv og blanda alle ingrediensane saman i ein bolle. Til slutt vart posteien sjåande ut som på biletet under her. Eg endte opp med ein del meir enn vist, men eg var visst tom (?!) for reine glas å ha det på. Hei, oppvask.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Yumyum.

No er det å berre dra på seg lesebrillene igjen og fatte mot. Det er snart helg! Eller?

Min type salat

Eg tykkjer det er veldig fasinerande korleis ein kan dra fram dei matvarene ein er aller mest lei av, blande dei og lage tidenes matrett. Til frokost vart det berre hostesaft, men til lunsj fekk eg stappa i meg ein meget god salat. Gulrota på biletet vart forrett. Haha, var visst litt gira på den der lunsjen likevel.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein tomat (ikkje to, som på biletet) – ein halv paprika – ein neve mandlar og ein halv avokado

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ei runde i kjøleskapet held aldri når ein lagar mat. På runde to fann eg soltørka tomatar og oliven. Win!

Då eg hadde kutta opp alle ingrediensane slo det meg at eg mangla dressing. Då er det berre å dra fram tenkeboksen og ta runde nr. 3 i kjøleskapet.

Heimelaga dressing (1-2 dl)
→ 2 ss majones
→ 1 ss Dijon Sennep (e.l. sterk sennep)
→ 2 ss hakka sylteagurk
→ 1 ts sitronsaft
→ Vatn/melk/rismelk e.l. for å få ønska konsistens

Sidan majones ikkje er vegansk er ikkje dressingen det heller. Har lest at det er fullt mogleg å lage ein god vegansk majones, så kanskje dette er det neste eg skal lære meg. For denne dressingen var perfekt for mine smakslauka. For dokke som ikkje et vegansk så laga eg ein versjon av denne dressingen i sommar – då nytta eg ein del rømme. Den vart mildare på smak på alle måtar, men absolutt veldig god.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Wææ, eg åt opp alt! På veg til å bli friskare, kanskje? Ja!

Ps. Ein pose med mandlar på Rema1000 ligg så absolutt i studentprisklassa – og det kan brukast til så mykje! «Kjøttkaker», i salatar og som mjøl i ulike settingar er nokre få av bruksområda. Eit anna tips er at tomatar kostar ca. 35-40kr pr. kilo. Det høyrast kanskje mykje ut, men om ein samanliknar det med kjøttdeig så er det i dei aller fleste tilfeller billigare med ein kilo tomatar enn 400g kjøttdeig. Smiiil, du har gjort en god deal og sånn!