Tropisk start på dagen

Eg hadde tidenes start på dagen med ein smoothie av kokosmelk, mango, banan og frosne jordbær. Sidan eg ikkje alltid er heilt klar for eit stort måltid om morningen så vert det ofte ein smoothie for min del. Om ein tilset fett i smoothien vert det heile eit fullverdig måltid. 

No har eg vore i forelesing og lært at den beste måten for å unngå smitte er å unngå andre folk sine kroppsvæsker. Og eg skal på treningssenter no – hei, paranoia.

Har dokke sett noko så freeesht? Dette vert definitivt frokost dei neste dagane óg. Det er mogleg eg ikkje klarer å vente lenger enn til etter trening 

Advertisements

Tropisk frokost

Dette er kanskje frokosten for dei med litt betre tid om morgonen. Frokost, kvelds, lunsj, desse tropiske fruktene kan nyttast i dei fleste måltid. Banan er kanskje litt kjedeleg og kvardagsleg då, men alle burde unne seg ein frokost som dette ein gong i blant. Den er i alle fall perfekt som søndagsfrokost. Brødskiva taper for sånne delikatesser som dette anyday.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg er så forelska i pasjonsfrukt som ein kan bli trur eg. Favorittdrinken min inneheld pasjonsfrukt, men eg har liksom aldri ete den aleine. Eg kan verkeleg tenke meg at den passar perfekt til søte dessertar. Smakseksplosjon, altså. Om dokke spring til butikken av desse bileta vil eg fortelje at pasjonsfrukt er moden når skalet er skrukkete. Ananas er moden når skalet luktar søt ananas og banan er best når dei er heilt gule 😀 Det er ikkje alltid lurt å handle dei friskaste fruktene – desse er gjerne ikkje modne. Og eit miljøtips; når du står og ser på banane, velg dei single. Det er størst sjanse for at desse går i bosset. Ikkje fordi dei er dårlege, men fordi ingen kjøper single bananer. Utanom meg då, haha! Eg fekk med meg heile sju single bananer i går. Så, i dag vert det banan til alle måltid 😀

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

♥ Pasjonsfrukt inneheld jern, kalium, E- og C-vitamin.

♥ Ananas inneheld kalium, betakaroten og C-vitamin.

♥ Banan inneheld vitamina A og C. Elles har den kostfiber i seg, høgt innhald av kalium og er dessutan rik på betakaroten.

Kva skal ein vel med multivitamintablettar?

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

No skal eg hive meg på forelesing og endeleg dra meg inn på det der SiB-gymmet etterpå. Eg har ikkje vore på tunge styrketreningar på eit halvt år – eg kjem til å bli så støl at dokke anar det ikkje.

Smoothietid

Kva er den beste måten å bli frisk på? Det må vere smoothies. Så mykje næring i eit glas får ein vel få andre stadar. Her ein dag strumpla eg over ein artikkel med eit utval smoothies. Desse såg usedvanleg fristande ut og dermed måtte eg sjølvsagt teste dei ut. No har vi testa to av dei og ein improvisert med inpirasjon frå ein av dei i artikkelen. Orginalane kan du finne her. Sjå vekk i frå at poenget i denne artikkelen er slanking. For min del var det dei næringsrike ingrediensane i smoothiane som solgte. Reduksjon i vekt er ikkje mitt fokus. Det kan eg vel sjeldan understreke nok.

Vi skulle i utgangspunktet teste ut ein kokosmelksmoothie med hasselnøtter og kakao. Sidan vi ikkje hadde hasselnøtter testa vi korleis det vart med mandlar i staden. Smaken vart heilt tipp topp, men mandlane er nok lit grovare enn hasselnøttene – sjølv etter ein lang tur i blendaren. Dermed er det nok betre med hasselnøtter, men for all del, den var veldig god med mandlar òg.

Dersom dokke trykker dokke inn på artikkelen eg har linka til kan eg nemne at eg har prøvd ein nesten identisk smoothie som den dei kallar: «Grønn smoothie med mynte og spinat». Denne vart laga ved ei tidlegare anledning, men eg kan absolutt anbefale den òg!

