Pusse opp? Ikkje ring meg.

Herregud, hadde eg visst akkurat kor mykje arbeid det var hadde eg kanskje vore meir forsiktig med å seie «onkel, vi skal ikkje male kjøkkenet ditt, då?» Kjempeidè! Joda, eg skal ikkje klage for mykje, eg har tross alt lova å gjere det. Eit gamalt furukjøkken har fått nytt liv – for å seie det mildt. Det vil igrunn seie at kjøkkenet har slukt all mi tid den siste veka, men fytti katta for eit resultat.

Etter vasking, pussing og maling var eg småleg nøgd med resultatet. Det mest frustrerande med maling er å vente på at den tørkar. Altså, massevis av energi og sånn, men så er andre strøket tatt og du må vente i 8 timar på at det kan malast igjen. Greit, så er ikkje eg heilt ferdig då. Listene må malast og golvet skal skiftast, men elles? Supernøgd.

Jepp, vert lenge til neste gong eg tar på meg ansvaret for å male eit heilt kjøkken (skal seiast at eg fekk litt hjelp av tre kjekke karar). Vart sjukt med klaging synes eg. Hallo, eg kan trossalt sette eit check-merke på bucketlista. Eg har pussa opp eit kjøkken!

Pusse, pusse, puss.

Sidan det er sommar er eg til dei grader rastlaus. Prosjektet denne veka er dermed å male kjøkkenet til onkelen min. Eg plukka ut maling for ca. tre år sida så det er eigentleg på tide at eg får det gjort. Vi har diskutert litt kva farge det var vi kjøpte og vi syns å huske at det muligens var grått. Vi får no sjå. Det vert i alle fall ein anna farge enn trebrunt. Vi har ikkje kome lenger enn at vi har pussa nokre av skapdørene enno, men tippa det er ferdig i løpet av tre-fire dagar. Spennande.