Vegansk, spicy tomat-gryte

Denne middagen kan sjå ut som noko ris med noko tomatgreier, men fy så godt! Trudde det ikkje sjølv før eg smakte på det. Denne gongen stjal vi heile oppskrifta her.

Oppskrift:
〉 150 g kikerter
〉 3 dl kokt ris
〉 1 dl cashewnøtter
〉 6 dl vegansk buljong
〉 ½-1 dl tomatpurè
〉 1 paprika
〉 1 boks ananas
〉 Karri og Hot Curry
〉 Salt

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi kokte ris i ei gryte og buljong i ei anna. Buljongen laga vi av 6 dl vatn og ein (vegansk) buljongterning. Då buljongterningen hadde løyst seg opp putta vi alle ingrediensane i gryta og kokte opp dette. Risen vart tilsatt i gryta heilt til slutt. Soppen vart sjølvsagt steikt i panne for seg sjølv. Lav varme og litt olje så smakar soppen heilt himmelsk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som vanleg kan ein bruke akkurat den variasjonen av ingrediensane som ein vil. Det einaste rare vi gjorde med denne oppskrifta var at vi testa ut hermetisk paprika (ja, det var salg på Meny) og det var sjukt godt! Om dokke har gått forbi og tenkt tenken så vil eg verkeleg anbefale den hermetiske paprikaen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dette er kanskje den fyste verkeleg tunge veganske middagen vi har laga. Misforstå meg rett, ein vert alltid mett av våre måltid, men denne var liksom tung. Så om du skal ut å springe 4-5 maraton så er ikkje dette maten ein skal ete to minutt før. Jättegodt i alla fall.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg var på vinkveld med nokre nydelege folk i går. Om eg koste meg! Vi åt pai, marsipan og kyllingbollar. Ikkje særleg vegansk, eg veit. Eller marsipanen var både vegansk, glutenfri og sukkerfri, så det er då noko. Rett før vi avslutta så kom typen og diska opp med piña coladas til heile gjengen!

Advertisements

Koldtbord for to

Etter den inspirasjonen frå tidlegare hadde eg sjølvsagt lyst til å ha alt til middag. Sidan dette sjølvsagt er totalt umogleg testa eg ut nokre av alternativa. Eg steikte potetsticks, gulrot, champignon, rosenkål og tomat i ovnen. Kokte ris. Skar opp kålhovud og putta på litt grønnkål på tallerken. Det vart vel eigentleg meir avslapping enn matlaging når eg gjorde det på den måten.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sopp og rosenkål har mykje kortare steiketid enn resten og må derfor puttast i ovnen på slutten. 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som dipp til potetsticksa fekk eg lyst på chiliketchup. Chiliketchup kjøpt i butikk er vel og bra det, men det beste er sjølvsagt å lage det sjølv. Om ikkje det er sunnare så er det i alle fall billigare å lage sjølv. Korleis gjer ein dette då? Jo, ein blandar ketchup og chili. Kjempegodt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Når vi et middag får vi sett på våre etterlengta minutt med Netflix. I ein travel kvardag er det faktisk heilt gull å berre kunne slå på netflix, ete og ikkje seie eit ord. Den nyaste favoritten er Wallander. Haha, veit at serien ikkje er ny akkurat, men eg har berre nyleg byrja på nordiske seriar. Eg trur eg likar alle. Det er noko med stilen i serien som kjennast eigenarta for norden. Litt mystisk og litt meir ekte. Perfekt.

Dama til

I dag er det faktisk typen som har diska opp middag! Bortskjemt som py veit du. Neida, joda. Flinkis. Eg fekk dratt meg sjølv på obligatorisk framvisning på skulen i dag (bestått!!), men så var det berre å legge seg i sofaen då eg kom heim. For å gjere ting betre skulle visst ryggen min låse seg òg. Derfor har eg no kjøpslått med høgare makter: Om eg no vert frisk raskt ser eg meg berre nøydd til å bli flinkare på aktivitetsfronten. Eg har tross alt lagt inn ein lovnad. Joda, må innrømme at treningskort har stått på studentkjøpelista sidan eg byrja.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

søtpotetmos – stekte tomatar – stekt løk – dampa grønsaker – ris – saus av kokosmelk

Sidan eg ikkje har fått i meg noko særleg med mat dei siste dagane har det vore skikkeleg labert på matfronten. Dette her er vel kanskje det måltidet vi lagar kvar gong vi ikkje har fantasi eller ork til noko anna. Ikkje vert eg lei av det heller. Supergodt!

God bedring! Takk ❤

Grønnsaker i tomatsaus

I dag er ein av dei dagane eg kika tomt inn i kjøleskapet og kan slå fast at det står ting der, men ingenting av det er «mat». Inspirasjonen for matlaging var lik null. Då er det berre ein ting å gjere: Gje opp. Eg la meg rett og slett ned i senga med telefonen i nokre minutt. Sosiale media gjer susen for det meste. Massevis av folk på ulike sosiale medier hadde allerede både laga og ete middagen sin. 5 minutt i liggestilling så var planen klar. Vi tar det vi har. Eg får heller gjere noko kjekkare i morgon.

Når eg lager saus av hakka tomatar brukar eg berre ein stavmiksar i boksen og heller det i steikepanna. Dermed slepp eg dei store tomatbitane og får ein meir jamn saus. Det viser seg at «å berre ta det vi har» kan bli ein særs god middag likevel.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
• 1 boks hakka tomatar • 1 halv løk • gulrot • brokkoli • søtpotet • ingefær • chili • kvitløk •
 OLYMPUS DIGITAL CAMERA

• søtpotet • kokosolje •

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Neste gong eg skal lage denne retten vil eg nok bruke litt fleire typer krydder og litt meir av det eg brukte i dag.

Middag for fem

Då var det tilbake til kvardagen etter ein månad med fri. Det har vore så godt at dokke har ikkje peiling. Dermed har vi òg kvardagens fyste veganske rett. Denne har vi i bunn og grunn laga eit par gongar allerede. Slår aldri feil. Billig er det òg. Eg lagar alltid alt for mykje, men fryser til gjengjeld ned restane. Grønsakene blir litt meir vasne dersom du har kokt, frose og deretter tina dei, men ingenting reparerer dette som litt stekt ris.

Har enno ikkje fått til denne retten heilt som eg vil. Med tanke på at det er ein del kokosmelk i den skal det mykje krydder til før maten blir sterk. Det har seg sånn at vi hadde ein kinesisk kar (couchsurfer) på besøk i juni som lagde noko liknande til oss, men då holdt tunga på å dette ut. Skulle gjerne fått til ein mellomting, men så kan eg ingenting om kinesiske ingrediensar og dei norske er visst litt for lite sterke. Blablabla, endeleg ein god vegansk rett på bordet igjen!