Smoothiebowl

Mange har sikkert fått med seg trenden, smoothiebowl er visst den nye måten å innta frokost på. Eg måtte sjølvsagt prøve det ut. Etter denne frokosten kan eg så absolutt forstå kvifor dette har blitt ein enorm trend. Smoothie er næringsrikt i seg sjølv, men kanskje ikkje det aller mest mettande for nokre. På denne måten får ein altså i seg ein fullverdig frokost som er sunn, mettande og ser aldeles nydelig ut. Ein slager i mine auger.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I min smoothiebowl:
→ Bringebær
→ Jordbær
→ Sjølvplukka blåbær
→ Kokosmelk
→ Isbitar
→ Hasselnøtter
→ Havregryn.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For at frokosten skal gå raskt å lage hadde eg dei frosne bæra i kjøleskapet i går. På denne måten var dei ferdigtinte når eg sto opp. Eg likar som regel smoothien min litt isete – om det er eit ord. Dermed hadde eg nokre isbitar i blendaren og trykte på knappen. Frokost på nokre få minutt. Eg vil tørre å påstå at det ikkje tar lenger tid enn å smøre 2-3 brødskiver. Og så er det så mykje meir spennande enn desse kjedelege brødskjevene. For ikkje å snakke om sunnare. Ja, eg er solgt. Dette vert eit fast innslag kjenner eg. Dessutan er frokostgåta for ein glutenfri veganer ganske så løyst.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det er eit heilt vannvittig vær i Bergen for tida, og eg sit inne med ein heimeeksamen. For å ikkje verte heilt nedslått av heile opplegget vert det ein tur på Ulriken litt seinare. Kanskje vi får sett solnedgangen i alle fall! Åh, studentlivet ♥

Nei, jeg hakke tid

Smoothie her og smoothie der! Ein ser desse oppskriftene over alt og heile tida. Massavis av ulike variantar og alle er like fristande. Dersom dokke er sånn som meg så orkar dokke rett og slett ikkje å styre med å lage desse smoothiane kvar einaste dag. Du veit desse tomme glasbeholdarande som du må resirkulere både titt og ofte? Dei kan du for eksempel bruke til oppbevaring av smoothiar (eller middagsrestar) i kjøleskapet. Ristar du litt på smoothien er den akkurat som om du skulle laga den same dagen. Kjempelurt på travle dagar – ein sånn som eg for eksempel har i dag (og har hatt heile helga!).

Frosne bær er forresten smoothie heilt i studentpris – og no som det er haust kan ein plukke blåbær heilt sjølv og heilt gratis! Perfekt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Blåbær, bringebær og sukrin.

Bruksområda til desse glasbeholdarane er eigentleg endelause. Du kan oppbevare meir eller mindre alt av småting i dei (perfekt for ein som organiserar _alt_). Du kan bruke dei som drikkeglas og du kan spraylakke dei så vert det ganske så fine vasar. Det beste av alt er kanskje at du får dei med på kjøpet kvar einaste dag.

Helga har eg via fullt og heilt til jobbing på Kvarteret og rekruttering av nye frivillige. I går viste eg for eksempel ein haug med ferskingar korleis bruk av handjern fungerar. Haha! Superkjekt å stressteste nye ansikt.