Søndagstips: Blomkålbladchips

Då eg skulle lage den woken på torsdag så nytta eg ein heil blomkål. Det endte med at eg sto med ein heil masse friske og fine blomkålblad som eg synast det var for ille å kaste. Når eg lagar blomkålsuppe eller andre grønsakssupper brukar eg å hive alle dei fine blada i suppa òg. Stilk og blad og heile sulamitten.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eit kjapt internettsøk gav meg inspirasjon til å forsøke blomkålbladchips. Frå no av kjem eg ikkje berre til å sjå på sjølve blomkålen når eg handlar, men blada òg, for dèt var heilt nydeleg godt. Svoltne som vi var så endte denne chipsen opp som forrett hos oss.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift:
♥ Fine blomkålblad
♥ Nokre spiseskeier olivenolje
♥ Kvitløkspulver
♥ Dill

Eg hadde fyst blada og oljen i ein bolle og strødde deretter over krydderet før eg blanda det heile godt.

Dei vart steikt på 180° i 15-20 min.

Blada vart sprø og fulle av smak og stilken vart mør og smakte akkurat som vanlege blomkålkvastar. Sjølv om eg brukar blada i mykje anna vart eg overraska over akkurat kor smaksrike dei var. Desse og litt grønkålchips så kan ein nyte ei skikkelig sunn helg! 😀

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Til no har eg brukt blomkålblad og stilkar i supper, stapper, purèar og som chips. Bruksområda til ein blomkål er visstnok endelause.

Advertisements

Vegansk potetgull

Til neste semester så må eg definitivt kutte ut ein av aktivitetane som tar opp livet mitt. Eg merkar at eg rett og slett ikkje har tid til å gjere ting som eg faktisk har lyst til – og er det noko som er viktig her i livet så er det vel nettopp dèt. Ein må huske å gjere ting ein har lyst til. Då gjenstår det berre å finne ut kva av aktivitetane som må gå. Eg er i alle fall sjeldan fullt og heilt på ein stad. Sikkert mange av dokke som kjenner på det same. Dette er vel sjølve rota til stress. I tillegg innser eg nøyaktig kor mykje anatomiboka mi faktisk inneheld, dermed har eg fått litt panikk og lest i to dagar i strekk. Haha! Ser for meg at heile veka går med til pugging av alle moglege slags kroppslege funksjonar. Eg ante for eksempel ikkje at nervesystemet var så komplisert. Duh, kan du sei. No har eg i alle fall ei lita oversikt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I helga så testa eg ut desse to typane potetgull. Den eine er laga av quinoa og den andre av hummus. Spennande! Begge smakte vannvittig godt, men den av hummus med tomat og basilikum går av med seieren når det kjem til desse to. Begge er sjølvsagt veganske. Eg kjøpte mine på Kinsarvik i Bergen sentrum, men ein kan heilt sikkert finne dei mange andre stadar òg. Dei er forresten supergodkjent av typen – kongen av potetgull her i huset. Det beste med det heile er at desse posane kostar ca. akkurat det same som vanleg potetgull som ein vanlegvis kjøper på daglegvarehandelane.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg er så glad for at dokke faktisk gidder å poppe innom her sjølv om eg ikkje har posta noko på fleire dagar. Dokke er så gull! At dokke har besøkt og lagt igjen kommentarar varmar verkeleg. Dette kjenner eg har blitt ei sak eg brenn for og dermed varmar det ekstra at dokke orkar å lese det eg skriv. Eg gledar meg massevis til fortsettelsen og håpar dokke ikkje gir meg opp på ei lita stund enno :*

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Om dokke lurer så forsvant alt av potetgull i rekordfart.

