Vegan pizza-time

Den siste veka har eg lest, øvd, lest og jobba. Dagane har gått i ett. Før eg visste ordet av det hadde eg nesten gløymt av denne matbloggen her i over ei veke! Neida, eg har faktisk tenkt på den kvar dag –  eg har til og med sett at nokre av dokke held ut sjølv om det ser dårlig ut på oppdateringsfronten ♥ På den lyse sida så kan du tenke på at dersom du skulle få meg som sjukepleiar så kan eg i alle fall alt om kva som skjer på innsida av kroppen din 😀

Dårlig tid fører til dårlig fantasi innanfor matvegen, det er kanskje litt derfor eg har droppa å oppdatere òg. Vi har laga god mat altså, men kanskje ikkje noko nytt. Forrige helg der i mot så laga vi vegansk pizza med vegansk rømmedressing! Det vart kjempegodt. Einaste minuset når ein droppar å ha ost på toppen er jo at ingenting heng saman. Dette er med andre ord ein pizza ein må ete med kniv og gaffel.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi starta med å lage ein heilt standar pizzabunn (trur eg fann oppskrifta på MatPrat). Den innehold kveitemjøl, vatn, gjær og massevis av krydder. Krydderbiten er kanskje ikkje så standar, men eg har fått det for meg at pizzabunnar med krydder i – dèt er godt det.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg er sjølvsagt ein juksemaker uten like. Fyst så blanda eg saman pizzadeiga, så rulla eg den utover eit brett og heva den i ovnen på ca. 40 grader. Det funkar heilt utmerka.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På toppen hadde eg tomatpurè, hakka tomatar, oliven, soltørka tomat, ananas, mais, purre, løk, hermetisk paprika, champignon og kikerter. Marvellous!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dersom du ikkje har prøvd ovnssteikte kikerter så må du verkeleg få ræva i gir. Det smakar heilt himmelsk og i tillegg så er det superenkelt. Vi tar som regel ein boks kikerter, to ss olje og valgfritt krydder på før vi setter dei i ovnen på ca. 200 grader. I går var vi skikkeleg late og lagde desse kikertene, kokte ris og laga bernaissaus til. Perfekt avslutning på ein lang dag.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg må berre påpeike at dette er fyste gongen eg har laga pizzadeig med gluten. Haha, ei i studiegruppa ler sånn av meg når eg seier det, men det er jo sant! Eg lager berre deiger utan gluten til vanleg og har gjort det sidan sånn 2011. Så eg er faktisk ganske usikker på om eg fekk til å lage pizzadeiga skikkeleg eller kva som skjedde. Den endte opp med å bli ganske så flat og crunchy, men hey, vi kalla det berre for italiensk pizza og er meganøgde.

Vi brukte en vegansk erstatter for rømme som heiter iFraiche, men eg mistenker at dette kanskje var ein form for kesam i staden. Den var god på pizzaen altså, men det smakte litt feil – litt søtt kanskje? Om nokon rømmedressing-tips så jublar i alle fall eg av glede!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Advertisements

Heimelaga chips av søtpotet og potet

Etter at eg fekk til den der grønnkålchipsen med vannvittig presisjon måtte eg berre fortsette i samme spor. I dag laga eg dermed chips av potet og søtpotet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Skjær potetene i så tynne skiver som du får til. Bland i krydder og olje. Eg brukte samme krydder som i går: Salt, chilikrydder, paprikakrydder og sitronpepper. Ein kan sjølvsagt bruke akkurat det ein vil.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For å tørke det heile har eg lagt det ut over ei flate i ovnen og nytta same metode som vi gjorde då vi tørka kantarellar. Det er ein skilnad frå kantarell-metoden og denne. På chipsen så steikte eg den på 170°C på varmluft til skivene var møre (5-10 min). Dersom du gjer dette så må du følge med – det svir seg i det sekundet du ikkje gjer det! Deretter fekk chipsen stå på 50°C til flaka var heilt sprø. Når ovnen var på lav varme hadde vi på varmluft og laga ei 2 cm stor glipe mellom ovnsdøra og ovnen (som illustrert i posten om kantarellar). Det heile tok ca. 4 timar hos oss, men når ovnen står på lav varme treng ein berre å sjekke chipsen ein gong i halvtimen. Det heile er dermed rimeleg avslappande arbeid.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Wææ, kva har eg fått til no?! Kjempegodt.