Oppskrift:
2 porsjonar
♥ 2 dl mandlar
♥ 100 gram isbitar
♥ 1 dl rismelk
♥ 3 dl lett kokosmelk
♥ 1 ts honning
♥ 1 ts kakaopulver
♥ 1 stk banan

I den orginale oppskrifta nytta dei vaniljesukker i tillegg, men dette var absolutt ikkje naudsynt. Litt usikker på effekta frå ei ts med honning når det likevel er nytta banan som søtning, så eg trur igrunn ein heilt fint kan droppe denne ingrediensen òg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kokosmelksmoothie med mandlar og kakao

Som sagt vart kokosmelksmoothien med hasselnøtter og kakao hakket betre enn den med mandlar. Smaken var igrunn ganske så lik, men det var konsistensen som gjorde at hasselnøtter vant likevel. Her er oppskrifta rimelig lik som den over.

Oppskrift:
2 porsjonar
♥ 2 dl hasselnøtter
♥ 2 dl rismelk
♥ 2 dl lett kokosmelk
♥ 1 ts honning
♥ 1 ts kakaopulver
♥ 1 stk banan

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kokosmelksmoothie med hasselnøtter og kakao

Av dei tre ulike vi har laga dei to siste dagane var det mangosmoothien med ingefær som stakk av med fysteplassen. Denne var heilt fantastisk god. Eit hint her er vel kanskje at du må like ingefær ganske så godt elles vil nok ikkje denne smothien vere noko for deg. Ingefærsmaken var sterk. For meg er det sjølvsagt heilt perfekt. Eg har hatt skikkelig vondt i halsen, men når eg drakk denne så berre røska den opp i alt grumset og fiksa heile opplegget. Altså, det er ikkje noko mirakeldrikk, eg er fortsatt sjuk, men her kan ein nesten bytte ut ibux med ein smoothie. I love it.

Oppskrift:
2 porsjonar
♥ 100 gram isbitar
♥ 1 stk mango
♥ 2 dl eplejuice
♥ 0,5 stk banan
♥ 30 gram ingefær
♥ Saft frå ein halv lime

Her har vi berre stjåle heile oppskrifta. Einaste skilnaden er at vi ikkje gidder å ha ei halv banan på kjøkkenbenken så vi heiv i ei heil banan i staden. Herregud, den ingefærsmaken kombinert med det søte og sure – eg kunne drokke litervis.

I dei orginale oppskriftene er det brukt kumelk i staden for rismelk. Eigentleg tvilar eg på at ein trenge å bruke verken kumelk eller rismelk og at det gjer særs lite forskjell om ein faktisk berre byttar ut melketypane med vatn eller meir kokosmelk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mangosmoothie med ingefær

Om du vil ha begge porsjonane for deg sjølv kan ein f.eks. lagre desse i kjøleskap i eit tomt og vaska syltetøyglas til kvelden eller til dagen etterpå. Smoothiar har generell lav holdbarhetstid så eg ville nok ikkje venta for lenge med å drikke dei opp, men det tvilar eg sterkt på at blir eit problem uansett 😀

#1 av enkle frokostar

Dette kvalifiserast sannsynlegvis i topp 10 av enkle frokostar ein kan lage seg. Likevel så er det ein av favorittfrokostane mine. Peanøttsmør og banan på knekkebrød med mandlar og cashewnøtter som snacks. Det held i alle fall meg mett i fleire timar. Særleg sunnare og raskare kan ein vel heller ikkje få det.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I dag skal eg byrje på min aller fyste lab-journal. Eg berre mimrar tilbake til biologi på vidaregåande og tenker at dette er ein aktivitet eg helst vil sleppe. Så kjem dette obligatoriske aspektet inn og det er faktisk berre å sette seg ned og skjerpe skallen. Off, eg mislikar lab-journalar. Det blir min fyste, men langt i frå min siste. Woho! (Greit, det er veldig lærerikt.)

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Yumyum, med denne frokosten i magen skal lab-journalen gå som ein leik.