Glutenfri, laktosefri og veganske brownies

…Hæ? Joda, fullt mulig!

Det treng ikkje gå ut over helgekosen sjølv om ein legg om livsstilen. I går laga eg brownies av kikerter og litt anna snacks. Kikerter kan verkeleg brukast til alt. Visste du for eksempel at du kan lage marengs av veska kikertene ligg i? Eg har ikkje prøvd det enno, men det skal visst vere fantastisk godt. Kanskje det blir det neste på lista.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift:
→ 1 boks kikerter
→ 3 ss mandelmjøl
→ 10 dadlar
→ 3 ss vegansk smør
→ 4 ss havrefløte
→ 4 ts kakaopulver (raw)
→ 1 ts vaniljepulver

Eg byrja med å mose kikertene med ein brei kniv. Deretter tok eg ut steinane i dadlane, hakka dadlane opp og kokte dei saman med smøret til det vart ei tjukk masse. Eg blanda kikertene og daddelmassa. Deretter hadde eg i dei resterande ingrediensane (mandelmjøl, fløte, kakaopulver og vaniljepulver) og blanda dette godt. Browniesrøra vart steikt i forvarma ovn på 175°C i litt over ein time.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Smaken vart meir enn godkjend av både meg og typen. Må seie at røra kanskje vart litt lite søt utan melisen på toppen, men at eg kanskje overdreiv den der «skal berre ta på litt melis»-greia.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Glutenfritt, laktosefritt og vegansk. Hallo, null stress!

Advertisements

Daddelgodis/energibollar

Vegansk/glutenfritt/fritt for det meste

Siste oppdatering på den fronten her er at vi har begynt å trene. Ooofff. Vi gjekk og kjøpte oss sånn her semesterkort på treningssenteret (SiB). Tysdag var fyste dagen vi skubba oss sjølv bortover i den retninga og vi har måtte krabbe rundt om kring sida. Er det mogleg å bli så stiv og støl? Eg har trent ein del styrketrening før, så det er ikkje heilt ukjend terreng, men det er riktignok to år sidan no. På tysdag avtalte optimistane at torsdag skulle bli neste treningsdag. Ja, eg veit no ikkje. Vi skal bort dit, men det får vel bli eit særs roleg opplegg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I går var eg på butikken og fann dadlar på salg. Då fekk eg visst det lille kicket eg trengde for å endeleg lage meg den her daddelkonfekten som eg har tenkt på lenge. Som vanleg er oppskrifta i enklaste laget: Ein del hakka mandlar/mandelmjøl og to delar dadlar. Det er faktisk det heile. Så vel ein topping og evt. smakstilsetting sjølv.

Mi oppskrift:
◊ Ein del dadlar
◊ To delar finhakka mandlar
◊ 2 ss kokosmelk
◊ 1 ts kakao
◊ 2 ts sukrinmelis

Dokke ser sikkert at mi oppskrift har alt for lite dadlar og alt for mykje mandlar – dermed brukte eg litt kokosmelk i staden. Kvifor? Sånn vart det visst berre. Til gjengjeld så vart mi oppskrift veldig god! Eg endte med om lag 4-5 dl deig.

Om ein har foodprosessor kan ein hive alle ingrediensane i denne og trykke på knappen. Det har ikkje eg. Derimot har eg ein veldig god blender frå Kitchenaid. Eg brukte den til å hakke mandlane fyst og deretter dadlane. Ingrediensane blanda eg i ein bolle ved sida av.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dadlar er sjølvsagt veldig klissete, så for at det skal bli litt betre å servere dei er det greit med litt topping på. Eg har brukt ulike typar: Finhakka kokesjokolade, kakao, kakao/sukrin, utan og peanøttmjøl. Alle vart veldig gode – og nei, eg har ikkje plass til middag i dag, likevel. Haha!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Alt for godt!

Ein har som regel lyst til å servere fine konfektbitar når ein fyst held på. Det seier seg sjølv at om ein rullar desse bitane og lagrar dei så vil dei kanskje ikkje holde seg fine til same kveld ein gong. Eg anbefalar å anten lage deiga og ha den i kjøleskapet eller å faktisk berre lage deig og fryse ned. Rulle dei kan ein gjere rett før ein får besøket på døra og dermed har ein «perfekt» konfekt å vise fram. «Kvar har du kjøpt desse?» Knis. Desse er like perfekte til julegodis og som energibarar rett før trening. Dessutan så får ein slukka det kjende søtsuget som dukkar opp på kveldane.

