Superlanghelg

Sidan det no er superlanghelg og unnskyldningane for å kose seg med søtsaker står i kø, foreslår eg å bytte ut fredagssmågodtet med frukt, nøtter, smoothies eller andre sunne (og gode!!) erstatningar. Kroppen min set i alle fall mykje meir pris på 20 bitar jordbær enn 20 bitar smågodt. Altså, no må dokke ikkje misforstå – eg et usunne ting òg. Sjølv om eg sit meir med handa i chipsposen enn utanfor på laurdagar, betyr ikkje dette at eg må gjere det på fredagar òg (dei to konfirmasjonane eg var i forrige helg hjalp forsåvidt ikkje på heller). Ein treng verkeleg ikkje godteri for at det skal vere helg. Eg tenker å spare alle usunnheter til 17. mai denne langhelga, så kan eg i alle fall skeie godt ut med god samvittigheit då.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg såg ein dokumentar for ikkje så lenge sidan der ein av forskarane sa: «I dag kan du ete så mykje is, kjeks og godteri du berre vil – men, du må lage det sjølv.» Han konkluderte med at alle ville endt opp med å ete/drikke mykje mindre sukkerhaldige varer enn det vi gjer i dag. Etter eg laga is sjølv har eg nesten slutta å ete is i det heile, og eg var tidenes ismoms. Sjølvsagt visste eg at is ikkje var sunt, men eg fekk likevel sjokk over innhaldet når eg sto å blanda det saman sjølv.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Målet med denne forferdelege bølga av skyldfølelse er ikkje å ta fra nokon fredagskosen. Det einaste eg vil er å motivere til sunnare val i kvardagen ♥

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Havregrynsgraut med heimelaga peanøttsmør

I går vart forelesinga avlyst og dermed hadde eg all verdas tid til frokost. Typen foreslo havregrynsgraut. Njæææ, sa eg då, men det skulle vise seg å vere den beste frokosten eg har ete på fleire veker. Eg har verkeleg ete mine skåler med havregrynsgraut i mitt liv, men eg har nok ikkje smakt på det sida eg budde heime med ho mor. På tide, med andre ord!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift på havregrynsgraut (gjev cirka 3 porsjonar):
♥ 3 dl havregryn
♥ 9-10 dl væske

Vi brukte ein liter soyamelk, men her kan ein velge kva forhald ein vil ha sjølv. Nokre brukar 50/50 vatn og melk og andre har meir vatn enn melk i.

Framgangsmåte:
1. Ha i ingrediensane (tilsett 2/3 av væska, deretter litt og litt til grauten er ferdig)
2. Kok opp
3. La grauten putre på låg varme i 10-15 minutt (rør ofte!)
4. Ferdig!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift på peanøttsmør:
♥ 300 g usalta peanøtter – mine var rå òg
♥ 6 ss rapsolje (helst peanøttolje)
♥ 3 ts lønnesirup

Sidan eg har vore på ein etnisk butikk og handla peanøtter viste det seg at desse hadde skal på seg og var rå. Derfor la eg peanøttene i vatn og renska av dei skalet for hand. Etterkvart som skalet løsna flaut det opp og gjorde det heile til ein enkel prosess. Ein kan visst ha peanøttene i ein behaldar og riste godt, så skal skalet løsne av seg sjølv – det fekk eg ikkje til. Etterkvart som peanøttene var reinska la eg dei over på ein kjøkkenduk sånn at vatnet fekk renne av dei.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte på peanøttsmøret:
1. Ha peanøttene i ein foodprosessor og køyr til dei har blitt finhakka
2. Tilsett olje, søtning og evt. salt (eller det du måtte ønske)
3. Køyr blandinga til du har ei jamn masse
4. Ferdig!

Som dokke ser på bileta vart ikkje mitt peanøttsmør sånn som det i butikken, men fyyy så godt det smakte! Det vart havregrynsgraut med dette peanøttsmøret både til frokost i går og i dag. Mistenker at det blir det same i nokre dagar framover, for å sei det sånn.

