To generasjonar på Vidd’n

Eg har fått mamma på besøk og då måtte vi sjølvsagt gå Vidd’n. Ho har vel både vore på Fløyen og Ulriken før, men ikkje Vidd’n. Positiv som ein er så tenker at det er null stress. Som sist så var det ein kjempelang og kjempeslitsom tur. Med banan, nøtter og gulrøtter i sekken så gjekk det likevel fint.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ser ut som om vi har gått midt på natta, men det er noko med det der kontrastgreiene i bileter.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

(Nesten) heile familien på tur.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bergen, du er så fin!

No ligg ho mor og søv på skuldra mi og eg er ca. akkurat like sliten. Vi har vore på Colonialen og ete middag. Trur eg aldri har bestilt ein 3-retters før. Kongekrabbe, ein heil ørret og is med bær til dessert. Dei serverte ein heil fisk. Tenkte at den var sikkert ikkje så stor, men det var den sjølvsagt. Vi koste oss i massevis, men måtte fint finne ein litt stillare plass etter kvart. Haha, det kom ein heil venninnegjeng som tydelegvis hadde det infernalsk kjekt. «Ææææææ! hæhæhææææ!!» Dokke skjønar teikninga. Så vi endte på Roll and Rock (for nokon milkshakar) før vi berre måtte ta kvelden. Klokka 22 på ein laurdag.

Advertisements

Idylliske St. Jeanett

Det er mogleg eg aldri har hatt det så fint før. St. Jeanett er noko av det finaste eg har sett. Det er gamle bygningar i trange gater. Vi fant drueplantar opp etter veggar og dei hadde planta alle moglege urter over alt. Det beste med dagen var å ete middag og samtidig sjå utover Middelhavet. Knip meg i armen, liksom.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Maten smakte akkurat like godt som den ser ut til å gjere.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA