Dumplings

Her ein dag fekk eg så utruleg lyst på dei her nydelege pastaputene med fyll i. Dessverre så kom eg på at eg verken et kveitemjøl eller dyreprodukt. Dermed vart det streka frå lista med ein gong. Plutseleg kom eg på at eg hadde kjøpt rismjøl og endte med å søke rundt på internett, igjen. Det viser seg at ein kan lage dumplings av rismjøl og fylle dei med akkurat det ein vil sjølv! Kor mange ropeteikn er det lov å ha i ein bloggpost? Det passar med 10-20 stykker her. Det var sjølvsagt ikkje anna å gjere enn å forsøke seg på dumplings.

Sidan eg i utgangspunktet ikkje visste at dette var ein matrett som eksisterte, så måtte eg ty til YouTube. Ein kan verkeleg lære alt på YouTube. Eg har blant anna lært å strikke sokka der… Haha! Her er filmen eg såg på før eg byrja på deiga.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift på mi deig (ca. 16 dumplings):
♥ 1,5 dl rismjøl
♥ Ca. 1 dl maizena
♥ 2 ts JBKM
♥ 1,5 dl vatn

Eg trur eg las to ulike glutenfrie oppskrifter før eg starta med deiga mi. Felles for desse var rismjøl, vatn og noko til å binde deiga. Begge hadde brukt tapiokamjøl, men sidan eg sjølvsagt laga dette på impuls på ein søndag, såå hadde eg ikkje den type mjøl heime. Dermed måtte eg forsøke å lage ei oppskrift sjølv. Det skal påpeikast at sjølvtilliten undervegs i dette forsøket ikkje var særleg høg. Eg hadde då aldri trudd at det skulle henge i hop.

Det einaste negative eg kan seie om denne oppskrifta på dumplingdeig er at den er litt lite elastisk. Noko som fører til at deiga vert litt tjukk og pittelitt vanskeleg å jobbe med. Det førte ikkje til store problem, men det må nesten nemnast. Neste gong skal eg planlegge det heile og forsøke meg på ei deig med tapiokamjøl og rismjøl. Tenker det vert hakket betre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte:
→ Bland alle dei tørre ingrediensane i ein bolle
→ Tilset vatn
→ Kna deiga i minimum 5 minutt
→ Dekk over deiga så godt som mogleg og la den kvile i 2 timar
→ Del deiga i fire bitar – Dekk til tre av dei igjen
→ Rull deigbiten til ei pølse
→ Skjær ein og ein bit av «pølsa» og kjevl dei til tynne lappar
→ Ha på ønska fyll og brett saman av beste evne
→ Viktig: Press sømmane godt saman slik at dei ikkje sprekk
→ Ha dei ferdige dumplingsane i kokande vatn til dei flyt
→ Ha ferdige dumplings i ein bolle

Tips:
• Det er lurt å koke få dumplings om gongen – vert det for mange klistrar dei seg saman og vert vanskeleg å få frå kvarandre igjen utan å øydelegge dei.
• Når dumplings vert flytta frå kokande vatn til bolle er det lurt å nytte eit redskap som gjer at vatnet får rent av.
• Årsaka til at deiga må dekkast til er at den tørkar ut om du ikkje gjer det – noko som igjen fører til at det vert særs vanskeleg å jobbe med deiga.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som fyll nytta eg ein heimelaga pesto av spinat, cashew og ulike krydder. Dette blanda eg med små bitar av den veganske osten på bilete under. I nokre dumplings hadde eg faktisk berre soltørka tomat blanda med denne osten. Begge deler vart supergodt og eg kjem definitivt til å lage dette igjen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som ein kan sjå så vart det ikkje dei finaste dumplingsa, men eg er fornøgd likevel. Hallo! Det var berre sånn 2 av 16 stykker som datt i frå kvarandre og 2 som klistra seg til kvarandre. Det kallar eg suksess – i alle fall med tanke på at det var fyste forsøk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dumplings kan etast aleine, med dip/saus og i sausar, gryter og supper. Dei kan steikast, dampast og kokast. Dei kan fyllast med akkurat det ein vil ha i sjølv. Dette vert eit av punkta på årets bucketlist. Ja, min type bucketlist er kanskje litt kjedeleg, men men. Lære å lage fine dumplings skal med likevel.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Åå, så fine ♥

 

Advertisements

Heimelaga woksaus

Dokke veit desse nydelige og litt chunky woksausane ein får kjøpt på butikken? Ein får visst laga dei heilt sjølv. Til no har eg liksom tatt til takke med soyasaus og olje på woken, men det vert det faktisk slutt på. Greit nok, mitt fyste forsøk inneholdt alt for mykje soyasaus, men eg har i alle fall knekt koden. Oppskrifta under er mykje betre enn jomfruforsøket.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Min wok inneholdt blomkål, brokkoli, løk, paprika, hermetisk mais, hermetisk ananas, strimla gulrot og ei hermetisk wokblanding med bambusskudd, minimais og vannkastanje.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift på woksaus:
→ 1/2 dl soyasaus
→ 2 dl vatn
→ 1 ss næringsgjær
→ 3-4 ss maizena
→ 2 ts tahini
→ 1 cm fersk ingefær
→ 1/2 fersk chili
→ 2-3 fedd kvitløk
→ 2 ts sitronsaft
→ 2 ts koriander

Eg hakka ingefær, chili og kvitløk i små bitar. Hadde alle ingrediensane i eit sylteagurkglas og rista det godt. Ikkje bli bekymra av at fargen ikkje er av den nydelegaste sorten eller at det heile skiller seg undervegs. Berre rist sausen godt rett før du har den i gryta. Eg var sterkt i sterk tvil om det kom til å bli saus i det heile, men den her glimta verkeleg til! Den tjukna godt i wokpanna og gav den wokfølelsen eg var ute etter. Om den i tillegg får nokre timar i kjøleskapet tippar eg denne sausen vert perfekt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I tillegg til woken forsøkte eg meg på ovnssteikt aubergine. Eg har aldri smakt aubergine før, så eg ante verkeleg ikkje kva eg gjekk til. Eit forsøk måtte til likevel. Eg skar ein aubergine i to og laga djupe skår i den utan å kutte gjennom skalet. Deretter steikte eg den med den opne sida ned i 35 min. Til slutt snudde eg den, slo på  250 grader og grillfunksjon i ovnen og venta i 5 min. Før servering strødde eg over salt, pepper og koriander. Streiketida er eg så absolutt nøgd med, men eg synast det smakte litt vel lite. Den viste seg å vere ganske så squash-aktig. Neste gong vil eg nok pensle den med ein marinade i staden.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sidan dette er gårsdagens middag så har eg med denne i lunsjboksen på jobb. Uten aubergin då. Wok er heilt fantastisk å ha med seg i bagen både på jobb og på skulen. For det er vel denne typen mat ein kjøper i varmmatdisken likevel? Perfekt både smaksmessig og prismessig 😀

Potet- og blomkålkaker med krydra cashewsaus

Når vi kjøper poteter gjer vi det i kilospakkar. Gjerne den der FirstPrice med 2kg i. Det seier seg sjølv at potetene som ligg igjen på botnen av pakken vert ganske mjuke og stakkarslege. Når dette skjer er det gjerne ikkje så fristande å bruke dei som garnityr. Det ein derimot kan gjere er å putte dei i karbonader, lefser og liknande. Kva kallar ein liksom ei kjøtkake utan kjøt? Grønkake? Eg finn ikkje eit godt ord. Det er så deilig å finne oppskrifter ein kan nytte seg av sjølv om råvarene kanskje ikkje er av aller høgaste kvalitet lenger. Desse kakene fungerar i alle fall like godt med både mjuk blomkål og mjuke poteter. Potetpannekakene eg lagar somme gongar er òg perfekte til slike restepoteter.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Potet- og blomkålkaker:
♦ 1 middels stor blomkål
♦ 3 mellomstore poteter
♦ 1 halv løk
♦ 1/4 ts muskat
♦ 2 fedd kvitlauk
♦ 10g ingefær
♦ 2 cm fersk chili
♦ 5 ss maizena
♦ 5 ss potetmjøl