For ordens skyld så kan eg fortelje at dette peanøttsmøret ikkje er det beste til å ha på brødskiva, med tanke på konsistens. Eg skal ikkje seie kor mange knekkebrød eg åt med dette peanøttsmøret som pålegg, men konsistensen var ikkje heilt på topp, altså. Smaken derimot, haha 😀 Eg må nok forsøke å ovnssteike dei litt før eg har dei i foodprosessoren. Om nokon av dokke har erfaringar med rå peanøtter så er eg veldig mottageleg for råd!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Om du føler for eit lite søtmomsmåltid så kan eg avsløre at eg hadde på enda meir lønnesirup i tillegg til det som var i peanøttsmøret. Havregrynsgraut og lønnesirup. Dokke, det var faktisk heilt fantastisk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sjølvlaga hudkrem av brennesle

Okei, det vert kanskje litt vel mykje innlegg om brennesle akkurat no. Slik trur eg det berre må bli sidan det er no den er i sesong. Etter å ha laga suppe og te av brennesle, laga vi krem av det òg! Litt kokko kan du vel tenke, men eg har testa den i ei veke no, og den er heilt fantastisk!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg har aldri hatt problem med kviser tidlegare (heldiggrisen babe), men i fjor i ein alder av 22 – då skulle huda mi kome i puberteten. Det har ikkje vore særskild behageleg og det har verkeleg vore av den vonde typen. Jada, ueeehsj. I mars byrja eg å bruke olivenolje som sminkefjernar, då roa huda mi seg ein del. Eg har smurt denne kremen i ansiktet etter eg har fjerna sminka mi for kvelden, og huda mi har roa seg berre på ei veke.

Sidan den er heimelaga er det ingen konserveringsstoff i den og den har faktisk ikkje meir enn tre (!) ingrediensar. Eg kan love deg at du ikkje får kjøpt kremar med berre tre ingrediensar nokon stad.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ingrediensane er:
♥ 4-5 dl olivenolje
♥ Ca. 10 x 10 cm bivoks
♥ 1 liter brennesleblad

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte:
1. Kutt brenneslene opp i mindre bitar
2. Legg dei oppkutta bitane i 4-5 dl olivenolje
3. Kok opp
4. Skru ned temperaturen igjen og la det putre i 4 timar på låg varme
5. Sil av til du står igjen med berre olivenolja (og alle virkestoffa frå brennesla, då)
6. Ha i bivoks og bland saman
7. For å sjekke om du har hatt i nok bivoks kan du helle nokre dråpar av blandinga på eit lite fat. Stivnar det slik som du vil ha det så er blandinga passeleg
8. Hell over i passeleg store behaldarar
9. Avkjøl til det har stivna
10. Oppbevar i kjøleskap

Sidan denne kremen ikkje har konserveringsmiddel så bør ein oppbevare den i kjøleskap. Dersom du lagar veldig mykje og ikkje finn noken å gje vekk til så kan den òg frysast. Woho! Kjempelurt. På grunn av ingrediensane er haldbarheita likevel sjukt lang. Om du oppbevarar den fint vil eg nok tru at den varer i eit år. Du kjem nok til å bruke den opp før den tid 😀

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bilde av all bivoksen vi hadde i blandinga.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Heyhey, billegare og betre vert det vel kanskje ikkje!

Te av brennesle

Då eg var ute og plukka brennesle så endte eg opp med alt for, alt for mykje. Dermed endte eg óg opp med å lage haugevis av te. For som med så mykje anna ein finn rett utanfor døra si, er brennesle ypperleg som te. Eg synast i alle fall det er ein veldig god grønn te.

Eg byrja med å skylle av brennesla, men det hadde eg nok ikkje trengd. Som regel treng ein ikkje å skylle urter før ein tørkar dei, men eg vil anbefale det om du for eksempel plukka dei langs ein trafikkert veg. Deretter tørka eg brennesla i ovnen på 40-50 grader til den var knusktørr. Sida eg fyst hadde blautgjort alt (…) tok dette om lag 12 tima. Urter skal vanlegvis ikkje tørkast på meir enn 50 grader, så tid tar det uansett. 

Då eg skulle heim igjen til Bergen stoppa eg på Elkjøp og kjøpte meg ein dehydrator! Sjukt deilig å ikkje bruke ovnen til å tørke brennesla (og urter generelt), men kor mykje eg faktisk treng den får vi no sjå på! Haha 😀 


Spring ut og plukk både ramsløk og brennesle – den der skvallerkålen kan du hoppe over… Æsj. 

Brenneslesuppe – verkeleg frå grunnen av

No er tida for å plukke brennesle. I alle fall i Bergensområdet. Det er dei unge plantane som både smakar best og som inneheld flest næringsstoff. Sidan brennesle er i sesong frå mai til september, er mai den beste månaden i få det i hus. Det kjem sjølvsagt an på kva klima du har hatt heime hos deg dei siste månadane, men her i området er det berre å hive seg rundt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift på brenneslesuppe (til ca. 4 personar):
♥ 1,5-2 liter brennesleblad
♥ 1,5-2 liter væske
♥ Smør
♥ Ramsløk
♥ Kvitløk
♥ Muskat
♥ Løpstikke
♥ Buljong
♥ Salt & pepper

Ramsløk kan byttast ut med gul løk eller meir kvitløk. Muskat og løpstikke er ikkje nødvendig, men gjer utruleg godt for smaken. Løpstikke har eg ikkje tilgang på heime, så då må eg nok finne andre smakstilsettingar eg kan nytte meg av. Løpstikke er lik selleri i smak og kan fint erstattast av dette.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Her henta vi sjølvsagt løpstikke i hagen.

