Dumplings

Her ein dag fekk eg så utruleg lyst på dei her nydelege pastaputene med fyll i. Dessverre så kom eg på at eg verken et kveitemjøl eller dyreprodukt. Dermed vart det streka frå lista med ein gong. Plutseleg kom eg på at eg hadde kjøpt rismjøl og endte med å søke rundt på internett, igjen. Det viser seg at ein kan lage dumplings av rismjøl og fylle dei med akkurat det ein vil sjølv! Kor mange ropeteikn er det lov å ha i ein bloggpost? Det passar med 10-20 stykker her. Det var sjølvsagt ikkje anna å gjere enn å forsøke seg på dumplings.

Sidan eg i utgangspunktet ikkje visste at dette var ein matrett som eksisterte, så måtte eg ty til YouTube. Ein kan verkeleg lære alt på YouTube. Eg har blant anna lært å strikke sokka der… Haha! Her er filmen eg såg på før eg byrja på deiga.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift på mi deig (ca. 16 dumplings):
♥ 1,5 dl rismjøl
♥ Ca. 1 dl maizena
♥ 2 ts JBKM
♥ 1,5 dl vatn

Eg trur eg las to ulike glutenfrie oppskrifter før eg starta med deiga mi. Felles for desse var rismjøl, vatn og noko til å binde deiga. Begge hadde brukt tapiokamjøl, men sidan eg sjølvsagt laga dette på impuls på ein søndag, såå hadde eg ikkje den type mjøl heime. Dermed måtte eg forsøke å lage ei oppskrift sjølv. Det skal påpeikast at sjølvtilliten undervegs i dette forsøket ikkje var særleg høg. Eg hadde då aldri trudd at det skulle henge i hop.

Det einaste negative eg kan seie om denne oppskrifta på dumplingdeig er at den er litt lite elastisk. Noko som fører til at deiga vert litt tjukk og pittelitt vanskeleg å jobbe med. Det førte ikkje til store problem, men det må nesten nemnast. Neste gong skal eg planlegge det heile og forsøke meg på ei deig med tapiokamjøl og rismjøl. Tenker det vert hakket betre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte:
→ Bland alle dei tørre ingrediensane i ein bolle
→ Tilset vatn
→ Kna deiga i minimum 5 minutt
→ Dekk over deiga så godt som mogleg og la den kvile i 2 timar
→ Del deiga i fire bitar – Dekk til tre av dei igjen
→ Rull deigbiten til ei pølse
→ Skjær ein og ein bit av «pølsa» og kjevl dei til tynne lappar
→ Ha på ønska fyll og brett saman av beste evne
→ Viktig: Press sømmane godt saman slik at dei ikkje sprekk
→ Ha dei ferdige dumplingsane i kokande vatn til dei flyt
→ Ha ferdige dumplings i ein bolle

Tips:
• Det er lurt å koke få dumplings om gongen – vert det for mange klistrar dei seg saman og vert vanskeleg å få frå kvarandre igjen utan å øydelegge dei.
• Når dumplings vert flytta frå kokande vatn til bolle er det lurt å nytte eit redskap som gjer at vatnet får rent av.
• Årsaka til at deiga må dekkast til er at den tørkar ut om du ikkje gjer det – noko som igjen fører til at det vert særs vanskeleg å jobbe med deiga.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som fyll nytta eg ein heimelaga pesto av spinat, cashew og ulike krydder. Dette blanda eg med små bitar av den veganske osten på bilete under. I nokre dumplings hadde eg faktisk berre soltørka tomat blanda med denne osten. Begge deler vart supergodt og eg kjem definitivt til å lage dette igjen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som ein kan sjå så vart det ikkje dei finaste dumplingsa, men eg er fornøgd likevel. Hallo! Det var berre sånn 2 av 16 stykker som datt i frå kvarandre og 2 som klistra seg til kvarandre. Det kallar eg suksess – i alle fall med tanke på at det var fyste forsøk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dumplings kan etast aleine, med dip/saus og i sausar, gryter og supper. Dei kan steikast, dampast og kokast. Dei kan fyllast med akkurat det ein vil ha i sjølv. Dette vert eit av punkta på årets bucketlist. Ja, min type bucketlist er kanskje litt kjedeleg, men men. Lære å lage fine dumplings skal med likevel.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Åå, så fine ♥