4 x tilbehør = jysla god middag

«Kan det her bli til en god middag, då?» Tenkte ho mens ho stirra tomt inn i kjøleskapet. Søtpotet, potet, bønner og champignon? Høyrtes i alle fall ut som noko av det kjedeligaste ein kan lage i mine øyrer, men kvardagen sluttar aldri å imponere. Det kan vel det siste biletet vere eit bevis på.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I dag laga eg eigentleg berre ein middag av fire ulike typar «tilbehør»:
– Grønnsaksmos av gulrot, kålrabi, blomkål, brokkoli, søtpotet, vatn og salt
– Sopp og kidneybønner steikt i ovn i ca. 10 min på 200°
– Potet og søtpotet steikt i ovnen på 200° til begge deler var mørt (ca. 20 min)
– Saus

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kok/damp grønsakene og mos desse på den måten du vil. Eg brukte min trofaste blender.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Den store utfordringa, i alle fall for min del, er vegansk saus. Då nyttar vi favorittmottoet mitt: «Tjaah, kva har vi i skapet i dag då?» I dag vart det saus av rismelk og kikerter. Eg nytta om lag 50/50 av begge.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Rismelk og kikerter. Brukte ca. 1,5 dl rismelk og halvparten av kikert-boksen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For å lage saus tok eg kikertene og rismelka i ein beholder og brukte stavmikser til det var blitt ein saus.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Rismelk og kikerter? Booring – add spices. Etter at sausen var stavmiksa så kokte eg den opp med desse kryddera; Karri, curry og cayennepepper.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Plutseleg ser potetene eg starta med ut som ein luksusmiddag!

Eg har høyrt mange argument angåande at ein ikkje vil ete vegetariansk/vegansk. Eit av dei er «eg orkar ikkje å ete berre bønner». Eg skal vere einig i at det blir ganske mykje bønner og at det kan høyrast rimelig kjedelig ut, men alt som skal til er litt fantasi. Høyrast ut som om eg sit på den høge hesten min og ser ned på resten av folka, men eg skal seie at eg tenkte akkurat det same før. Kikerter og bønner kvar dag? Blææh. Så viser det seg at det faktisk ikkje er så ille likevel. Og ja, dagens middag smakte heilt fantastisk.

Spicy bli-betre-suppe

Kva et ein når hovudet er tett og ein helst vil ligge under dyna? Suppe! Sjølvsagt. Sidan smakssansen er satt litt ut av spel vert det ei spicy suppe. Herregud, kor lenge er det vanleg å vere sjuk? Har eg vore sjuk to gongar på rad? Eg skjønar ingenting. To veke har eg gått rundt og vore mindre tiltrekkande. Sjølvsagt holdt meg heime når eg kan, men nokre forelesingar må eg nesten berre gå på. I morgon byrjar vi på menneskekroppen og då treng eg verkeleg tilgang til hjernecellene mine igjen!

Derfor: Spicy hjerneføde.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Løk – gulrot – søtpotet

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

vatn – kikerter

1/3:
♥ Ein halv løk
♥ 3 fedd kvitløk
♥ ca. 2 ts ingefær
♥ 2 ss olivenolje (eller kva som helst anna olje)
→ Steik løk, kvitløk og ingefær i olje i nokre minutt.

2/3:
♥ 5 dl vatn
♥ 200g søtpotet
♥ 100g gulrot (ca. 2 stykk)
♥ 1 boks kikerter (230g)
→ Ha alt dette i gryta og kok til grønsakene er møre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

2 ts curry (sterk) – 2 ts gurkemeie – 2 ts cayennepepper – 2 ts karri

3/3:
♥ Ha alt i ein blender
♥ Tilsett ein boks hakka tomatar (400g)
♥ Ha i krydderet
♥ Tilsett så mykje vatn som du vil (eg heiv i 5dl til)
♥ Kok opp og server ♥

Husk at dette er ei ganske sterk suppe (for oss nordmenn riktignok) så tilsett krydderet i trinn 3 og smak deg fram sjølv! Dette er òg ei ganske tjukk suppe. Eg liker å lage suppene tjukke i utgangspunktet, så kan eg heller tilsette meir vatn på slutten når eg ser kor tjukk den blir. Her nytta eg f.eks. 5dl vatn då eg kokte opp grønnsakene og heiv i 5dl vatn til etter eg hadde hatt alt i blenderen. Då slepp eg f.eks. å bruke blenderen to gongar og eg får suppa akkurat som eg vil! ♥

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tomat/søtpotet/gulrotsuppe? Ikkje værst.

