Vaskemiddel av eddik og sitron

Dei siste dagane har verkeleg gått i eitt. Jobb, skule, trening, husarbeid og you name it. Tenkte likevel eg skulle stikke hovudet opp av sanden og dele det heimelaga vaskemiddelet «mitt» med dokke. No har det stått i nokre dagar og fått ein nydeleg gul farge. Ser nesten ut som ein kan drikke det. Ikkje berre ser det nydeleg ut, men det luktar heilt vannvittig godt òg. Oppskrifta eg brukte fann eg på Aftenposten sin serie: «Bærekraftig brukerhandbok.»

Oppskrift
→ 1 flaske 7% eddik (0,6 liter)
→ Skalet av ein sitron

Ein blandar rett og slett eddik og sitron. Blandinga skal stå i ein behaldar og trekke i 14 dagar. Dette er eit vaskemiddel som kan nyttast over alt. Etter det har stått i to veker kan ein f.eks. ha blandinga på ei tom sprayflaske og ta ei skikkeleg rensing på heile huset eller leiligheta. Om ein vil kan ein tynne det ut med litt vatn, men det verkar til at det er mest populært å bruke dette sånn som det er. Uansett kvar eg les finn eg berre folk som seier at eddiklukta, den forsvinn heilt og med ein gong.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eddik løyser opp fett og sitron drep bakteriar. Det er både billig og miljøvennleg! Fleire bruksområder av eddik kan du finne for eksempel her. Elles skal det berre eit lite søk på internett for å få opp artiklar som «100 bruksområder til eddik» og så vidare. Det fjernar dårleg lukt, fett og ein heil masse andre ting. Kven treng desse kjemikaliebombene ein kjøper på butikken, liksom.

Advertisements

Veganske Epleroser

Kan tenke meg at dokke har fått med dokke desse nydelege eplerosene som har surra i media den siste veka. Eg måtte sjølvsagt prøve. Burde vel eigentleg vere litt ydmyk og sånn, men eg har laga nydelege, veganske epleroser. To gongar. Fyst lagde eg det i går til eit tapasvors eg skulle på. Dei synast i alle fall desse var gode. Så måtte eg sjølvsagt lage dei til oss sjølve i dag.

Eg laga mine av vegansk butterdeig, aprikosmarmelade og raude epler. Fleire ingrediensar er det faktisk ikkje. Vi får starte med butterdeiga. Oppskrifta på denne stjal eg frå Vegetarbloggen og dokke kan finne orginalen her. Einaste skilnaden på den oppskrifta og mi er at eg brukte dobbelt så mykje mjøl.

Oppskrift:
→ 150g vegansk smør
→ 0,5 dl havrefløte
→ 1ts eddik
→ 2ss sukker
→ 5-6dl kveitemjøl

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bland smør, fløte, sukker og eddik i ein bolle eller i ei kjøkkenmaskin til ei jamn masse.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ha i kveitemjøl til det vert ei deig. Vil anbefale dokke å begynde med 2,5-3dl og deretter fylle på sakte, men sikkert.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Deigen skal sjå sånn her ut når den er ferdig.

Etter at deiga er laga skal denne stå i kjøleskap i ein halv time. Husk at hovudingrediensen er smør og dette vert veldig vanskeleg å jobbe med dersom deiga ikkje er kald. Samtidig som denne står i kjøleskapet kan du byrje på tilbehøret. Epla og aprikosmarmeladen skal gjerast klar òg. Eg nytta to epler og 4-5ss aprikosmarmelade.

Som sagt er neste steg å gjere epla klare. Desse delte eg i tynne skiver og la i vatn med sitron i. Som kjend så blir raude epler brune i fargen veldig raskt. Eit vannbad med litt sitron hindrar dette i å skje. For å gjere eplebitane enklare å jobbe med så varmar vi desse opp sånn at dei vert mjuke og muffinsane vert lettare å rulle saman.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Epla delar du i to og fjernar stilken på. 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kutt dei i tynne skiver. 

Når du tar deiga ut av kjøleskapet er denne ganske hard. Husk at det er mykje smør i den og ein treng dermed ein del mjøl på kjøkkenbenken for å få deiga lett av igjen. Rull deiga ut i ei rektangulær form. Bruk ei pizzarulle eller ein kniv for å dele deiga i bitar. Bitane skal vere ca. 5cm breide og 20cm lange.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Aprikosmarmeladen har eg varma opp i ei gryte før eg har smurt den utover deiga. Dessutan er det nokre teskeier med vatn i for at den ikkje skulle verte alt for tjukk. Eg har brukt stavmiksar for å få vekk dei største bitane. Ja, eg er 3 år når det kjem til store bitar i syltetøy. Haha, er det mogleg. Det er så absolutt ikkje nødvendig å fjerne desse bitane med mindre du er like sær på det som meg. Sylta fungerar som klister for eplebitane som skal leggast på deiga.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eplebitane er no varma (ikkje kokt!!! Då vert dei øydelagte) og vatnet er silt av. Som dokke ser på bilete under er eplebitane lagt berre på halvparten av deigbiten, det resterande skal brettast over eplebitane. Til slutt rullar ein berre deiga saman til ein muffins.

