Vegansk og glutenfri cookie dough-is

Fyste gongen eg prøvde meg på kokosis gjekk det så i dass som det kan gå. Den smakte alt for mykje kokos, den vart steinhard og full av iskrystallar. Eg trur at det faktisk er eit heilt år sidan eg forsøkte meg på is sist. Då eg gjekk forbi Tilbords for ei stund tilbake hadde dei isbollen/»ismaskina» til KitchenAid på sal. Det kunne eg sjølvsagt ikkje gå forbi. Etter ca. ein halvtime med «eg har fortjent dette fordi…(fyll inn kva som helst)», fekk eg jaggu med meg isbollen heim. Den er heilt gull. Eg er sikker på den kan gjere kva som helst til is og sorbet. Eg kan love deg at denne isen vert kremete, søt og kan lure alle former for veganskeptikarar!

No når eg skulle til å skrive om denne isen viser det seg at eg ikkje har notert oppskrifta eg laga meg sist. Dermed måtte eg til med ei ny runde islaging. Ikkje at det gjer noko (meir is), men søren òg. Det må eg verkeleg skjerpe meg på. Kvar gong eg liksom har tid til å poste noko har eg gløymt heile oppskrifta. Skulle gjerne visst korleis ein vart mindre surrehovud, eg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nokre av ingrediensane som er nytta i isen. Ein kan sjølvsagt bytte ut alt med noko anna om ein vil det, men dette er dei eg har nytta. Agavesirupen nytta eg ikkje no, men den vart nytta sist eg laga same isen.

Oppskrift på isen*:
♥ 4 boksar kokoskrem (1 liter)
♥ 1 dl maplesirup
♥ 3 ss agavesirup
♥ 3 ts JBKM (johannesbrødkjernemjøl)
♥ 1/2 ts vaniljepulver

*Etter å ha forsøkt meg på denne isen to gongar har eg kome fram til ei oppskrift som er ein kombinasjon av begge forsøka.

Denne oppskrifta har eg satt saman av sikkert 15 ulike inspirasjonskjelder. Dermed kan eg vel seie at eg har laga den sjølv, men med god hjelp i frå det vide internett. Eg har funne haugevis med ingrediensar og tips til å lage vegansk is, men eg har forsøkt å sette saman ei som kan handlast på Meny. Det å jobbe med varer ein kan få tak i på daglegvarehandelen synast eg er so mykje kjekkare enn å måtte bestille frå nettet. Ikkje berre er det kjekkare, men det sparar miljø, støttar nærmiljøet og er tryggare. Woho!

For å få ein mest mogleg kremete is vil eg anbefale å berre nytte kokoskrem som base. Opprinneleg hadde eg skrive at det går heilt fint å nytte feit kokosmelk òg. Det er forsåvidt korrekt, men den ferdige isen fekk ein mykje hardare konsistens ved bruk av kokosmelk som base. Altså, dersom du skal lage denne isen vil eg anbefale å berre bruke kokoskrem. På denne måten vil du få ein kremete is som slår fløteisane ned i støvlane.

Forrige gong eg laga denne isen nytta eg både agavesirup og maplesirup, men då hadde eg ikkje sukker i. Pga. at agavesirupen er sinnsjukt søt må ein vere særs forsiktig i bruken av den. Elles kan ein vel hive i kva søtning ein vil. Ein kan sikkert berre nytte sukker og få same resultatet. Eg er glad i sirupsmaken ein får frå maplesirup, men prisen er ikkje like fin for ein student.
Edit: Isen får ein rundare og hakket betre smak ved bruk av agavesirup istaden for sukker, men ellers fungerar det like bra.

Framgangsmåte:
1. Varm opp kokosmelk/kokoskrem saman med søtning til det vert ei jamn masse.
2. Ha i JBKM. Dette kjem til å klumpe seg noko heilt sjukt. Ikkje stress av den grunn.
3. Bruk stavmiksaren i røra til det (igjen) vert ei jamn masse.
4. Ha i vaniljepulver
5. Kjøl ned røra til romtemperatur på kjøkkenbenken.
6. Fortsett nedkjøling av røra i kjøleskap i ca. 4 timar.
7. Køyr i ismaskin til massa har fått ein stivare konsistens.
8. Ha i kjeksdeig eller anna snacks du vil ha i isen din.
9. Frys ned.