 

Advertisements

Vegansk og glutenfri cookie dough-is

Fyste gongen eg prøvde meg på kokosis gjekk det så i dass som det kan gå. Den smakte alt for mykje kokos, den vart steinhard og full av iskrystallar. Eg trur at det faktisk er eit heilt år sidan eg forsøkte meg på is sist. Då eg gjekk forbi Tilbords for ei stund tilbake hadde dei isbollen/»ismaskina» til KitchenAid på sal. Det kunne eg sjølvsagt ikkje gå forbi. Etter ca. ein halvtime med «eg har fortjent dette fordi…(fyll inn kva som helst)», fekk eg jaggu med meg isbollen heim. Den er heilt gull. Eg er sikker på den kan gjere kva som helst til is og sorbet. Eg kan love deg at denne isen vert kremete, søt og kan lure alle former for veganskeptikarar!

No når eg skulle til å skrive om denne isen viser det seg at eg ikkje har notert oppskrifta eg laga meg sist. Dermed måtte eg til med ei ny runde islaging. Ikkje at det gjer noko (meir is), men søren òg. Det må eg verkeleg skjerpe meg på. Kvar gong eg liksom har tid til å poste noko har eg gløymt heile oppskrifta. Skulle gjerne visst korleis ein vart mindre surrehovud, eg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nokre av ingrediensane som er nytta i isen. Ein kan sjølvsagt bytte ut alt med noko anna om ein vil det, men dette er dei eg har nytta. Agavesirupen nytta eg ikkje no, men den vart nytta sist eg laga same isen.

Oppskrift på isen*:
♥ 4 boksar kokoskrem (1 liter)
♥ 1 dl maplesirup
♥ 3 ss agavesirup
♥ 3 ts JBKM (johannesbrødkjernemjøl)
♥ 1/2 ts vaniljepulver

*Etter å ha forsøkt meg på denne isen to gongar har eg kome fram til ei oppskrift som er ein kombinasjon av begge forsøka.

Denne oppskrifta har eg satt saman av sikkert 15 ulike inspirasjonskjelder. Dermed kan eg vel seie at eg har laga den sjølv, men med god hjelp i frå det vide internett. Eg har funne haugevis med ingrediensar og tips til å lage vegansk is, men eg har forsøkt å sette saman ei som kan handlast på Meny. Det å jobbe med varer ein kan få tak i på daglegvarehandelen synast eg er so mykje kjekkare enn å måtte bestille frå nettet. Ikkje berre er det kjekkare, men det sparar miljø, støttar nærmiljøet og er tryggare. Woho!

For å få ein mest mogleg kremete is vil eg anbefale å berre nytte kokoskrem som base. Opprinneleg hadde eg skrive at det går heilt fint å nytte feit kokosmelk òg. Det er forsåvidt korrekt, men den ferdige isen fekk ein mykje hardare konsistens ved bruk av kokosmelk som base. Altså, dersom du skal lage denne isen vil eg anbefale å berre bruke kokoskrem. På denne måten vil du få ein kremete is som slår fløteisane ned i støvlane.

Forrige gong eg laga denne isen nytta eg både agavesirup og maplesirup, men då hadde eg ikkje sukker i. Pga. at agavesirupen er sinnsjukt søt må ein vere særs forsiktig i bruken av den. Elles kan ein vel hive i kva søtning ein vil. Ein kan sikkert berre nytte sukker og få same resultatet. Eg er glad i sirupsmaken ein får frå maplesirup, men prisen er ikkje like fin for ein student.
Edit: Isen får ein rundare og hakket betre smak ved bruk av agavesirup istaden for sukker, men ellers fungerar det like bra.