Vi har sjølvsagt massevis av restar som vi kan ete til kvelds eller fryse ned. Eg har vel kanskje laga suppe til 4-5 personar. Det blir sånn fordi eg heller vil ha middagsrestar enn halvfulle hermetikkboksar i kjøleskapet. Suppa er like god om den har vore frosen eller ikkje. Og berre sånn det er sagt: Om du har friskare smakssansar enn meg så ville eg starta med ein tredjedel av krydderet og jobba meg der i frå. Du veit når det kilar litt i øyra fordi maten er sterk? Ja.

Krydderdilla

Eg har krydder på alt. Maldonsalt er ein av favorittane når det kjem til frokost, men til middag nyttar eg alt muleg. Dermed har eg vore på ein butikk i Bergen som heiter Aya Mat, dette er ein innvandrerbutikk (hallo, er dette lov å seie? Viss ikkje treng eg alternativ) like ved Bergen Storsenter som sel mykje rart. Eg veit om ein på Danmarksplass òg, men elles har eg ikkje fleire tips. I alle fall: Der får du superbilleg krydder. For dei posane her betalte eg 130 kroner. Gogogo!

27 kr = Middag for to

Handleliste:
Hakka tomatar (3,80,-  x 3)
Kikerter (6,90,- )
= 18,30,-
Dersom ein reknar grovt og gjerne legg på litt kan vi seie at resten av ingrediensane kanskje kosta 10 kr. Kanskje.

Det er ein kjend sak at når ein går over til studentlivet må ein til med nokre justeringar. For oss blir nok den største utfordringa å ete god, sunn og billeg mat. For kven hjelp det eigentleg å ete billeg mat som ikkje er sunn? Eg startar semesteret enkelt med å lage ein vegansk/glutenfri rett – tomatsuppe (greit, så vert det kanskje ikkje kickstarta før neste veke, potato, tomato). Når boksane med tomatar var miksa i hop og vi hadde tynna ut suppa med litt (kanskje 3 dl) vatn vart det 1,5 liter suppe. Greit nok at vi alltid enda med å gå litt overboard med desse matlagingsøktene våre, men 1,5 liter holdt verkeleg i massevis. Neste gong kan eg nok holde meg til 800g hakka tomatar. Om du vil ha tynnare suppe enn vi hadde denne gongen så er det sjølvsagt berre å minske på antal tomatar og fylle i med vatn. Tynnare suppe kan f.eks. vere perfekt til ein lett frokost før skule/trening/og liknande, eller ein lett kveldssnacks før søvnen skal inntas.

Og ja! Eg skal bli student. Frå og med neste veke vert det utdanning på meg òg. Fab!


Til dei som liker tomatsuppe på pose så vil dokke elske denne suppa. Laga på 15 min og ete opp på halvparten.

Krydra gulrotsuppe med grønsaksrestar

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Her har eg steikt ein heil chili, ingefær, og to fedd kvitløk i nøytral olje. Etter dette hadde surra i eit par minutt heiv eg i ein heil løk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Brukte ca. dobbelt så mykje gulrot som løk. 6-7 middels store gulrøter.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Når eg lagar suppe puttar eg alltid i smårestar som må eller burde brukast same dag. Eg, som alle andre, hatar å kaste mat. Dermed vart det litt blomkål, squash og sitron i suppa denne dagen.

Etter at grønsakene var blitt møre, hadde eg alt saman i ein blender. Dette fekk stå ei stund før eg tilsatte eit par desiliter vatn eg kokte suppa opp ein gong til. Det vart ei tjukk suppe for meg, men det kan man sjølvsagt velge sjølv med å ha i så mykje vatn ein måtte ønske.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det skulle ikkje meir til enn litt grasløk og pepper på toppen før dette ikkje føltes som ein restemiddag lenger!