Daddelgodis/energibollar

Vegansk/glutenfritt/fritt for det meste

Siste oppdatering på den fronten her er at vi har begynt å trene. Ooofff. Vi gjekk og kjøpte oss sånn her semesterkort på treningssenteret (SiB). Tysdag var fyste dagen vi skubba oss sjølv bortover i den retninga og vi har måtte krabbe rundt om kring sida. Er det mogleg å bli så stiv og støl? Eg har trent ein del styrketrening før, så det er ikkje heilt ukjend terreng, men det er riktignok to år sidan no. På tysdag avtalte optimistane at torsdag skulle bli neste treningsdag. Ja, eg veit no ikkje. Vi skal bort dit, men det får vel bli eit særs roleg opplegg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I går var eg på butikken og fann dadlar på salg. Då fekk eg visst det lille kicket eg trengde for å endeleg lage meg den her daddelkonfekten som eg har tenkt på lenge. Som vanleg er oppskrifta i enklaste laget: Ein del hakka mandlar/mandelmjøl og to delar dadlar. Det er faktisk det heile. Så vel ein topping og evt. smakstilsetting sjølv.

Mi oppskrift:
◊ Ein del dadlar
◊ To delar finhakka mandlar
◊ 2 ss kokosmelk
◊ 1 ts kakao
◊ 2 ts sukrinmelis

Dokke ser sikkert at mi oppskrift har alt for lite dadlar og alt for mykje mandlar – dermed brukte eg litt kokosmelk i staden. Kvifor? Sånn vart det visst berre. Til gjengjeld så vart mi oppskrift veldig god! Eg endte med om lag 4-5 dl deig.

Om ein har foodprosessor kan ein hive alle ingrediensane i denne og trykke på knappen. Det har ikkje eg. Derimot har eg ein veldig god blender frå Kitchenaid. Eg brukte den til å hakke mandlane fyst og deretter dadlane. Ingrediensane blanda eg i ein bolle ved sida av.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dadlar er sjølvsagt veldig klissete, så for at det skal bli litt betre å servere dei er det greit med litt topping på. Eg har brukt ulike typar: Finhakka kokesjokolade, kakao, kakao/sukrin, utan og peanøttmjøl. Alle vart veldig gode – og nei, eg har ikkje plass til middag i dag, likevel. Haha!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Alt for godt!

Ein har som regel lyst til å servere fine konfektbitar når ein fyst held på. Det seier seg sjølv at om ein rullar desse bitane og lagrar dei så vil dei kanskje ikkje holde seg fine til same kveld ein gong. Eg anbefalar å anten lage deiga og ha den i kjøleskapet eller å faktisk berre lage deig og fryse ned. Rulle dei kan ein gjere rett før ein får besøket på døra og dermed har ein «perfekt» konfekt å vise fram. «Kvar har du kjøpt desse?» Knis. Desse er like perfekte til julegodis og som energibarar rett før trening. Dessutan så får ein slukka det kjende søtsuget som dukkar opp på kveldane.

Advertisements

Testing, testing, vegan candy?

I dag er planen å prøve seg på ein type vegansk candy. Får eg til det her då? Eg har kjøpt dadlar med ein tanke om noko trøffel-liknande, men det veit eg ikkje om er innafor mi erfaringskurve enno. Ein kan lage endelaust med ulike typar av alt. Nokre oppskrifter er stappfulle av «spesialprodukt» og nokre er heilt enkle. Bananpannekaker for eksempel? Banan, ein form for mjøl og litt rismelk. Snickers? Mørk sjokolade, peanøtter og peanøttsmør/peanøttmjøl så har ein det vel eigentleg. Eg kan sjølvsagt ikkje skrive under på at desse «oppskriftene» på bananpannekaker og snickers fungerar – dette er rein improvisasjon frå mi side. Kanskje kan eg fortelje ut i frå erfaring seinare!

lol

Bileter frå weheartit.

Eg er ferdig med den fyste obligatoriske, skriftlege innleveringa for semesteret – og det ein dag før. Det må sjølvsagt feirast. Eg kan ikkje huske sist eg var ferdig med noko ein heil dag før eg skulle. Heilt imponert sjølv, eg.

lol

Bileter frå weheartit.

Ja, eg har juksa igjen. Om ikkje så lenge har eg nok tatt nok bilder til å eigenprodusere desse kollasjane, men foreløpig så får dette berre holde. Det er i alle fall haugevis av inspirasjon i desse bileta!

No tenker sikkert mange at pokker at desse bileta kom på ein torsdag, men min plan er i alle fall å lage ein sunn variant. Ønsk meg lykke til!