Framgangsmåte:
1. Varm opp kokosmelk/kokoskrem saman med søtning til det vert ei jamn masse.
2. Ha i JBKM. Dette kjem til å klumpe seg noko heilt sjukt. Ikkje stress av den grunn.
3. Bruk stavmiksaren i røra til det (igjen) vert ei jamn masse.
4. Ha i vaniljepulver
5. Kjøl ned røra til romtemperatur på kjøkkenbenken.
6. Fortsett nedkjøling av røra i kjøleskap i ca. 4 timar.
7. Køyr i ismaskin til massa har fått ein stivare konsistens.
8. Ha i kjeksdeig eller anna snacks du vil ha i isen din.
9. Frys ned.

* Punkt 7 og 8 kan gjerast om ein anna, det avheng av kva du skal ha i røra. Kjeksdeig er til dømes lurt å ha i til slutt i røreprosessen, mens nonstop kan ein nok ha i når som helst så lenge røra er kald.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Samstundes som ein ventar på at isen skal kjøle seg ned, kan ein lage det ein vil ha i isen. Det treng for all del ikkje vere meir komplisert enn sjokoladebitar – ikkje at isen treng noko ekstra i det heile, men eg synast det er kjekt når eg fyst held på. Eg har, som overskrifta tilseier, laga kjeksdeig.

Oppskrift på kjeksdeig:
♥ 120 g smør
♥ 80 g sukker
♥ 100-150 g lyst, glutenfritt mjøl
♥ 50 g mørk sjokolade

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sidan dette smøret er vegansk og kvitt kan ein ikkje følgje den vanlege instruksjonen som er å piske smør og sukker til det blir kvitt. Berre pisk det heile til ei kremete og luftig masse før du tilsett mjølet så er du trygg.

Framgangsmåte:
1. Pisk smør og sukker til ei luftig og kremete masse
2. Tilsett mjøl til du har ei deig
3. Tilsett sjokoladebitar i ynskja storleik

For dei som har laga masse kjeks så vil nok oppskrifta på deiga virke litt merkeleg. Den har alt for mykje mjøl i seg til at det skal verte kjeks. Saken er, dersom ein lagar vanleg kjeksdeig og har det i isen vil heile greia berre bli ei stor smørje. Det fekk eg testa ut i dag. Dermed: Lag ei skikkelig god deig av kjeksdeiga. Skal du faktisk lage masse kjeks og ikkje deig til å ha i ein is, er denne oppskrifta her midt i blinken for det:

Oppskrift på kjeks som ikkje skal i isen:
♥ 250 g smør
♥ 170 g sukker
♥ 200 g fint, glutenfritt mjøl
♥ 50 g sjokoladebitar

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For at det faktisk skal bli cookie dough-bitar i isen bør deiga frysast ned og delast i bitar før den tilsettast isen. Eg gjer dette enkelt ved å legge eit bakepapir på ei flate, legge deiga på, og smørje den utover ved hjelp av eit anna bakepapir som berre vert liggande på toppen av deiga. Meget effektivt. Deretter legg eg deiga i frysen til isen er ferdig kjølt ned.

Samtidig som eg har ismassa i isbollen min har eg berre i bitane med kjeksdeig. Forrige gong gjekk det litt så som så, men resultatet vart likevel bra! Eit slikt prosjekt kan verke litt uoverkommeleg i starten, men dersom eg får det til, får du det til òg. Hadde dokke berre visst kor lite eg har både baka og laga søtsaker så hadde dokke nok blitt overbevist tvert. Om ikkje anna så er dette eit perfekt prosjekt til ei roleg helg!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg skulle eigentleg ha isen i frysen i går, men eg gløymde heile greia så den har stått i kjøleskapet til i dag. Den skal sjå litt sånn her ut før du har den i frysen, men den treng nok ikkje vere så tjukk som min. Den skal vere litt pudding-aktig og seig.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sjekk dèt resultatet då! Wooo! Dette er riktignok bilete frå forrige gong eg laga denne isen – då cookie dough-bitane vart vellykka. Det vart dei ikkje denne gongen, men då lærte eg at deiga må vere tjukk for å holde seg når isen vert rørt.