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte til kakene:
1. Ha alle råvarer utanom mjølet i blender og køyr til ei jamn masse.
2. Bland i mjøl til du har ei deigliknande masse
3. Steik i olje eller smør til dei er bruna på begge sider.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg dreiv å las på ulike oppskrifter til liknande kaker rundt om kring, alle fortalte meg at eg skulle koke potetene fyst. Sidan eg syns det høyrtes litt rart ut så dreit eg i heile kokinga og hadde dei i rå. Eg synast at alle former for poteter er supergodt, men om eg skal peike på noko på desse kakene så må det vere at eg sakna blomkålsmaken litt. Neste gong tenker eg dermed å ha i litt mindre poteter i oppskrifta.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Cashewdip/saus
♦ 2 dl cashewnøtter (usalta og kokte)
♦ 2 dl vatn
♦ 1 cm chili
♦ 1 løk
♦ 3 fedd kvitlauk
♦ 1 ss olivenolje
♦ 1 ss næringsgjær
♦ 4 skiver soltørka tomat
♦ 2 ts sterk sennep
♦ 2 ts tomatpurè
♦ 1/2 dl soyafløyte
♦ 1 ts salt (maldon)
♦ 3 ts sitronsaft

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det var særs mykje billigare med knekte cashewnøtter enn heile. Eg kjøpte mine på Global Foods rett ved Bergen Storsenter. Dei har alt der! Trur eg hang der inne i ein time. Eg har heller aldri sett så billige cashewnøtter før.

Framgangsmåte cashewsaus/dip:
1. Kok cashewnøtter i 15 minutter. Nøttene vil verte mjukare, få ein rundare smak og ein nydeleg konsistens etter ein tur i foodprosessoren.
2. Bland alle ingrediensane i foodprosessoren og køyr.
3. La sausen småputre i nokre minutt på komfyren sånn at kryddera får tid til å godgjere seg i sausen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dette vert ein sjukt fyldig saus og kanskje litt vel tung for nokre. Den oppskrifta eg nytta som inspirasjon til min saus fungerte ikkje for meg i det heile. Eg måtte ha ein del syre i for at det ikkje skulle verte for mektig for smakslaukane. Denne sausen passar til det aller meste, men eg vil nok foretrekke å ete den saman med litt friskare ting enn potet- og blomkålkakene. Den er nok heilt sjukt god som dip til grønnsaker forresten! Det må eg prøve asap kjenner eg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dette er ein særs enkel rett som kan lagast på 20-30 minutt! Perfekt for ein travel mandag eller tysdag, kanskje? Eg skal i alle fall ha med meg desse kakene i lunsjboksen til jobb i dag.

Potetpannekaker til kvelds

Denne dagen har gått i ett og vi har levd litt på kaffe. Det er sjølvsagt ikkje sunt, men nokre dagar tar berre heilt av. Dermed trøsta vi oss med potetpannekaker til kvelds! Fy søren, så godt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vår oppskrift:
→ 10 poteter
→ 3 ss maizenna
→ 1 løk
→ salt&pepper

Det tar fem minutt å raspe nok poteter, deretter tar det 10 minutt å steike dei på begge sider. Dermed, perfekt til aftenmat. Eg steikte mine på middels varme (5/9) i 5 minutt på begge sider. Då eg skulle snu pannekaka la eg ein tallerken i steikepanna og flippa potetpannekaka over på tallerkenen. På denne måten var det mykje enklare å snu pannekaka. Denne heng ikkje saman på same måte som vanlege pannekaker, men for min del gjorde maizenna jobben. Eg prøvde fyst utan sidan det var sånn oppskriftene eg fann rundt om på nettet var, men eg måtte i alle fall berre gi opp og hive litt maizenna i. Åh, too much information, lix.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På laurdagar er sikkert desse sjukt gode med litt sjokoladepålegg på. Mmmm! Det må i alle fall eg teste ut.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dette var akkurat det eg trengte no rett før vi tar siste innspurt med skulearbeid for i kveld. Forresten, det er så kjekt å sjå alle som tar ein titt innom. Eg blir så glad! Dokke er heilt nydelege ♥