* Punkt 7 og 8 kan gjerast om ein anna, det avheng av kva du skal ha i røra. Kjeksdeig er til dømes lurt å ha i til slutt i røreprosessen, mens nonstop kan ein nok ha i når som helst så lenge røra er kald.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Samstundes som ein ventar på at isen skal kjøle seg ned, kan ein lage det ein vil ha i isen. Det treng for all del ikkje vere meir komplisert enn sjokoladebitar – ikkje at isen treng noko ekstra i det heile, men eg synast det er kjekt når eg fyst held på. Eg har, som overskrifta tilseier, laga kjeksdeig.

Oppskrift på kjeksdeig:
♥ 120 g smør
♥ 80 g sukker
♥ 100-150 g lyst, glutenfritt mjøl
♥ 50 g mørk sjokolade

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sidan dette smøret er vegansk og kvitt kan ein ikkje følgje den vanlege instruksjonen som er å piske smør og sukker til det blir kvitt. Berre pisk det heile til ei kremete og luftig masse før du tilsett mjølet så er du trygg.

Framgangsmåte:
1. Pisk smør og sukker til ei luftig og kremete masse
2. Tilsett mjøl til du har ei deig
3. Tilsett sjokoladebitar i ynskja storleik

For dei som har laga masse kjeks så vil nok oppskrifta på deiga virke litt merkeleg. Den har alt for mykje mjøl i seg til at det skal verte kjeks. Saken er, dersom ein lagar vanleg kjeksdeig og har det i isen vil heile greia berre bli ei stor smørje. Det fekk eg testa ut i dag. Dermed: Lag ei skikkelig god deig av kjeksdeiga. Skal du faktisk lage masse kjeks og ikkje deig til å ha i ein is, er denne oppskrifta her midt i blinken for det:

Oppskrift på kjeks som ikkje skal i isen:
♥ 250 g smør
♥ 170 g sukker
♥ 200 g fint, glutenfritt mjøl
♥ 50 g sjokoladebitar

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For at det faktisk skal bli cookie dough-bitar i isen bør deiga frysast ned og delast i bitar før den tilsettast isen. Eg gjer dette enkelt ved å legge eit bakepapir på ei flate, legge deiga på, og smørje den utover ved hjelp av eit anna bakepapir som berre vert liggande på toppen av deiga. Meget effektivt. Deretter legg eg deiga i frysen til isen er ferdig kjølt ned.

Samtidig som eg har ismassa i isbollen min har eg berre i bitane med kjeksdeig. Forrige gong gjekk det litt så som så, men resultatet vart likevel bra! Eit slikt prosjekt kan verke litt uoverkommeleg i starten, men dersom eg får det til, får du det til òg. Hadde dokke berre visst kor lite eg har både baka og laga søtsaker så hadde dokke nok blitt overbevist tvert. Om ikkje anna så er dette eit perfekt prosjekt til ei roleg helg!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg skulle eigentleg ha isen i frysen i går, men eg gløymde heile greia så den har stått i kjøleskapet til i dag. Den skal sjå litt sånn her ut før du har den i frysen, men den treng nok ikkje vere så tjukk som min. Den skal vere litt pudding-aktig og seig.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sjekk dèt resultatet då! Wooo! Dette er riktignok bilete frå forrige gong eg laga denne isen – då cookie dough-bitane vart vellykka. Det vart dei ikkje denne gongen, men då lærte eg at deiga må vere tjukk for å holde seg når isen vert rørt.

 

Øvrige tips:

Om du ikkje har stavmikser kan du enkelt blande JBKM i ein behaldar med 300 ml røre eller meir. Ein shaker eller eit tomt sylteglas er perfekte til dette. Husk å vere forsiktig – røra er særs varm! Viss du verken nyttar stavmiksar eller ein slik behaldar kan eg love deg at isen din vert full av klumpar.