Nesten vellykka snickers

Som eg lova tidlegare så skulle eg prøve meg på konfekt. Forrige gong eg prøvde meg på noko liknande så vart resultatet heilt grusomt på alle tenkelege måtar. Det vart klissete, smakte alt for søtt og så vidare. Derfor er det kanskje 5-6 år sidan sist eg prøvde meg. No, i dag, fant eg plutseleg ut at dette skal eg få til. Tja. Okei, så har eg ei oppskrift som smakar heilt fantastisk. Så 1 av 2 gikk riktig. Problemet med dagens resultat er vel heller at eg ikkje har knekt koden på det der !@&$ vannbadet og smelting av sjokolade. Kjempelett, seier dei. Nope, seier eg. Eg fekk til slutt stappa halvsmelta sjokolade ned i forma og putta den i frysen. Så om ca. ein halv time har eg konfekt med fantastisk smak!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det blir heilt sikkert enklast om ein blandar det tørre før ein puttar i peanøttsmøret.

Oppskrift:
5 ts peanøttsmør
2 ts peanøttmjøl
1-2 ts kakao (raw frå sunkost)
½ – ¾ dl kokosmelk (lett)
½ ts vaniljepulver (ekte vanilje)
1 ts sukrinmelis
1 ts salt (maldon)

I parantes står varianten av ingrediensane eg brukte. Ein kan sjølvsagt bytte peanøttmjøl ut med kva som helst anna mjøl, evt. kikerter, evt. noko anna som skaper litt substans i deiga. Ein kan bruke alle andre typar veske enn kokosmelk og ein kan bruke for eksempel vanleg sukker i staden for sukrinmelis. Dokke skjønar teikninga.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kokosmelk ser så nydeleg ut.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Når du blandar dette: Pass på at du får vekk alle «klumpar» i røra. Det vil vi ikkje ha noko av.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Om du vil ha det enno meir snickers-aktig så er det berre å droppe kakaoen i oppskrifta og bruke litt mindre veske. Syns kakaoen gjorde susen, men det er sjølvsagt smak og behag. Prøv deg fram! Og om du er av typen som likar søte ting som kaker og liknande så ville eg kanskje brukt litt meir sukrin/sukker og litt mindre kakao. Eg liker den litt bitre kakaosmaken og når smaken ikkje er alt for søt, men det er det sjølvsagt ikkje alle som gjer.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg oppbevarar nøtter på tomme glas med lokk i kjøleskapet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Haha, som den perfeksjonisten eg er så grisar eg sjølvsagt sjokolade over alt. Godt mogleg eg har sjokolade i ansiktet i skrivande stund. Valget av form gjorde forsåvidt ikkje saka noko betre. Så, om du ikkje lagar dei ulike delane av konfekten meir flytande enn det eg gjorde, vil eg verkeleg anbefale å f.eks. smøre det ut over noko flatt i staden. Steikebrett eller skjærefjøl, kanskje. Husk at konfekt berre skal i frysen om dei skal serverast same dag. Det beste er kjøleskap!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg lovar at det smakar enno betre enn det ser ut.

For at det er fyste (andre) gongen eg lager dette så synes eg faktisk ikkje det gjekk så aller værst. Må berre lære meg hemmelegheita bak å smelte sjokolade i vannbad. Eg får mammaen min på besøk i morgon, så kanskje eg skal nytte moglegheita då.

Berre for å understreke. Eg kan verkeleg anbefale oppskrifta på peanøttdelen, men eg kan ikkje anbefale verken min måte å smelte sjokolade på eller valg av form. Neste gong, seier eg berre!

Jamen, dette er jo heilt sjukt dyrt, seier du sikkert. Nja, når ein skal kjøpe inn alle desse «fancy» ingrediensane på ein gong så kan det nok bli litt dyrt. Ser du derimot på kor mykje det er i ein pakke og kor mykje eg har brukt i oppskrifta så er det godt mogleg dette er halvparten så dyrt som ein pose med smågodt.