Smoothietid

Kva er den beste måten å bli frisk på? Det må vere smoothies. Så mykje næring i eit glas får ein vel få andre stadar. Her ein dag strumpla eg over ein artikkel med eit utval smoothies. Desse såg usedvanleg fristande ut og dermed måtte eg sjølvsagt teste dei ut. No har vi testa to av dei og ein improvisert med inpirasjon frå ein av dei i artikkelen. Orginalane kan du finne her. Sjå vekk i frå at poenget i denne artikkelen er slanking. For min del var det dei næringsrike ingrediensane i smoothiane som solgte. Reduksjon i vekt er ikkje mitt fokus. Det kan eg vel sjeldan understreke nok.

Vi skulle i utgangspunktet teste ut ein kokosmelksmoothie med hasselnøtter og kakao. Sidan vi ikkje hadde hasselnøtter testa vi korleis det vart med mandlar i staden. Smaken vart heilt tipp topp, men mandlane er nok lit grovare enn hasselnøttene – sjølv etter ein lang tur i blendaren. Dermed er det nok betre med hasselnøtter, men for all del, den var veldig god med mandlar òg.

Dersom dokke trykker dokke inn på artikkelen eg har linka til kan eg nemne at eg har prøvd ein nesten identisk smoothie som den dei kallar: «Grønn smoothie med mynte og spinat». Denne vart laga ved ei tidlegare anledning, men eg kan absolutt anbefale den òg!

Oppskrift:
2 porsjonar
♥ 2 dl mandlar
♥ 100 gram isbitar
♥ 1 dl rismelk
♥ 3 dl lett kokosmelk
♥ 1 ts honning
♥ 1 ts kakaopulver
♥ 1 stk banan

I den orginale oppskrifta nytta dei vaniljesukker i tillegg, men dette var absolutt ikkje naudsynt. Litt usikker på effekta frå ei ts med honning når det likevel er nytta banan som søtning, så eg trur igrunn ein heilt fint kan droppe denne ingrediensen òg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kokosmelksmoothie med mandlar og kakao

Som sagt vart kokosmelksmoothien med hasselnøtter og kakao hakket betre enn den med mandlar. Smaken var igrunn ganske så lik, men det var konsistensen som gjorde at hasselnøtter vant likevel. Her er oppskrifta rimelig lik som den over.

Oppskrift:
2 porsjonar
♥ 2 dl hasselnøtter
♥ 2 dl rismelk
♥ 2 dl lett kokosmelk
♥ 1 ts honning
♥ 1 ts kakaopulver
♥ 1 stk banan

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kokosmelksmoothie med hasselnøtter og kakao

Av dei tre ulike vi har laga dei to siste dagane var det mangosmoothien med ingefær som stakk av med fysteplassen. Denne var heilt fantastisk god. Eit hint her er vel kanskje at du må like ingefær ganske så godt elles vil nok ikkje denne smothien vere noko for deg. Ingefærsmaken var sterk. For meg er det sjølvsagt heilt perfekt. Eg har hatt skikkelig vondt i halsen, men når eg drakk denne så berre røska den opp i alt grumset og fiksa heile opplegget. Altså, det er ikkje noko mirakeldrikk, eg er fortsatt sjuk, men her kan ein nesten bytte ut ibux med ein smoothie. I love it.

Oppskrift:
2 porsjonar
♥ 100 gram isbitar
♥ 1 stk mango
♥ 2 dl eplejuice
♥ 0,5 stk banan
♥ 30 gram ingefær
♥ Saft frå ein halv lime

Her har vi berre stjåle heile oppskrifta. Einaste skilnaden er at vi ikkje gidder å ha ei halv banan på kjøkkenbenken så vi heiv i ei heil banan i staden. Herregud, den ingefærsmaken kombinert med det søte og sure – eg kunne drokke litervis.

