Mine beste knekkebrød

Eg har laga knekkebrød lenge. Enkelt og greit fordi holdbarheita er lang og det smakar kjempegodt til frokost. Derimot har eg aldri laga knekkebrød som eg er heilt og holdent fornøgd med – før no. Dette er faktisk dei beste knekkebrøda eg har laga nokon gong! Haha, sjølvskryt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift:
→ 3 dl linfrø
→ 3 dl solsikkefrø
→ 3 dl sesamfrø
→ 3 dl havregryn
→ 3 dl mandelmjøl
→ 1 dl kokosmjøl
→ 3 ss kikertmjøl
→ 2 ts johannesbrødkjernemjøl
→ 9 dl vatn

Ikkje berre smakte det nydeleg, men denne oppskrifta skal eg klare å huske. 3 x alt utanom kokosmjøl, vatn og JBKM. For sånne nørds som meg er denne oppskrifta særs morosam.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte
→ Bland alt det tørre
→ Ha i litt og litt vatn. Husk at mine mål kan vere annleis enn dine og at mjølet mitt kan vere fuktigare/tørrare enn ditt. Vatnet må ein altså prøve seg litt fram med. Eg liker å ha ei ganske våt deig og heller tørke den ekstra lenge i ovnen på lav varme.
→ Smør deiga ut over to steikebrett. Mine var ganske tjukke då eg smørte dei utover. Husk at det forsvinn mykje vatn i ovnen!
→ Tørk deiga på 100-150°C på varmluft. For dokke som huskar tørking av kantarellane så er dette same metoden. Eg la ein klut mellom ovnsdøra og ovnen sånn at tørkeprosessen går lettare.
→ Knekkebrøda er ferdig tørka når dei ser ferdige ut – værre er det faktisk ikkje. Mine brukte ca. ein og ein halv time.

Dersom det skulle vere sånn at det nederste brettet i ovnen ikkje ser ferdig ut når det øvste gjer det (supervanleg) så steiker ein berre det nederste nokre ekstra minutt på slutten (doh).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Etter jobb i går laga eg meg rørte jordbær og hadde på toppen. Eg kunne ete meg i hel på heilegreia. Det er noko med blandinga av kokos, mandlar og frø i desse knekkebrøda som berre får meg til å dåne. Og knekkebrødskeptikaren sjølv (typen) har til og med godkjent dei! Yey, endeleg!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dersom ein vil ha meir eksotiske knekkebrød kan ein for eksempel putte i urter, salt eller kva som helst anna krydder. Eg elskar for eksempel knekkebrød med tørka urter og salt i. Kvifor skal ein berre kunne gjere sånne morosame ting med brød, liksom? Beats me.

Advertisements

Redd regnskogen utan å gå ut døra

Eg var rett og slett ikkje sikker på om eg ville skrive om det politiske rundt regnskogen akkurat no når vi har hatt ein heil tv-aksjon om nettopp dette temaet. Kanskje det likevel er nettopp derfor eg føler at det trengs. Då eg fekk ein med bøsse på døra så stappa sjølvsagt eg og typen på 200kr sjølv om vi er studentar, men det eg verkeleg hadde lyst å spørre om var: «Et du kjøt?» Eg kan ikkje kalle meg veganer heilt enno, men det er verkeleg mitt mål. I nær framtid vil eg ete vegansk alle dagar og heile året – utanom julafta/nyttårsafta. Som for alle andre er dette ei heilt spesiell høgtid for min del. Eg treng ikkje mykje for å få den såkalla julekjensla, men pinnekjøtet er eit behov. Greit nok eit overfladisk og unødvendig behov, men sånn har eg i alle fall tenkt å gjere det. Ein kan kanskje kalle det for dobbeltmoral, men det vil vere ca. to gongar i året, og det tenker eg er greit. Eg har begynt med å lage pålegg sjølv, eg har blitt flink i mange ulike veganske middagar, eg lagar sausar, eg lagar knekkebrød og ellers prøvar eg så godt eg kan. Det får vere bra nok for no, så får eg heller håpe på at eg skiftar meining rundt jule-temaet òg.

Likevel, hovudårsakane til at regnskogen forsvinn er mat, dyrefôr, tømmer, papir, drivstoff og mineral [1]. I ulike landområder er det ulike problem og vi i lille Noreg slit kanskje litt med å relatere oss til dette: «Vi et jo berre kjøt frå Noreg.» «Det er så langt vekke.» «Vi er så få.» Dokke skjønar teikninga. Eg vil gjerne skrive litt om kva vi kan gjere gjennom å endre på matvanene våre. Det er vanskeleg å lære ein gamal hund nye vaner, og så vidare, men det er livsnødvendig for planeten vår. Vi kan drive så mykje økologiske opplegg og lokale småbruk som vi berre vil, men vi må sjå internasjonalt for å verkeleg gjere ei endring. «Ja, men eg er berre ein person…» Så flott! Av og til er ein person alt som trengs for å dra i gang flokken.