Har du ikkje ismaskin så har eg lest at det skal vere mogleg å fryse isen ned utan. Då må ein visst røre i isen kvart 20. minutt. Dette har eg altså ikkje forsøkt sjølv enno, men eg har ein del av røra i frysen no og oppdatera dokke på det fortlaupande.
Edit: Eg gløymde å røre i isen kvart 20. minutt, dermed vart dette eit dårleg forsøk frå mi side. Det eg kan rapportere om, er at den ikkje hadde mykje iskrystallar og at den gjekk heilt fint å ete. Eg vil dermed tru at dersom ein huskar å røre i isen ofte så kan ein droppe ismaskina.

Denne isen smeltar mykje fortare enn fløyteis og kan dermed serverast få minutt etter den er tatt ut av frysen 😀

Advertisements

Risnudlar og brennsnut

Ei vare eg har savna i ein glutenfri diett er pasta. Eg har gått heilt ut i frå at det er kveitemjøl i all pasta. Det viser seg sjølvsagt å vere delvis feil. Det er verkeleg kveitemjøl i mykje merkeleg, men ikkje i risnudlar! No når eg fyst hadde kjøpt inn desse risnudlane så kan eg ikkje skryte på meg at eg var særskild positiv. Det skulle vore eit uttrykk som gjekk noko sånnt som dette: «Med ei negativ innstilling vert ein alltid positivt overraska.» Det verkar til å vere tilfelle for min del i alle fall. Det einaste vi gjorde var å koke risnudlane og ha i smør etter at vatnet var tatt av. Greit nok, nudlande smakar nok ikkje særleg mykje for seg sjølv, men eg vel å sjå positivt på det. No kan eg velje kva pastaen min skal smake heilt sjølv. Det treng heller aldri å verte kjedeleg dersom ein tenker på alle moglegheitane i staden for avgrensingane.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Risnudlane er nok heilt fantastiske med pesto, kvit saus, ostesaus, i buljong og i wok. Dersom ein skal ha dei i varme rettar vil eg foreslå å koke dei nesten ferdige og deretter tilsette dei på slutten av matlaginga. Dei vert nemlig ganske så skjøre om ein kokar dei for lenge. For all del, det vil nok ikkje spele noko rolle for smaken si skuld, men ein et med auga òg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg har skjønt at brennsnut er eit namn ein berre nyttar visse stadar. Sidan det kanskje treng forklaring for nokre kan eg seie at det eigentleg berre er ulike grønnsaker i suppe av buljong og vatn. Ein kan med andre ord ha i akkurat dei grønnsakene ein likar best sjølv. Vi har som regel i gulrot, potet, kålrabi, purre, løk og ulike krydder. Denne gongen hadde vi vel berre i alt for mykje pepper. Haha, vi sat og sveitta når vi åt. Jaja, betre lykke neste gong seier eg berre. Som i alle andre rettar er det greit å huske på at ulike typar grønsaker har ulike koketider. Potet tar til dømes lang tid, mens purre tar kort tid om ein likar den litt sprø. Det fine med dette er at ein kan hive i ein ingrediens og berre kutte opp alt det andre mens denne eine kokar aleine ei stund. Jubel for rask matlaging!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Om ein derimot ikkje har i alt for mykje pepper er dette ei heilt fantastisk kvardagssuppe. Eg brukte forresten restane av denne suppa i tomatsuppa eg laga i går. Har dokke sett reklama MatPrat har for tida med den der gjenbruksgreia? Dette er i alle fall eit genialt eksempel på det. Altså, om ein har i ei potet og litt gulrot i ei tomatsuppe så er det ingen som kjem til å merke noko som helst.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I mars har eg og typen forresten tenkt å forsøke å leve på eit så lavt matbudsjett som mogleg. Vi er i alle fall spente på korleis vi skal løyse den knipa. Eg har allereie juksa litt og kjøpt inn tofu for ein heil månad, så foreløpig ser det ut til å gå bra med ein sparsom månad. Haha!

