Kikert- og tomatwraps

No har eg og typen laga felles timeplan. Haha! Er det mogleg? I ein så hektisk kvardag er dette kanskje eit av dei betre tiltaka vi har gjort. Ein felles timeplan på nettet, liksom. Hallo, vaksenliv og seriøsitet. Pfft. Neida, vi er faktisk nøydde. Anten er vi på jobb eller så studerar vi, om vi då skal få tid til trening og ordentlege middagar så må det nesten planleggast i forkant. Det beste med det heile er at eg kan føre inn «vaske badet» på typen si side av timeplanen. Knis.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dagens middag er ei blanding av tomatar, kikerter, rødløk og oliven. I tillegg er det diverse krydder (kvitløk, chili, pesto osv.) blanda inn i smørja. Dette vart, som dokke ser, lagt ut over lefser. Deretter steikte vi det i ovnen på 100°C i 7-8 minutt. Heilt vegansk og supergodt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Målet før skuledagen byrjar i morgon er å trene. Eg er veldig spent på om det blir noko av. Veit ikkje om eg nokon gong har fått til å trene før klokka 09:00 om morningen. Kanskje vert det ein slags personleg rekord i morgon? Vi får sjå. Det vert i alle fall rekord i kveld. Eg seier god natt og klokka er 22:30. Jaja.

Advertisements

Grønnsaksgrateng

Ein kan lage gratengar i alle former. Grateng er ein stor favoritt her i heimen. Sidan det var typen som diska opp middag i dag vart det ost på toppen. Dette er så absolutt ikkje nødvendig på nokon måte. Den beste gratengen i mine auger er den ein fyller med akkurat dei grønnsakene ein vil ha og heller over ein type «deig-blanding». I dag brukte vi havrefløte og kveitemjøl. Dette tjuknar i ovnen og gir liksom det lille ekstra til gratengen. Det funkar akkurat like bra (om ikkje betre) med glutenfritt mjøl som kveitemjøl. Eg synes i alle fall det er enklare å lage sausar osv. med glutenfritt mjøl. Kanskje det har med erfaring å gjere.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I dagens grateng hadde vi: Blomkål, brokkoli, tomat, oliven, rødløk, makaroni, kidneybønner og soltørka tomat. I veska vi helte over gratengen var det havrefløte, kveitemjøl, cayennepepper, kvitløkspulver, salt og pesto. Eg åt sjølvsagt alt for mykje middag – som vanleg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det beste med alt er at denne retten er ein om lag garantert å lage for mykje av. Dermed har ein frokost eller kveldsmat til dagen etter. Perfekt i ein hektisk kvardag!

«Kos deg med salaten din, du.»

Er det noko eg gjer så er det vel det. Med ein gong ein fortel til nokon at ein ikkje et kjøt så får du ein eller anna «morsom» kommentar angåande salat. Eg veit ikkje, men heller denne skåla her med salat enn tre brødskiver med smør, ost og skinke, liksom.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kålhovud, steikte tomatar, steikt champignon, grønnkål, soltørka tomat, oliven, avokado, raudløk, mais, kikerter, pasta og valnøtter. Du veit dei dagane du står opp og føler du kan ete opp alt du har av mat? Eg har i alle fall ein sånn dag og då er det ikkje anna å gjere enn å omfavne den. Etter ei veke med mat på farta og lite måltid utanom middagar er dette akkurat det eg treng!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eit par wraps og ein har laga ein perfekt frokosttaco som er lett å ta med seg til for eksempel lunsj på skulen eller jobben. To fluger i ein smekk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

♥  ♥  ♥