I dei orginale oppskriftene er det brukt kumelk i staden for rismelk. Eigentleg tvilar eg på at ein trenge å bruke verken kumelk eller rismelk og at det gjer særs lite forskjell om ein faktisk berre byttar ut melketypane med vatn eller meir kokosmelk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mangosmoothie med ingefær

Om du vil ha begge porsjonane for deg sjølv kan ein f.eks. lagre desse i kjøleskap i eit tomt og vaska syltetøyglas til kvelden eller til dagen etterpå. Smoothiar har generell lav holdbarhetstid så eg ville nok ikkje venta for lenge med å drikke dei opp, men det tvilar eg sterkt på at blir eit problem uansett 😀

Advertisements

Blomkålsuppe og blomkålvingar

No har styrketreninga begynt for fullt. Eg er så heldig å ha funne ei til som foretrekker tung styrketrening framfor kondisjon. Ingenting er betre enn å trene saman med nokon! Ikkje berre det, men typen har søren meg òg begynt å trene. Dette går berre ein veg. Kjempekjekt! Må seie at det er litt nedsig å ha hatt såpass stor treningspause som det eg har hatt no. Altså, 2 år. Veit ikkje om det kan kallast treningspause ein gong. Litt nedsig med så stor forskjell i kilo på stanga i forhold til før, men det positive er at det kjem tilbake.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For å rekke alt eg skal i dag måtte eg ta treninga rett etter skulen. Dette er dermed middagen frå i går – dagens middag er ikkje pønska ut ein gong. Eller, eg trur kanskje det vert lasagne. I går hadde vi i alle fall blomkålsuppe, steikte blomkålkvastar og makaroni»salat».

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Suppa er laga på den same gamle måten. Steik løk og kvitløk i olje. Damp/kok eit blomkålhovud og hiv dette i blenderen. Tilsett salt, vegansk fløte og vegansk melk etter ønske. Denne suppa vart kjempegod!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som dokke ser så er det ingen problem å lage kremete veganske supper. Mmm!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Makaroni»salat» med hermetisk paprika, soltørka tomat og oliven.

Blomkålkvastane steikte vi i ovnen. Dei er rulla i marinade av olje og litt ulike krydder – blandt anna cayennepepper, kvitløkspulver, løkpulver, paprikakrydder og grillkrydder. Litt usikker på om grillkrydderet er vegansk, men dei andre tre skal i alle fall vere det. Rundt om i vegansamfunnet så er vel dette meint som ei erstatning for kyllingvingar. Ja, det smakar sjølvsagt ikkje det same, men idèen er den same. Ein steiker blomkålen i ovnen til den er sprø. Nydeleg. Ååå, no er eg svolten.

Luksussalat og rotsuppe

I går var ein av dei skikkeleg dårlege dagane. Ein av dei der alt kjennast feil utan nokon særleg grunn. Då er ein luksuriøs middag akkurat det som trengs!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Heimelaga dressing (ikkje vegansk), makaroni, salat og suppe. Om vi koste oss! Eg er blitt heilt hekta på valnøtter i salat. Dersom du ikkje har prøvd det så har du inga tid å miste. Det er berre å hive seg på «trenden».

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Makaroni, kål, valnøtter, tomat, soltørka tomat, steikt sopp, steikte bønner, blomkål, brokkoli og oliven. Dèt kallar eg ein salat.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Suppa er laga av gulrot, kålrabi, havrefløte og rismelk. Den er krydra med kvitløk, paprikapulver og cayennepepper. Dette er kanskje den beste suppa vi (typen) har laga nokon gong.

Ca. oppskrift:
→ 500g kålrabi (ein halv)
→ 4 middels store gulrøter
→ 1 potet

Akkurat kor mykje væske ein vil ha må ein nesten velje sjølv. Kan seie at vi kanskje brukte ein halv liter veske til saman. Då ei blanding av havrefløte, rismelk og vatn.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Skulle liksom skrive ferdig den obligatoriske oppgåva mi i går, men eg måtte berre ta meg ei pause frå alt som heiter tenking. Vart sjølvsagt alt for mett (igjen).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som dokke kanskje har skjønt er dette middagen frå i går. Sånn vert det av og til. No held vi på å lage raspe/kompar/e.l. Det sjukaste er at eg trur vi får det til! Ja, det er fyste gongen. Bilete kjem i morgon.

