Bakt fennikel og suppe av brokkoli og grønnkål

Her ein dag fann eg fennikel på butikken. Sidan eg ikkje ante kva det var så vart sjølvsagt denne med heim. Google gav meg denne oppskrifta på MatPrat og eg måtte jo berre prøve. Korleis ein tilbreder grønnsakene i måltidet er nesten skrive med lita skrift, men men!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg skar to stykk fennikel i fire og smurte den ildfaste forma med olivenolje. Deretter draup eg over olivenolje og strødde over salt og pepper. Til slutt heiv eg over to fedd kvitløk (hakka). Dei vart steikt på 225°C i 25-30 minutt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift til suppa:
♥ 1 1/2 brokkoli (inkludert stilk og friske blad)
♥ 4 heile blad grønnkål
♥ 1-2 dl fløte
♥ 2 ss smør (raps og kokos)
♥ salt og pepper

Som vanleg dampa eg brokkolien og heiv alle ingrediensane i ein blender. Etter at alt hadde blitt ei tjukk masse, varma eg alt opp igjen og lot det putre i 10 min. Det er alltid sånn at jo lenger ei suppe får putre, jo betre vert den, men vi var alt for svoltne til det.

Vi hadde òg i eit fedd kvitløk, men det vil eg eigentleg anbefale deg å droppe. Det vart ein alt for sterk kvitløkssmak for min del i alle fall. Eg skjønar ikkje heilt kvifor, med tanke på at det berre var eit fedd i så mykje suppe. Jaja, vi droppar det i alle fall neste gong.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sidan det er sal på både blomkål og brokkoli på ein heil masse butikkar, har eg handla inn sjukt mykje av begge. 10 kr per blomkål og brokkoli gjev ein pris på ca. 30 kroner for to til tre middagar for ein (dersom ein reknar med krydder, smør og fløte).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Smaken av fennikel er litt lakrisaktig. Smakar det litt som anis? Eg veit ikkje, noko i den duren trur eg. Uansett, eg synast det smakte fantastisk. Neste gong har eg lyst til å steike dei saman med løk òg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

♥ Fennikel inneheld vitamin C, kalium og kostfiber.

♥ Brokkoli inneheld vitamin C, kalium, kostfiber. Den er òg rik på betakaroten.

♥ Grønnkål inneheld vitamin C, kalium, jern, kostfiber. Grønnkål er særleg rik på A-vitamin og betakaroten.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Denne maten var akkurat det eg trengte etter årets fyste reine styrketrening. Herlighet kor støl eg er i dag. Det er likevel ikkje så ille som eg trudde det skulle bli. Eg er rimeleg fornøgd med at det går heilt fint å gå i trapper. Haha! No er det tilbake til pugging av sjukdomslære. Eg kan nesten ikkje vente til eg skal på fotballtrening, og kjenner at denne dagen skal avsluttast med tidenes heftigaste smoothie.

Ha ein nydeleg dag! ♥

Advertisements

Kantarellsuppe, blomkålris og rista kikerter

I dag hadde eg lyst å prøve alt på ein gong. Sånn fungerar det likevel ikkje, så eg prøvde meg på «rista» kikerter, kantarellsuppe og blomkålris. Javelda, eg fekk då prøvd litt nye ting i dag. Vi får begynde med kantarellsuppa. Dokke huskar dei kantarellane vi plukka for to veker sida? Jepp.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tørka kantarell, forvella kantarell (begge frosne), løk, rødløk, kvitløk, rismelk og havrefløte.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Løk, Rødløk og kvitløk steikt i olje.

Fyst steikte eg løksortane mine gylne. Deretter hadde eg litt kantarell i og steikte det litt til. Dei fleste ville nok stoppa på gyllen løk, men eg elska smaken av stekt løk og synes liksom den gjer det lille ekstra i dei fleste kvite supper. Smak og behag, sjølvsagt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tilsett Maizena, rismelk og havrefløte. Evt. andre former for vegansk melk/fløte. La dette koke til all soppen er heilt mør. Så til favorittdelen min: Ta fram stavmiksaren og køyr.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ha i resten av kantarellen. La heile suppa putre til du er fornøgd med både konsistens på suppa og soppen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Godt!

Då eg søkte på kantarellsuppe på nettet så fant eg haugevis av oppskrifter. Av dei eg såg på så var det ingen som laga suppa på den måten eg har gjort no, men sånn er det når ein plutseleg skal gjere noko vegansk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Blomkålris.

Dette er kanskje noko av det enklaste eg har laga. Eg heiv 5-6 blomkålkvastar i blenderen og trykte på knappen. Så vart det ris! Eg brukte eit heilt blomkålhovud og måtte derfor gjenta prosessen eit par gongar. Om du har foodprosessor så kan du sikkert hive alt i på ein gong, men sånn fungerar i alle fall ikkje min blender.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

«Rista» kikerter.

Okei, eg veit ikkje om eg kan kalle kikertene rista. Dei er rett og slett berre krydra og steikt i olje. Då vi smakte på dei var reaksjonen noko sånnt som: «Kva smaker det???» «Eeehm, litt sånn eeh, nøttekjøtt?» Ja, det smakte ei blanding av nøtter og kjøtt. Og nei, det er ikkje fordi eg har gløymt korleis kjøt smaker. Eg åt fårikål i helga utan å vere så alt for stolt over det.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kantarellsuppe, blomkålris, rista kikerter og grønnkålchips.

