Grønnsaksgrateng

Ein kan lage gratengar i alle former. Grateng er ein stor favoritt her i heimen. Sidan det var typen som diska opp middag i dag vart det ost på toppen. Dette er så absolutt ikkje nødvendig på nokon måte. Den beste gratengen i mine auger er den ein fyller med akkurat dei grønnsakene ein vil ha og heller over ein type «deig-blanding». I dag brukte vi havrefløte og kveitemjøl. Dette tjuknar i ovnen og gir liksom det lille ekstra til gratengen. Det funkar akkurat like bra (om ikkje betre) med glutenfritt mjøl som kveitemjøl. Eg synes i alle fall det er enklare å lage sausar osv. med glutenfritt mjøl. Kanskje det har med erfaring å gjere.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I dagens grateng hadde vi: Blomkål, brokkoli, tomat, oliven, rødløk, makaroni, kidneybønner og soltørka tomat. I veska vi helte over gratengen var det havrefløte, kveitemjøl, cayennepepper, kvitløkspulver, salt og pesto. Eg åt sjølvsagt alt for mykje middag – som vanleg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det beste med alt er at denne retten er ein om lag garantert å lage for mykje av. Dermed har ein frokost eller kveldsmat til dagen etter. Perfekt i ein hektisk kvardag!

Advertisements

Lillelaurdag og tacopizza

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I helga skeia vi ut med både ost og skinke og hadde utruleg nok litt til overs. Sida begge deler var opna, måtte det nesten brukast i dag. Då vart det minipizza med skinke og ost. Haha, cheatday!!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eit par tacolefse, litt tacosaus, kidneybønner, mais, oliven, skinke og ost. Vi trøstar oss med at frokosten var vegansk. Neida, no er tross alt poenget med prosjektet mitt å ete nesten vegansk. Synes det går bra, eg! Vi kjem nok til å lage dette fleire gongar, men då ein vegansk variant. Bytte ut osten med tomatar og skinka med anna tilbehør så blir det nok vel så bra. Kjenner at det faktisk er blitt litt kvalmande med ost. Kven skulle tru at eg skulle syns det, liksom. Før åt vi ein kilo ost i veka! Nei, bra vi endra på det, ja.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kreolsk krydder på toppen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Snart har eg kutta ut ost òg. Snart. Dette er, om ikkje anna, ein sunn, rimeleg og god studentmiddag! 😀

Dama til

I dag er det faktisk typen som har diska opp middag! Bortskjemt som py veit du. Neida, joda. Flinkis. Eg fekk dratt meg sjølv på obligatorisk framvisning på skulen i dag (bestått!!), men så var det berre å legge seg i sofaen då eg kom heim. For å gjere ting betre skulle visst ryggen min låse seg òg. Derfor har eg no kjøpslått med høgare makter: Om eg no vert frisk raskt ser eg meg berre nøydd til å bli flinkare på aktivitetsfronten. Eg har tross alt lagt inn ein lovnad. Joda, må innrømme at treningskort har stått på studentkjøpelista sidan eg byrja.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

søtpotetmos – stekte tomatar – stekt løk – dampa grønsaker – ris – saus av kokosmelk

Sidan eg ikkje har fått i meg noko særleg med mat dei siste dagane har det vore skikkeleg labert på matfronten. Dette her er vel kanskje det måltidet vi lagar kvar gong vi ikkje har fantasi eller ork til noko anna. Ikkje vert eg lei av det heller. Supergodt!

God bedring! Takk ❤