Bloggosfæren

Dette har eg aldri gjort før, men eg føler noko manglar. Eg kan ikkje ete kveitemjøl/gluten og eg har ikkje lyst til å ete særleg mykje animalske produkt. Kanskje dette er ei bloggnisjé eg kan hive meg inn i? Eg skal i alle fall dele matvanane mine her. Maten min er for det aller meste handla på vanlege matvarebutikkar og den er som regel rimeleg enkel å lage. Så – dette er ein blogg om mat. Den skal vere enkel, glutenfri, utan kjøt (for det meste) og (hopefully) smakar den nokon lunde godt. Og for å gjere det heile enno meir sært så skriv eg på nynorsk. Dette må jo berre gå bra!