I dag vil eg gjerne at alle skal tenke over kvifor dei et kjøt. Fins det ein anna grunn enn at det smaker godt? Det er ikkje for å presse tankar ned på folk, men for at folk kanskje kan gi temaet ein ekstra tanke. Ein har liksom alltid lært at CO2 er den største klimasynderen, men kva om dette ikkje er riktig? Om noken vil sjå ein film som tar for seg fleire sider av saka kan eg verkeleg anbefale «Cowspiration». Dokke finn den på Netflix, no excuses. Dokke må meir enn gjerne kommentere!

Grønnkålchips ala Fru Eriksen

I dag må eg dessverre meddele at eg nyttar det meste av mi tid til å teikne mannlege underliv. Sjukepleiestudiet, ass. Ein skal liksom kunne alt. Ein ting eg har skjønt er at det ikkje er hjelp i å berre lese ein tekst for så å gå til neste side. Då huskar ein vel kanskje 10% av det ein har lest (eller, det gjeld i alle fall dei fleste av oss). Meiner å huske at det finnast ein eller anna studie på det òg. Derfor er det greit å variere med litt teikning, notering og litt blogglesing (kremt). Sidan det er veldig mange latinske ord å lære seg så går eg heilt tilbake til barneskulen sin puggemetode. Huskar dokke då vi skulle lære å skrive bokstavar? Vi måtte i alle fall dekke ei heil side med desse ulike bokstavane. Så, det gjer eg med dei latinske orda òg. Kanskje ikkje ei heil side, då. Bra det berre er 500 sider i denne læreboka.. Neida, det er heldigvis sånn at det aller meste heng i hop. Har ein dermed lært seg noko så er det lettare å lære seg neste ting på lista. Phew.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein ting eg synes hjelp for konsentrasjonen er eit eller anna å knaske på. No seier det seg sjølv, om det skulle vere sjokolade kvar gong så, ja. I dag tok eg rett å slett å søkte på «grønnkålchips». Det gav mange resultat, og Fru Eriksen var sjølvsagt ein av dei som poppa opp. Dermed stjal eg inspirasjon der i frå, men gjorde det likevel på ein litt anna måte. Oppskrifta hennar finn du her.

Mi oppskrift:
→ Ca. ein pose med grønnkål
→ 2-3 ss olivenolje
→ 2 ts paprikakrydder
→ 2 ts Chilikrydder
→ 1 ts salt
→ Eit dryss av sitronpepper på toppen

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ta på så mykje olivenolje som du vil sjølv. Denne får krydderet til å feste seg og må dermed dekke kålen.

Må og må, Fru Blom. Ein vel sjølvagt kor mykje krydder ein vil at skal feste seg. Vil ein ha mindre krydder kan ein òg nytte mindre olje.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Salt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Smak på grønnkålen undervegs. Som vanleg liker eg mykje kryddersmak på alt eg et.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Legg grønnlålen ut over ei flate og set den i ovnen på 180 grader i 5-8 min.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Voila!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Supergodt og supersunt!

Eg må innrømme at etter å ha smakt på heilt vanleg grønnkål så var eg ikkje særleg begeistra. Det her der i mot, dette vert populært framover! Eg vil anbefale dokke å bruke heile grønnkålblad i staden for dei ferdigskylte posane – av praktiske årsakar. Den ferdig oppstrimla grønnkålen kan nok vere litt i minste laget.

«Kos deg med salaten din, du.»

Er det noko eg gjer så er det vel det. Med ein gong ein fortel til nokon at ein ikkje et kjøt så får du ein eller anna «morsom» kommentar angåande salat. Eg veit ikkje, men heller denne skåla her med salat enn tre brødskiver med smør, ost og skinke, liksom.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kålhovud, steikte tomatar, steikt champignon, grønnkål, soltørka tomat, oliven, avokado, raudløk, mais, kikerter, pasta og valnøtter. Du veit dei dagane du står opp og føler du kan ete opp alt du har av mat? Eg har i alle fall ein sånn dag og då er det ikkje anna å gjere enn å omfavne den. Etter ei veke med mat på farta og lite måltid utanom middagar er dette akkurat det eg treng!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eit par wraps og ein har laga ein perfekt frokosttaco som er lett å ta med seg til for eksempel lunsj på skulen eller jobben. To fluger i ein smekk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

♥  ♥  ♥

Koldtbord for to

Etter den inspirasjonen frå tidlegare hadde eg sjølvsagt lyst til å ha alt til middag. Sidan dette sjølvsagt er totalt umogleg testa eg ut nokre av alternativa. Eg steikte potetsticks, gulrot, champignon, rosenkål og tomat i ovnen. Kokte ris. Skar opp kålhovud og putta på litt grønnkål på tallerken. Det vart vel eigentleg meir avslapping enn matlaging når eg gjorde det på den måten.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sopp og rosenkål har mykje kortare steiketid enn resten og må derfor puttast i ovnen på slutten. 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som dipp til potetsticksa fekk eg lyst på chiliketchup. Chiliketchup kjøpt i butikk er vel og bra det, men det beste er sjølvsagt å lage det sjølv. Om ikkje det er sunnare så er det i alle fall billigare å lage sjølv. Korleis gjer ein dette då? Jo, ein blandar ketchup og chili. Kjempegodt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Når vi et middag får vi sett på våre etterlengta minutt med Netflix. I ein travel kvardag er det faktisk heilt gull å berre kunne slå på netflix, ete og ikkje seie eit ord. Den nyaste favoritten er Wallander. Haha, veit at serien ikkje er ny akkurat, men eg har berre nyleg byrja på nordiske seriar. Eg trur eg likar alle. Det er noko med stilen i serien som kjennast eigenarta for norden. Litt mystisk og litt meir ekte. Perfekt.