4 x tilbehør = jysla god middag

«Kan det her bli til en god middag, då?» Tenkte ho mens ho stirra tomt inn i kjøleskapet. Søtpotet, potet, bønner og champignon? Høyrtes i alle fall ut som noko av det kjedeligaste ein kan lage i mine øyrer, men kvardagen sluttar aldri å imponere. Det kan vel det siste biletet vere eit bevis på.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I dag laga eg eigentleg berre ein middag av fire ulike typar «tilbehør»:
– Grønnsaksmos av gulrot, kålrabi, blomkål, brokkoli, søtpotet, vatn og salt
– Sopp og kidneybønner steikt i ovn i ca. 10 min på 200°
– Potet og søtpotet steikt i ovnen på 200° til begge deler var mørt (ca. 20 min)
– Saus

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kok/damp grønsakene og mos desse på den måten du vil. Eg brukte min trofaste blender.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Den store utfordringa, i alle fall for min del, er vegansk saus. Då nyttar vi favorittmottoet mitt: «Tjaah, kva har vi i skapet i dag då?» I dag vart det saus av rismelk og kikerter. Eg nytta om lag 50/50 av begge.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Rismelk og kikerter. Brukte ca. 1,5 dl rismelk og halvparten av kikert-boksen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For å lage saus tok eg kikertene og rismelka i ein beholder og brukte stavmikser til det var blitt ein saus.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Rismelk og kikerter? Booring – add spices. Etter at sausen var stavmiksa så kokte eg den opp med desse kryddera; Karri, curry og cayennepepper.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Plutseleg ser potetene eg starta med ut som ein luksusmiddag!

Eg har høyrt mange argument angåande at ein ikkje vil ete vegetariansk/vegansk. Eit av dei er «eg orkar ikkje å ete berre bønner». Eg skal vere einig i at det blir ganske mykje bønner og at det kan høyrast rimelig kjedelig ut, men alt som skal til er litt fantasi. Høyrast ut som om eg sit på den høge hesten min og ser ned på resten av folka, men eg skal seie at eg tenkte akkurat det same før. Kikerter og bønner kvar dag? Blææh. Så viser det seg at det faktisk ikkje er så ille likevel. Og ja, dagens middag smakte heilt fantastisk.

Søtpotet-«bacon» i blomkålsuppe

«Kan du begynde på middagen før eg kjem heim?» Og så har han pina det tatt bilde òg. Kjernekar. I dag vart det noko så enkelt som blomkålsuppe. Eg tenkte at blomkålsuppe har eg jo delt før og det kan bli litt vel mykje av det same, men denne er både glutenfri, vegansk og billig. Woho! Årsaka til enno ei blomkålsuppe på menyen er ikkje verre enn at blomkål var på salg på Kiwi i går (denne veka?). Så sånn vart det. Hallo, 10 kroner for eit hovud. Ca. 30 kroner for ein middag for to, dèt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Til å lage suppe: Ein blomkål, kvitløk og løk. Til å ha i suppa: Blomkål og søtpotet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sidan eg planlegg det meste så har eg som regel ein idè om korleis dagens middag skal vere før eg kjem heim. I dag var ingen unntak; det einaste eg hadde lyst på var blomkålsuppe med bacon. Sidan vi fortsatt ikkje skal ete kjøt mandag-fredag var dette eit problem. Kva kan eg då bruke, og kva har eg heime? Søtpotet. Greit nok. Det er ikkje det same som bacon, men overraskande nok så fungerte det rimeleg godt. Så; blomkålsuppe med steikte søtpotetbitar vart dagens prosjekt.

Søtpotet i staden for bacon? «Eeehhh, altså, det kan vi vel prøve….» Ikkje særleg begeistra før maten vart servert. Eg skal vere einig i at idèane mine ikkje alltid går så bra som ein kan håpe på, men heldigvis vart det særs godt til slutt! Dette kan eg verkeleg anbefale til absolutt alle.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg kutta søtpoteta i små bitar og steikte dei i olje. Lav varme i ca. 20 minutt. Jysla digg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Blomkål er sjølvsagt sunt om ein kokar det, men dampa held den på enno fleire av næringsstoffa sine.

Oppskrift til suppa:
– Ein blomkål
– Ei middels/stor potet
– Ein halv løk
– 2-3 fedd kvitløk
+ Det ein vil ha opp i suppa;
vi har ein blomkål og ei halv søtpotet (150-200g?)

Damp ingrediensane og mos dei i f.eks. ein blender eller rett i kaserollen med stavmikser og vips så har du fått blomkålsuppe.

