Te av svigermor sine urter

Formen her i heimen er fortsatt litt på skeiva, dermed vart det heimelesing i dag. Eller, vi brukte vel den fyste halvparten av dagen til å ligge i senga og synast synd på oss sjølve. Må til det òg inn i mellom. No, derimot, har lesehestane vore på plass ei stund og vi har tilbakelagt ein heil haug av sider.

Etter nokre dagar på Osterøy vert vi heilt vekkskjemde. Vi fekk med oss kantarellar, blåbær, saft, fisk og urter i fleng – alt er sjølvsagt heimelaga og skaffa sjølv! Skal det vere så skal det vere, liksom. Det einaste vi manglar er meir skapplass. Haha!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tørka mjødurt, sitronmelisse, peppermynte og verbena.

Den fyste av desse urtene vi testar ut vart sitronmelisse. Eit kjapt søk på urta viser til at den kan brukast på mange ulike måtar – i dag er det hovudsakleg som smakstilsetting i mat. SNL kan fortelje meg at sitronmelisse blandt anna er godt for hjartet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Peppermynte fremst og verbena i bakgrunnen.

Mjødurta har eg allereie fortalt ein del om, men om det fortsatt trengs ei reprise så finn du den her – der finn du òg framgangsmåten ein brukar når ein skal tørke urter. Verbena er ei urt i jernurtfamilien og skal for eksempel vere godt for trøttheit (SNL). Verbena skal derfor vere perfekt å drikke før ein skal legge seg. Peppermynte skal for eksempel hjelpe under ein forkjølelse og mot massevis av andre kroppslege plager (SNL). Sprøyt og gamle myter, tenker ein kanskje, men om ein tenker seg om litt til så finn ein stoffa i ulike urter i moderne medisinar. Skilnaden er gjerne at ein finn dei i meir konsentrerte former enn det ein finn i ei tørka urt. Så, det er kanskje ikkje så dumt likevel? Uansett så er det hakket betre å drikke ein kopp med Mjødurt som inneheld C-vitamin enn å ta tilskudd. Kvifor? Mjødurt inneheld stoff kroppen treng for å ta opp C-vitamin òg! Kjempelurt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sitronmelisse.

Attåt lesing på kveldstid er det nærast sagt obligatorisk med i alle fall ein kopp med te. Tipper det blir i alle fall tre til. Det er alt for spennande med heimelaga te! Hittil kan eg i alle fall godkjenne smaken på både mjødurt og sitronmelisse.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Te av sitronmelisse – den vart litt mørkare i fargen etter nokre minutt.

Om dokke vil lese meir om urter kan eg verkeleg anbefale denne sida.

Advertisements

Ferdigtørka mjødurt

Huskar dokke den urta vi plukka og tørka for nokre veker sida? Om ikkje så finn du innlegget om det her. I alle fall, den har blitt ferdigtørka sida sist eg var på Osterøy og putta på krukker. Tenk så gøy! Skal ikkje eksludere svigermor heilt frå den skryten her, men dette har eg fått til (nesten) heilt sjølv! Kult. Som eg sa i forrige innlegg så kan den heilt fint drikkast frisk og nyplukka, det smaker heilt fantastisk, men så er det kanskje litt i travlaste laget å drive å plukke mjødurt kvar einaste dag. Sånn som den er på krukkene så er det berre å ta eit par kvastar i te-koppen og nyte.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

No har eg laga te av mjødurt, konservert sjølvplukka kantarellar og fått ei lita innføring i korleis ein lagar saft sjølv. Kor skal dette ende, liksom? Haha, fy flate for ei husmor det blir av meg, då. Det verste er at eg synes det er ganske så kjekt.

Ein kan lage te heilt sjølv!

Svigermor spøker ofte med at dersom ho hadde levd for 3-400 år sidan så hadde ho blitt offer for den norske heksejakta. Ho veit alt som er å vite om urter og kva ein kan nytte dei til. Ho lagar blant anna te, krem, lypsyl og olje av urtene ho har i hagen og dei ho plukkar rundt om kring. I går fekk eg vere med på ein sånn tur. Eg er heilt overraska over kva dei heilt vanlege norske plantane kan brukast til. Dersom ein tar Mjødurt (som vi plukka i går) og tørker denne, så blir det for eksempel te. Ein kan forsåvidt lage te av frisk mjødurt òg, men då må den kanskje plukkast kvar dag. Det ein lagar te av er blomsterknoppane og dei nye blomstrane. Eg forsøkte meg på ein kopp te av frisk Mjødurt i går kveld og det smakte fantastisk.

Meir informasjon om urten kan du finne her. Før i tida vart den gjerne brukt som smertestillande middel eller som smakstilsetning i mjød. Elles er te og saft hovudbruksområda. Den inneheld òg C-vitamin! Kjenner eg må ta fleire slike ekspedisjonar. Eg lærte utruleg mykje på berre nokre få timar. Litt seinare på hausten blir det kanskje plukking av kantarell, nøtter og andre urter!


Nettsida til Gunvor (kunstnaren) kan du finne her. Det er verkeleg verdt eit par minutt av alle si tid. Aftenposten sin artikkel på Richard Devereux si utstilling på Osterøy kan du finne her.

No er vi tilbake i Bergen og eg skal ta meg ein etterlengta tur til frisøren. Vert endeleg kvitt det gul/kvit/grå håret mitt. Fann ut at det er best å bli kvitt (nesten) alle frisørutgifter før eg tar til som student. Ønsk meg lykke til!