Blonde folk har det ikkje meir kjekt

Oppskrift: Selfies tatt på veg ut døra. Bilete lasta inn på telefon på bybana. Posta i smug på oppdrag for Kvarteret. I dag står eg på stand på Studentsenteret i Bergen. Vi går får flest mogleg frivillige dette semesteret. Som dei fleste som kjenner meg veit har eg engasjert meg på det største studentkulturhuset i Bergen: Det Akademiske Kvarter. Det er ca. 400 andre enn meg som gjer det same. Kven skulle tru at frivilleg arbeid kunne vere kjekt, liksom. Før eg begynte trudde eg ikkje på det litt ein gong, men så feil kan ein altså ta. No er det tilbake til arbeidet.

Hårfargen og klippen fekk eg på Ramsvik Frisør i Bergen sentrum. Det er eit mirakel at det vart så jevnt som det vart med tanke på det alt for bleika håret mitt. Så, tommelen opp for desse seier eg berre! Ja, det er meininga fargen skal bli litt lysare enn den er no. Det kjem til å forsvinne litt dei neste dusjane eg tar. Smil for nytt hår og nye frivillige i vaktgruppa vår i dag 😀



Parantes: Eg sto opp klokka 7 (som eg aldri gjer) så eg er dødstrøtt på desse bilda, men det får så vere.