 

Øvrige tips:

Om du ikkje har stavmikser kan du enkelt blande JBKM i ein behaldar med 300 ml røre eller meir. Ein shaker eller eit tomt sylteglas er perfekte til dette. Husk å vere forsiktig – røra er særs varm! Viss du verken nyttar stavmiksar eller ein slik behaldar kan eg love deg at isen din vert full av klumpar.

Har du ikkje ismaskin så har eg lest at det skal vere mogleg å fryse isen ned utan. Då må ein visst røre i isen kvart 20. minutt. Dette har eg altså ikkje forsøkt sjølv enno, men eg har ein del av røra i frysen no og oppdatera dokke på det fortlaupande.
Edit: Eg gløymde å røre i isen kvart 20. minutt, dermed vart dette eit dårleg forsøk frå mi side. Det eg kan rapportere om, er at den ikkje hadde mykje iskrystallar og at den gjekk heilt fint å ete. Eg vil dermed tru at dersom ein huskar å røre i isen ofte så kan ein droppe ismaskina.

Denne isen smeltar mykje fortare enn fløyteis og kan dermed serverast få minutt etter den er tatt ut av frysen 😀

Mine beste knekkebrød

Eg har laga knekkebrød lenge. Enkelt og greit fordi holdbarheita er lang og det smakar kjempegodt til frokost. Derimot har eg aldri laga knekkebrød som eg er heilt og holdent fornøgd med – før no. Dette er faktisk dei beste knekkebrøda eg har laga nokon gong! Haha, sjølvskryt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift:
→ 3 dl linfrø
→ 3 dl solsikkefrø
→ 3 dl sesamfrø
→ 3 dl havregryn
→ 3 dl mandelmjøl
→ 1 dl kokosmjøl
→ 3 ss kikertmjøl
→ 2 ts johannesbrødkjernemjøl
→ 9 dl vatn

Ikkje berre smakte det nydeleg, men denne oppskrifta skal eg klare å huske. 3 x alt utanom kokosmjøl, vatn og JBKM. For sånne nørds som meg er denne oppskrifta særs morosam.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte
→ Bland alt det tørre
→ Ha i litt og litt vatn. Husk at mine mål kan vere annleis enn dine og at mjølet mitt kan vere fuktigare/tørrare enn ditt. Vatnet må ein altså prøve seg litt fram med. Eg liker å ha ei ganske våt deig og heller tørke den ekstra lenge i ovnen på lav varme.
→ Smør deiga ut over to steikebrett. Mine var ganske tjukke då eg smørte dei utover. Husk at det forsvinn mykje vatn i ovnen!
→ Tørk deiga på 100-150°C på varmluft. For dokke som huskar tørking av kantarellane så er dette same metoden. Eg la ein klut mellom ovnsdøra og ovnen sånn at tørkeprosessen går lettare.
→ Knekkebrøda er ferdig tørka når dei ser ferdige ut – værre er det faktisk ikkje. Mine brukte ca. ein og ein halv time.

Dersom det skulle vere sånn at det nederste brettet i ovnen ikkje ser ferdig ut når det øvste gjer det (supervanleg) så steiker ein berre det nederste nokre ekstra minutt på slutten (doh).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Etter jobb i går laga eg meg rørte jordbær og hadde på toppen. Eg kunne ete meg i hel på heilegreia. Det er noko med blandinga av kokos, mandlar og frø i desse knekkebrøda som berre får meg til å dåne. Og knekkebrødskeptikaren sjølv (typen) har til og med godkjent dei! Yey, endeleg!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dersom ein vil ha meir eksotiske knekkebrød kan ein for eksempel putte i urter, salt eller kva som helst anna krydder. Eg elskar for eksempel knekkebrød med tørka urter og salt i. Kvifor skal ein berre kunne gjere sånne morosame ting med brød, liksom? Beats me.