Heimelaga chips av søtpotet og potet

Etter at eg fekk til den der grønnkålchipsen med vannvittig presisjon måtte eg berre fortsette i samme spor. I dag laga eg dermed chips av potet og søtpotet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Skjær potetene i så tynne skiver som du får til. Bland i krydder og olje. Eg brukte samme krydder som i går: Salt, chilikrydder, paprikakrydder og sitronpepper. Ein kan sjølvsagt bruke akkurat det ein vil.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For å tørke det heile har eg lagt det ut over ei flate i ovnen og nytta same metode som vi gjorde då vi tørka kantarellar. Det er ein skilnad frå kantarell-metoden og denne. På chipsen så steikte eg den på 170°C på varmluft til skivene var møre (5-10 min). Dersom du gjer dette så må du følge med – det svir seg i det sekundet du ikkje gjer det! Deretter fekk chipsen stå på 50°C til flaka var heilt sprø. Når ovnen var på lav varme hadde vi på varmluft og laga ei 2 cm stor glipe mellom ovnsdøra og ovnen (som illustrert i posten om kantarellar). Det heile tok ca. 4 timar hos oss, men når ovnen står på lav varme treng ein berre å sjekke chipsen ein gong i halvtimen. Det heile er dermed rimeleg avslappande arbeid.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Wææ, kva har eg fått til no?! Kjempegodt.

Grønnkålchips ala Fru Eriksen

I dag må eg dessverre meddele at eg nyttar det meste av mi tid til å teikne mannlege underliv. Sjukepleiestudiet, ass. Ein skal liksom kunne alt. Ein ting eg har skjønt er at det ikkje er hjelp i å berre lese ein tekst for så å gå til neste side. Då huskar ein vel kanskje 10% av det ein har lest (eller, det gjeld i alle fall dei fleste av oss). Meiner å huske at det finnast ein eller anna studie på det òg. Derfor er det greit å variere med litt teikning, notering og litt blogglesing (kremt). Sidan det er veldig mange latinske ord å lære seg så går eg heilt tilbake til barneskulen sin puggemetode. Huskar dokke då vi skulle lære å skrive bokstavar? Vi måtte i alle fall dekke ei heil side med desse ulike bokstavane. Så, det gjer eg med dei latinske orda òg. Kanskje ikkje ei heil side, då. Bra det berre er 500 sider i denne læreboka.. Neida, det er heldigvis sånn at det aller meste heng i hop. Har ein dermed lært seg noko så er det lettare å lære seg neste ting på lista. Phew.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein ting eg synes hjelp for konsentrasjonen er eit eller anna å knaske på. No seier det seg sjølv, om det skulle vere sjokolade kvar gong så, ja. I dag tok eg rett å slett å søkte på «grønnkålchips». Det gav mange resultat, og Fru Eriksen var sjølvsagt ein av dei som poppa opp. Dermed stjal eg inspirasjon der i frå, men gjorde det likevel på ein litt anna måte. Oppskrifta hennar finn du her.

Mi oppskrift:
→ Ca. ein pose med grønnkål
→ 2-3 ss olivenolje
→ 2 ts paprikakrydder
→ 2 ts Chilikrydder
→ 1 ts salt
→ Eit dryss av sitronpepper på toppen

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ta på så mykje olivenolje som du vil sjølv. Denne får krydderet til å feste seg og må dermed dekke kålen.

Må og må, Fru Blom. Ein vel sjølvagt kor mykje krydder ein vil at skal feste seg. Vil ein ha mindre krydder kan ein òg nytte mindre olje.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Salt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Smak på grønnkålen undervegs. Som vanleg liker eg mykje kryddersmak på alt eg et.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Legg grønnlålen ut over ei flate og set den i ovnen på 180 grader i 5-8 min.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Voila!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Supergodt og supersunt!

Eg må innrømme at etter å ha smakt på heilt vanleg grønnkål så var eg ikkje særleg begeistra. Det her der i mot, dette vert populært framover! Eg vil anbefale dokke å bruke heile grønnkålblad i staden for dei ferdigskylte posane – av praktiske årsakar. Den ferdig oppstrimla grønnkålen kan nok vere litt i minste laget.