Blomkål- og brokkolisuppe

Eg burde vel byrje å gje innlegga mine meir spanande namn, men kva skal ein liksom kalle dei? Blomkål- og brokkolisuppe med smak av vår? Haha, nei, eg trur eg held meg til dei vanlege overskriftene. Denne er i alle fall kremete og utruleg fyldig. Eg har tatt bilete av maten eg har laga i det siste, men eg har ikkje vore flink å dele den. No som vegansk og vegetarisk mat er i vinden er eg berre nøydd å hive meg på igjen. Eg blir så glad! Kan vere eg er for positiv, men eg trur verkeleg vi er på rett veg. Om ein ikkje gjer det heile veka så kan ein i alle fall bytte ut nokre av dei faste matvarene sine eit par gongar i veka utan problem. Kanskje vert tallerkenen din meir spanande av det òg? Kven veit!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg har byrja i praksis som sjukepleiar og dette er sjølvsagt heilt sinnsvakt travelt. Trur ikkje det er mogleg å pynte på det ein gong. Ein skal liksom vere i praksis fire gongar i veka, gjere heftige innleveringsoppgåver og lese pensum samtidig. Dessutan har eg byrja å spele fotball igjen. Sistnemnde er forresten heilt vilt kjekt! Okei, blablabla. Dokke vil sikkert ha ei oppskrift.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For å vere heilt ærleg så huskar eg ikkje nøyaktig oppskrift på denne, men eg lagar desse suppene som eg vanlegvis gjer og smell saman ei ca. oppskrift:

♥ Ein blomkål
♥ Ein brokkoli
♥ 2 dl soyafløyte
♥ 50 g smør
♥ Tilsett vatn til du har ønska konsistens
♥ Smak til med salt og pepper

Til baguettane laga eg kvitlaukssmør av ein boks Synnøve sin Smøremyk av raps og kokos og ca. 3 kvitlauksfedd. Kor mykje kvitlauk du nyttar må du sjølvsagt kjenne på sjølv. Eg er ganske vand med kvitlaukssmaken etter kvart og nyttar ganske mykje.

Eg dampa brokkoli og blomkål til dei vart heilt møre. Deretter heiv eg heile smørja i blendaren min. For at det faktisk skal bli suppe og ikkje purè puttar eg restvatnet etter dampinga i blendaren òg. På denne måten mistar ein lite vitaminar i prosessen. Kvastane eg har på toppen har eg tatt ut av gryta undervegs i dampinga. Eg likar at toppingen på suppa er litt sprø og tar dermed desse ut ein del minutt før eg sei meg nøgd med dei kvastane eg skal lage suppe av. Dessutan er det nydeleg godt med den konsistensskilnaden du får av heile grønnsaksbitar i ei kremete suppe.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Du kan tenke deg at vi vart mette etter dette måltidet. Denne suppa passar like godt til både middag og kvelds. Dersom du vil ha ein ekstra ompfh i suppa kan du hive i eit kvitlauksfedd i blendaren òg. Det varierar veldig om eg gjer det eller ikkje. Med kvitlaukssmør på baguettane kan dette verte litt mykje. Andre gongar tar eg i nokre dråpar med sitronsaft berre for å få litt meir kontrastar i smakane. Litt gul lauk eller litt purre er forsåvidt òg gode eksempel på korleis ein skal variere kvardagssuppene sine. Det er ikkje mykje som skal til for å få det lille ekstra i desse grønnsakssuppene.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg har forresten hatt ein del spanande prosjekt i det siste som eg tenkte eg skulle dele med dokke framover. Nokre av punkta på lista ser slik ut:

  • Facon
  • Vegansk og glutenfri cookie dough is
  • Vegansk parmesan
  • Tofu i ulike former
  • «Blomkålvingar» med røykaroma

Eg gledar meg så sjukt mykje til ein ny og inspirert matvår!

Min beste burger (sålangt)

Eg var rett og slett berre nøydd til å lage burger to dagar på rad. Eg har funne ei burgeroppskrift som i alle fall eg synast er perfekt. Eg kan driste meg til å seie at dei nesten smaker som kjøtt og at dei nesten ser ut som kjøtt. Men! Dokke! Dei er saftigare. Ååå, eg må varme meg en to no.