Forresten så vil eg anbefale dokke å ta vare på vatnet dokke varma eplebitane i. Det enda opp med å smake heilt nydeleg. Vi er sikkert superrare, men vi har i alle fall planar om å ha det i kjøleskapet og drikke det kaldt til frokost i morgon. Hallo, det blir jo nesten heimelaga eplejus, utan at eg har snøring på korleis ein lagar det, då.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Når alt dette er gjort ser muffinsane ut som på bileta under. Det spelar faktisk ikkje noko rolle om dei ser heilt forferdelege ut undervegs. Det gjorde mine – begge gongane eg prøvde. Muffinsane kjem til å sjå ut som roser nesten uansett kor mykje ein grisar det til i prosessen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ha litt kanel på toppen og dei er klare for ovnen. Vi steikte dei på 190°C i 40 minutt med over- og undervarme. Deretter skrudde vi ovnen til varmluft og 150°C. Eg plasserte eit kjøkkenhandle mellom ovnsdøra og ovnen for å få litt ekstra lufting (same metode som med kantarellane om dokke huskar det).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dei både ser heilt fantastiske ut og smakar heilt nydeleg! Wææ, kva har eg fått til, liksom? Neida, det var faktisk kjempelett. Før eg skulle lage dei så måtte eg ringe mamma, eg innsåg nemleg at eg aldri har baka noko skikkeleg før. Med andre ord, dette kan absolutt alle få til.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Litt melis på toppen og det ser ut som eit lite kunstverk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Psst. Her er ein Youtube-film om forklaringa mi ikkje er heilt på topp. Her er framgangsmåten i tekst frå same person. Sida ho hadde kjøpt deiga si på butikken (???) så måtte eg finne ei anna å bruke i mi oppskrift. Eg valgte vegansk butterdeig sidan det er ca. det same som den ho brukte. Ein kan sikkert velge andre deiger òg, men det var i alle fall ein enorm fordel at deiga ikkje heva. Ser for meg kaoset det hadde blitt om den hadde gjort det.

Do it yourself – for miljøet

Som eg har snakka om tidlegare er det ein heil masse saker ein kan gjere både for miljøet og seg sjølv. No har eg funne ut at eg skal prøve meg på å lage ulike ting sjølv. Ein ting vi brukar mykje av er såper, vaskemiddel, deodorantar og liknande. Desse er sjølvsagt stappa med både gode og mindre gode kjemikaliar. Stoffet som hindrar svette i mange av dei vanlege deodorantane er for eksempel aluminium. Kor fornuftig det er å smøre massevis av det utover huda kvar dag veit vi ikkje. I Noreg har vi heldigvis eit reglement som gjer at vi ikkje skal få i oss farlege mengder av desse mindre gode kjemikaliane. Problemet er at ein tar hensyn til mengda i kvart enkelt produkt og ikkje mengda ein får i seg dersom ein plussar saman nokre av desse produkta. Høyr, no har ho vore å surfa på internett igjen. Dette er kanskje ikkje tidenes beste kjelde, men VG har ein artikkel frå 2013 på saken her.

Nylig oppdatert

Heime har typen allereie starta enkelt med å vaske kaffetraktaren med eddik i staden for det kaffitraktarrensemiddelet ein får kjøpt på butikken. For, om vi er ærlege med oss sjølve, akkurat kor sannsynleg er det at kaffitraktaren treng eit heilt eige vaskemiddel? Null, spør du meg. Aftenposten har ein serie som dei fleste kanskje har sett frå før. Denne heiter «Bærekraftig Brukerhandbok» og du finn sida her. I dette programmet lagar dei blant anna tannkrem, shampoo, balsam og vaskemiddel til huset. Dei snakkar om ulike problemområder med kjemikaliar og dei testar ut produkta sjølve. Eg tenkte å teste ut nettopp desse produkta. Altså, kva taper ein på å prøve, liksom?

DIY household

Så, fyste prosjekt vart å rense kaffetraktaren med hjelp av eddik 7%. Neste prosjekt blir vel å lage vaskemiddel til hus. Dette er overraskande enkelt. Alt ein treng er eddik og sitronskal. På aftenposten så seier dei at eddik-lukta dampar vekk og dermed er det null problem å nytte eddik til nettopp dette. Eddik har den funksjonen at den fjernar feitt og sitron er bakteriedrepande. Eddik kan dermed nyttast i dusjen når denne skal vaskast. Dette har eg prøvd ved ei tidlegare anledning. Trikset er å la eddiken ligge på dusjkabinettet i ca. 30 minutt og dermed får ein vekk alt av feitt og andre godsaker. Om dokke huskar programmet der to damer reiste rundt til ekstremt skitne hus og gjorde desse reine så har dokke sjølv sett sitron i action. Dei brukte nemleg nesten utelukkande naturlege vaskemiddel. Her har vi ein ting eller to å lære.

Når ein lagar vaskemiddel til hus skal eddik og sitronskal blandast i for eksempel ei krukke. Dette skal trekke i to veker så eg får dessverre ikkje oppdatert dokke på saken før to veker er gått.

Nylig oppdatert

For oss som er studentar er i alle fall nokre av dei idèane som er illustrert i bilda over midt i blinken. Det er snart jul og mange av desse produkta er perfekte til å gje i gåve. Ta vare på alt av tomme glas framover og bli med på prosjektet mitt då, vel! Om nokon av dokke som les dette her har testa ut liknande ting heime så vil eg veldig gjerne høyre korleis det heile gjekk! Blir så glad for tilbakemeldingar at dokke anar det ikkje. Smil!

Follow my blog with Bloglovin