Kan det kallast taco?

Vi skulle eigentleg på butikken for å handle, men så kom vi på at i morgon då er det trippel-trumf. Det er vel ikkje noko som er betre enn sånne tilbod som student. Dermed vart handlinga utsatt til i morgon og vi heiv i hop ein merkeleg rett av det vi hadde i skapet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg stod med ein liten del brokkoli i handa og ønskte meg guacamole. Tenkte at det var vel berre å prøve. Eg dampa brokkolien, hadde i nokre spiseskeier havrefløte og eit fedd kvitløk og miksa med stavmikser. Heilt genialt spør du meg. Kva skal ein kalle sånnt då? Brokkoli-guacamole?

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sennepsdressingen laga eg av:
→ 3 ss majones
→ 2 ts dijonsennep
→ 3 skiver sylteagurk

Dette er nok min favorittdressing. Den er sterk, spekka med smak og akkurat så syrleg som eg likar dressingar.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ingrediensane vart altså:
→ Lefse
→ Brokkoli-guacamole
→ Sennepsdressing
→ Rista kikerter
→ Steikt løk
→ Steikt champignon
→ Hovudkål
→ Mais
→ Soltørka tomat

Hahaha, for ein rett. Jaja, godt vart det i alle fall.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Samtidig som eg steikte kikertene her så laga eg knekkebrød og kikertpostei. Veldig spent på knekkebrøda, for eg har aldri laga dei akkurat sånn som dette før. Så lenge dei heng saman er eg nøgd, men det var det då!

Advertisements

Kikert- og tomatwraps

No har eg og typen laga felles timeplan. Haha! Er det mogleg? I ein så hektisk kvardag er dette kanskje eit av dei betre tiltaka vi har gjort. Ein felles timeplan på nettet, liksom. Hallo, vaksenliv og seriøsitet. Pfft. Neida, vi er faktisk nøydde. Anten er vi på jobb eller så studerar vi, om vi då skal få tid til trening og ordentlege middagar så må det nesten planleggast i forkant. Det beste med det heile er at eg kan føre inn «vaske badet» på typen si side av timeplanen. Knis.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dagens middag er ei blanding av tomatar, kikerter, rødløk og oliven. I tillegg er det diverse krydder (kvitløk, chili, pesto osv.) blanda inn i smørja. Dette vart, som dokke ser, lagt ut over lefser. Deretter steikte vi det i ovnen på 100°C i 7-8 minutt. Heilt vegansk og supergodt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Målet før skuledagen byrjar i morgon er å trene. Eg er veldig spent på om det blir noko av. Veit ikkje om eg nokon gong har fått til å trene før klokka 09:00 om morningen. Kanskje vert det ein slags personleg rekord i morgon? Vi får sjå. Det vert i alle fall rekord i kveld. Eg seier god natt og klokka er 22:30. Jaja.

«Kos deg med salaten din, du.»

Er det noko eg gjer så er det vel det. Med ein gong ein fortel til nokon at ein ikkje et kjøt så får du ein eller anna «morsom» kommentar angåande salat. Eg veit ikkje, men heller denne skåla her med salat enn tre brødskiver med smør, ost og skinke, liksom.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kålhovud, steikte tomatar, steikt champignon, grønnkål, soltørka tomat, oliven, avokado, raudløk, mais, kikerter, pasta og valnøtter. Du veit dei dagane du står opp og føler du kan ete opp alt du har av mat? Eg har i alle fall ein sånn dag og då er det ikkje anna å gjere enn å omfavne den. Etter ei veke med mat på farta og lite måltid utanom middagar er dette akkurat det eg treng!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eit par wraps og ein har laga ein perfekt frokosttaco som er lett å ta med seg til for eksempel lunsj på skulen eller jobben. To fluger i ein smekk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

♥  ♥  ♥

Lillelaurdag og tacopizza

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I helga skeia vi ut med både ost og skinke og hadde utruleg nok litt til overs. Sida begge deler var opna, måtte det nesten brukast i dag. Då vart det minipizza med skinke og ost. Haha, cheatday!!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eit par tacolefse, litt tacosaus, kidneybønner, mais, oliven, skinke og ost. Vi trøstar oss med at frokosten var vegansk. Neida, no er tross alt poenget med prosjektet mitt å ete nesten vegansk. Synes det går bra, eg! Vi kjem nok til å lage dette fleire gongar, men då ein vegansk variant. Bytte ut osten med tomatar og skinka med anna tilbehør så blir det nok vel så bra. Kjenner at det faktisk er blitt litt kvalmande med ost. Kven skulle tru at eg skulle syns det, liksom. Før åt vi ein kilo ost i veka! Nei, bra vi endra på det, ja.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kreolsk krydder på toppen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Snart har eg kutta ut ost òg. Snart. Dette er, om ikkje anna, ein sunn, rimeleg og god studentmiddag! 😀

Tacofræddag

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi har sjølvsagt tacofredag hjå oss òg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Avocado, chili, løk, kvitløk og sitron/lime til guacamole.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vår guacamole har nokre spiseskeier rømme i seg i dag og får dermed ein lysare grøn farge.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For å bruke mindre kjøt blandar vi i ein del kidneybønner.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg har endeleg funne meg nokre gode, glutenfrie lefser – og dèt på Rema1000!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mmm!

Vi har bestemt oss for å prøve ut ein matveg med mindre kjøt. Dette betyr ikkje nødvendigvis at vi ikkje et kjøt i det heile, men at vi for eksempel avgrensar det til helger eller resaurantbesøk. Eller gjer sånn som no at vi nyttar 50/50 kjøt og bønner i tacoen. Hittil har ikkje vi sakna kjøt i det heile. For meg er det mest vanskeleg å ikkje ha ein klatt smør i maten. Vi kan veldig lite om eit kosthold utan/med lite animalske produkt, så dersom noko blir gjort feil eller nokon har idèar til betre løysingar set eg uendeleg stor pris på det!