Oppskrifta bør lagast med stavmikser, blender eller foodprosessor. Man skal vel eigentleg ikkje ha bilete av sluttproduktet i starten av eit innlegg, men eg klarer ikkje å vente.

Sjå på dei då!!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Hallo, det ser ut som litt lyse kjøttkaker, jo!

Okei, get it together, liksom. Dei er hovudsakleg laga av linser og champignon. For å få enno meir smak i dei har eg i løk, kvitløk, salt, pepper, ingefær og muskat. Dette er akkurat dei same ingrediensane ein nyttar i kjøttkaker.

Oppskrift del 1:
350 g hermetisert champignon
530 g raude linser
1,5 løk
3 fedd kvitløk
1 ts salt
1 ts pepper
1 ts ingefærpulver
1 ts muskat

Lenger nede finn du del 2 av oppskrifta. Den inneheld olje og mjøl.

Ingen av måla i denne oppskrifta er heilt nøyaktige. Som i alle andre oppskrifter er dette sånn ca. det eg hadde oppi og det er berre å prøve seg fram sjølv. Langt i frå er det nok ikkje.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg starta med å ha alle ingrediensane utanom mjøl og olje i foodprosessoren og køyrte dette til ei jamn masse.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dersom du steiker den massa du har fått vil burgerane bli litt vanskelege å jobbe med. Dette forsøkte eg for tre dagar sidan. Eg måtte i alle fall gje opp det prosjektet. Dokke skulle sett kor demotivert eg vart. Så kom eg på at mjøl er ein fin ting og eg lagde heller ei deig av heile greia. Her tippa eg at ein kan velje akkurat kva type mjøl ein vil ha i sjølv. Eg prøvar å bli kvitt nokre restar eg har i skapet og brukte dermed ganske mange forskjellige typar. Fyste gongen eg lagde desse trur eg at eg berre prukte Maizenna og potetmjøl. Det fungerte heilt topp.

Oppskrift del 2:
5 ss rapsolje
8 ss glutenfri mjølblanding (lys)
4 ss potetmjøl
2 ss fiberhusk
2 ss kikertmjøl

Det eg gjorde i denne delen var å flytte masse frå foodprosessor til bolle. Manuelt arbeid er veldig greit når ein lagar deig synast eg. Det er så mykje enklare å jobbe med deiga på denne måten. Eg tilsatte 5 ss rapsolje til massen og prøvde meg fram med mjøltypar til eg var fornøgd. I notatblokka mi står det f.eks. «5 ss mjøl + 1 + 1». Sånn jobbar eg forsåvidt heile vegen på kjøkkenet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Burgerane ser til og med flotte ut før dei er steikte. Eg hadde vatn på henda når eg forma burgerane og deretter trykte eg dei ned i steikepanna med steikespaden min. Derav alle desse strekane i dei.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som tilbehør hadde eg; glutenfrie baguettar, dressing av sennep, majones og sylteagurk, steikte chilipoteter og steikt løk. Burgeren fylte eg ellers med dei grønnsakene eg hadde i kjøleskapet, i dette tilfellet vart det tomatar, spinat og gul paprika.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg har i alle fall verken sett eller smakt ein så god vegansk burger før. No har eg ete den fire dagar på rad – så det seier vel sitt.

Håper dokke testar den ut! Som alle andre av mine oppskrifter er desse sjukt enkle å lage. Ein kan heller nesten ikkje gjere noko feil. Eit tips er å steike ei side av burgeren om gangen. Altså, ei side av gongen blir det vel uansett, men å steike ei side ferdig før du steiker den neste. Då vert dei lettare å snu og dermed held dei seg lettare fine. Eg steikte dei i ein del rapsolje og på medium høg varme. Då må ein sjølvsagt følge med på panna òg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ps. Raude linser inneheld mykje av dei same næringsstoffa som ein får frå kjøt. Google it! Lite feitt og haugevis av protein, vitamin og mineral.

No skal vi besøke den nye leiligheta vår og måle opp alt sammen. Vi skal med andre ord finne ut kva møblar som passar inn og kva av våre møblar vi må kaste. Wææ! Vi skal flytte 😀