Det openbare er at vi må slutte med bruken av palmeolje. Det er ei billig vegetabilsk olje som fører til massiv øydelegging av regnskog [2]. Pft, det et eg ikkje. Med mindre du allerede er veldig observant på kva produkta dine inneheld kan eg vere ganske så skråsikker og seie at: «Jo, det gjer du.» Det finnast i sjokolade, potetgull, ferdigprodukt, junk-food – du finn det over alt.

Det neste er soya. «Seier du som et massevis av soyaprodukt!» Ja, det gjer eg, men dei produkta eg kjøper kjem frå produsenten Alpro som ikkje bruker soya frå regnskog, men frå Europa og Canada [3]. Grunnen til at soya er eit vannvittig problem for nettopp deg er at bønder nyttar dyrefôr med soya både til dyr og fisk. Oi. Nettopp dette er ei av dei viktigaste årsakane til at eg ikkje vil ete kjøt eller fisk lenger. Ein kan sikkert finne bønder som ikkje brukar dyrefôr med soya, men då må ein verkeleg gjere researchen sin.

Det er mange måtar ein kan gjere ein forskjell:
→ Slutt med flaskevatn
→ Lag fleire ting sjølv
→ Bruk mindre emballasje
→ Et vegansk/vegetariansk
→ La vere å ete kjøt som ikkje kjem frå Noreg
→ Bry deg meir om kva produsentar ein kjøper produkt frå

Det er faktisk vi som forbrukarar som sit på makta. Det er vi som avgjer kva butikkane skal kjøpe inn og kor mykje. Det er vi som avgjer kvar og korleis ting skal produserast. Det er verkeleg ikkje vanskeleg å legge om livsstilen sin, det er du som vel kor vanskeleg det skal vere og det er du som avgjer farta på endringa. Eg er ikkje fullverdig veganer og det kjem eg kanskje aldri til å bli, men det er heldigvis ikkje ein svart/kvit verden. Ein vel i kva retning ein vil gå, kor fort og kva tid. Gjer ei lita endring i dag og ei anna i morgon. Etter nokre månedar har du plutseleg heilt nye vaner og ei mykje betre samvittighet.

*Kjeldene eg har brukt finn du i klammer i teksten og under bileta. 

Kan det kallast taco?

Vi skulle eigentleg på butikken for å handle, men så kom vi på at i morgon då er det trippel-trumf. Det er vel ikkje noko som er betre enn sånne tilbod som student. Dermed vart handlinga utsatt til i morgon og vi heiv i hop ein merkeleg rett av det vi hadde i skapet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg stod med ein liten del brokkoli i handa og ønskte meg guacamole. Tenkte at det var vel berre å prøve. Eg dampa brokkolien, hadde i nokre spiseskeier havrefløte og eit fedd kvitløk og miksa med stavmikser. Heilt genialt spør du meg. Kva skal ein kalle sånnt då? Brokkoli-guacamole?

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sennepsdressingen laga eg av:
→ 3 ss majones
→ 2 ts dijonsennep
→ 3 skiver sylteagurk

Dette er nok min favorittdressing. Den er sterk, spekka med smak og akkurat så syrleg som eg likar dressingar.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ingrediensane vart altså:
→ Lefse
→ Brokkoli-guacamole
→ Sennepsdressing
→ Rista kikerter
→ Steikt løk
→ Steikt champignon
→ Hovudkål
→ Mais
→ Soltørka tomat

Hahaha, for ein rett. Jaja, godt vart det i alle fall.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Samtidig som eg steikte kikertene her så laga eg knekkebrød og kikertpostei. Veldig spent på knekkebrøda, for eg har aldri laga dei akkurat sånn som dette før. Så lenge dei heng saman er eg nøgd, men det var det då!

Middelhavsmat

Vi har ete så vannvittig mykje god mat på denne turen. Smaksløkane mine vassa konstant. Vi har valgt å ete kjøt når vi er på ferie. Litt på grunn av at vi ikkje er så flinke med å vere kreative enno og litt på grunn av at det er ferie. Tanken bak å ete meir vegetarisk/vegansk er ikkje å gjere det alltid og kvar dag, men å kutte ned på forbruket av animalske produkt. Vanlegvis er det sjeldan vi går på restaurant, så dermed har vi valgt at vi har «lov» til å skeie ut då. Vi har også bestemt oss for at i helger (då spesielt tiltenkt laurdag eller ein anna valgt dag, ikkje torsdag til og med søndag) kan vere tider der vi skeiar ut. Dersom ein ikkje et kjøt anna enn for eksempel laurdag har ein faktisk kutta ned forbruket med nesten 90%. Dermed sparer vi litt på miljøet, helsa og ikkje minst samvittigheita! Kjempeidè! Gjenstår berre å sjå korleis vi klarer oss 😀 Nok om det!