Når du kokar eller dampar grønsakene så står du igjen med ein del vatn i kaserolla. Dette er det lurt å spare til du er ferdig å lage suppa. Vatnet kan sjølvsagt nyttast i suppa og dermed utnyttar ein alle næringsstoff som kanskje skulle befinne seg i vatnet. I tillegg til vatn brukte eg kanskje 1dl rismelk. Litt for å få ein kvitare farge på suppa og litt fordi det smakar godt. Poteta er berre for konsistensen si skyld sida eg ikkje brukar smør eller fløyte – altså ikkje ein nødvendig ingrediens, men ein vannvittig god ein 😀

Altså: Ikkje kast vatnet du har etter damping. Visste du forresten at stilken på blomkålen heilt fint kan brukast på same måte som blomkålkvastane? Ikkje kast den heller! Viss du vil gå enno meir oldschool så kan du òg koke blomkålblada og bruke vatnet frå desse som buljong i suppa – funkar heilt konge! #Bestatriks

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Hallo, liksom. Dette skal eg lage fleire gongar.

Det vert kanskje litt mykje av dei same ingrediensane opp igjen nokre gongar, men litt av det eg vil vise på denne sida er kor enkelt det er å finne billig og sunn mat på f.eks. Kiwi. Ein treng ikkje gå på helsekostbutikken for å få fine resultat på blodprøvene sine.

Min type salat

Eg tykkjer det er veldig fasinerande korleis ein kan dra fram dei matvarene ein er aller mest lei av, blande dei og lage tidenes matrett. Til frokost vart det berre hostesaft, men til lunsj fekk eg stappa i meg ein meget god salat. Gulrota på biletet vart forrett. Haha, var visst litt gira på den der lunsjen likevel.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein tomat (ikkje to, som på biletet) – ein halv paprika – ein neve mandlar og ein halv avokado

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ei runde i kjøleskapet held aldri når ein lagar mat. På runde to fann eg soltørka tomatar og oliven. Win!

Då eg hadde kutta opp alle ingrediensane slo det meg at eg mangla dressing. Då er det berre å dra fram tenkeboksen og ta runde nr. 3 i kjøleskapet.

Heimelaga dressing (1-2 dl)
→ 2 ss majones
→ 1 ss Dijon Sennep (e.l. sterk sennep)
→ 2 ss hakka sylteagurk
→ 1 ts sitronsaft
→ Vatn/melk/rismelk e.l. for å få ønska konsistens

Sidan majones ikkje er vegansk er ikkje dressingen det heller. Har lest at det er fullt mogleg å lage ein god vegansk majones, så kanskje dette er det neste eg skal lære meg. For denne dressingen var perfekt for mine smakslauka. For dokke som ikkje et vegansk så laga eg ein versjon av denne dressingen i sommar – då nytta eg ein del rømme. Den vart mildare på smak på alle måtar, men absolutt veldig god.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Wææ, eg åt opp alt! På veg til å bli friskare, kanskje? Ja!

Ps. Ein pose med mandlar på Rema1000 ligg så absolutt i studentprisklassa – og det kan brukast til så mykje! «Kjøttkaker», i salatar og som mjøl i ulike settingar er nokre få av bruksområda. Eit anna tips er at tomatar kostar ca. 35-40kr pr. kilo. Det høyrast kanskje mykje ut, men om ein samanliknar det med kjøttdeig så er det i dei aller fleste tilfeller billigare med ein kilo tomatar enn 400g kjøttdeig. Smiiil, du har gjort en god deal og sånn!

It’s breakfast time

Som eg har sagt tidlegare så et eg for det meste vegansk, men av og til skeiar eg ut. Eg forsøker å berre et kjøtt når eg er på besøk med andre. Hittil har det gått ganske fint må eg seie, og eg kan tørre å påstå at eg har kutta ned kjøttforbruket mitt med ca. 95%. Sjølv om eg gjerne skulle kutta ut dei siste 5% òg, synes eg at eg har klart det. No gjenstår berre øving og variasjon i rettane mine så trur eg at dette skal kunne bli ei vane eg tar med meg i mange år framover! 😀

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det er klart for dag 3 av 4 med fadderveke – for denne veka. Herregud, så utruleg sliten det går an å bli. Det er noko heilt anna å oppholde seg i byen når dette står på. Heile Bergen kokar og det er heilt fantastisk gøy. Einaste minuset er at uteplassane er stappfulle. Dagens vors begynte vel for 20 minutt sidan, men eg kjenner at eg drikk kaffe i nokre minutt til før eg i det heile tatt orkar å gjere meg klar.

Tips! Oboy i rismelk smaker heilt fantastisk godt og er i alle fall min kur dagen etter.