Noko av maten vi laga «heime»:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Epler, eplejus og avokado med salt og pepper.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Når ein er rett i nærleiken av middelhavet er heimelaga pizza ei sjølvfølge. Denne er toppa med tomat, oliven, mozarella, ost, løk, purreløk, chili, sopp og sikkert fleire ting som eg ikkje huskar no.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kveldsmat ein sommarkveld. Så godt og såå enkelt! Mozarella, skinke og tomat.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Måtte sjølvsagt prøve rekene dei hadde i Frankrike. Dei var diiigre. Einaste skuffelsen var at dei smakte mykje mindre enn norske reker.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I utekjøkkenet i St. Jeannet hadde vi steinovn og grill. Det måtte sjølvsagt testast ut og vi laga grillspyd. Ein kan grille ALT. Grilla gullerøter for eksempel? Sjukt godt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Innser at denne frokosten ser mykje meir kjedeleg ut enn den er. Eg har alltid tomatar i kjøleskapet og med litt salt og pepper blir det tidenes frokost.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein anna polulær tomatrett hos meg. Einaste forskjellen er at desse er stekt og toppa med mozarella.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Blomkålsuppa har eg jo delt før, men syns den fortjente å vere med her òg. Steik løk, chili og kvitløk, kok blomkål og putt alt i blender. Kok opp igjen og ha i litt salt og pepper. Fabulous.


Restaurantbesøk:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Her åt vi på ein restaurant i gamlebyen i St. Jeannet. Dei serverte nydeleg mat til ein bra pris. Vi kunne både sjå ut over gamlebyen og middelhavet samtidig. Majestetisk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Middag i Nice. Når eg et på restaurant seier eg som regel i frå til personalet at eg ikkje tåler gluten i det heile. I tillegg så vel eg alltid rettar som er naturleg glutenfrie. Det positive med glutenallergi er at ein plutseleg et mykje sunnare. I alle fall på restaurant.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Då vi var i Vence hadde eg akkurat ete heime så det vart berre middag på alle andre. Typen bestilte ein burger som visst nok var veeldig god. Den hadde bernaise på seg!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Også i Vence. Må seie at desse restaurantbesøka overgår dei fleste (til same pris) eg har hatt i Norge.


Drikkevarer og dessertar (også på restaurant):

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Rosèvin frå Vence. Enten så smaker det ekstra godt på grunn av varmen, eller så er vinen berre betre. Eg held ein knapp på sistnemnde..

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sånn her kan det gå når du bestiller heilt vanleg is i Vence.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Herregud, dette er kanskje det sjukaste. Eg bestillte ein Piña Colada. Holdt på å le meg i hel. Eg har smakt to verkeleg gode Piña Coladaer i mitt liv: Denne i Vence (tru det eller ei) og ein i Praha. Alle eg har smakt i Norge har vore veeldig fulle av kokos og smakt heller lite Ananas.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Monaco. Irish Coffee. Eller eigentleg Whiskey med kaffesmak. Fortsatt godt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Svigerbruttern bestilte ein Gourmet Kaffe. Hadde vel ikkje forventa dette.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Lærdom: Dersom du transporterar ein pose potetgull frå den franske rivieraen til midt oppå Alpane – sprenger dei. Ein som hoppa i setet då den eine eksploderte. Hahaha, herleg.


Eg skal ikkje skryte på meg at eg har tatt bilete av absolutt alt vi har ete og fått i oss. Nokre avvik er der. For eksempel alle Kinder Schoko-Bons’a eg stappa i meg på turen heim. I utlandet har dei desse i stoore posar. Farleg.

Ein kan ete blomkålsuppe i France

Etter ei utflukt i St. Paul i Vence (eit innlegg vi sparer til i morgon) passar det sjølvsagt med blomkålsuppe. Enkelt som py tenkte eg, men det viser seg at med ein gong ein lagar mat til sju stykk så tar alt tid. Vanskeleg var det likevel ikkje. Løk, kvitløk, smør, salt, pepper, fløte, melk, vatn, blomkål, blomkål og blomkål så får ein god og rimeleg middag. St. Paul var alt for klar over at turistar blir svoltne uansett og hadde dermed alt for stive matprisar. Etter nokre glas med sprudlevatn vart vi dermed einige om å lage middag «heime». Legg ekstra godt merke til størrelsene på blomkålane. Bakoversveis.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg var alt for svolta til å ta bilde undervegs, men framgangsmåten er igrunn kok/steik+blender=suppe.

Gødt!

Restefrokost

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Brødskiver til typen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Hadde visst gløymt å lage knekkebrød/brød så i dag vart det steikte tomatar i staden.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mitt fat.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Har slutta heilt å drikke kumelk, så dette er valet mitt. Kjempegod, tilsatt vitamin og kjøpast på Meny!

Sidan det er laurdag, fint vær (!!) og vi har fri stikker vi på fjelltur.