For å vere heilt ærleg så var det svigermor som laga suppa. Eg berre plukka brenneslene og var ivrig tilskuar. Eg forsøker å gjengi prosessen så godt som mogleg:

1. Skyll brennesleplantar og plukk blad frå stengelen til du har ønska mengd. Blada må trykkast litt ned i litermålet for å få ei realistisk måling, men det skal ikkje vere ei solid blokk i litermålet heller.
2. Ho byrja med å lage ei grønnsakskraft av 1 liter vatn, ein buljongterning, eit fedd kvitløk og løpstikke. Dette fekk stå å trekke i ca. 15 minutt. Samtidig vart mellom 1,5 og 2 liter brennesleblad og nokre blad ramsløk steikt på låg varme i smør i ei anna gryte.
3. Etter ein er fornøgd med smaken på grønsakskfrafta si, heller ein denne over i gryta med smørsteikte brennesleblad. Dette gjorde ho gjennom ei sil slik at det berre var sjølve grønsakskrafta som fulgte med. Her vart nokre klyper med muskat tilsatt. Dette fekk trekke i 5-10 minutt før vi helte over ein halv liter med fløte. Om dette kanskje vert litt i heftigaste laget kan ein fint berre nytte vatn eller melk. Vi skulle trossalt ete ein søndagsmiddag! 😀
4. Når suppa no har varma seg opp igjen kan ein anten la det stå i nokre minutt eller berre nytte stavmiksaren med ein gong. Vi valgte sistnemnde.
5. Heilt til sist vart det tilsatt litt jamning i form av maizena og litt salt og pepper.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det er ikkje skummelt å plukke brennesle dersom ein veit kva ein gjer. Det enklaste er å ta på seg hagehanskar og klippe stengelen med saks. På denne måten slepp ein å rive og slite og rota får vere i fred til neste år. For dei som er bekymra for å brenne seg så avtar denne eigenskapen etter den har vorte plukka. Den sluttar å brenne 12 timar etter den har blitt plukka. Dessutan sluttar den å brenne dersom den er tørka, kokt eller steikt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tørking av planten kan skje ved temperatur opp til 60 grader. Tørka brennesle oppbevarast i mørke og lufttette glas (evt. i skygge).

Nesleblad kan forvellast, sauterast, frysast friske og tørkast.

Som vist kan ein lage suppe av brennesle, dette kan ein gjere på ei mengd ulike måtar, dette er berre eit (nydeleg godt) eksempel. Ellers kan brennesla brukast til fyll i pai, i steikt form, som te, som smakstilsetning og næringstilsetning i bakevarer, i grønnsaksbollar, eller berre som tilbehør til middagen som ein heilt vanleg anna grønsak. Den kan brukast på same måte som ein ville brukt spinat, med unntak av i rå form då, sjølvsagt 😀

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nesler er rike på protein. Dei har mykje A- og C-vitamin, men òg B2 og K1. Den inneheld kalsium, kalium, kisel11, jern og fosfor. Visstnok skal den innehalde dobbelt så mykje næringsstoff som gulrot!  Tidleg i sesongen når planten er maks 15 cm høg inneheld den tre gongar meir protein enn kål. Det er nettopp då den er på sitt beste med tanke på innhold av næringsstoff og smak. Den til og med ha nesten like høgt innhald av antioksidantar som blåbær [1].

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Historisk sett har brennesle vore særs viktig i medisin. Den har eit vannvittig bruksområde. Om absolutt alt kan kjeldehenvisast er eg usikker på, men eg har ei bok ved mi side som seier at nesla til dømes har desse bruksområda:

  • Bra for fordøyinga. Den inneheld histamin og sekretin. Stoff som vert nytta i fordøyinga vår til alle tider.
  • Fleire forsøk på pasientar har vist at brennesle senkar blodsukkernivået og dermed kan nyttast som tilskot ved høge blodsukkerverdiar. Ved diabetes må ein sjølvsagt nytte nødvendig mende insulin, men kanskje brennesle kan vere med på å regulere blodsukkeret som eit tilskot?
  • Den har ei lindrande effekt og kan dermed anbefalast som føde eller i krem/salve-form til mennesker med ulike hudlidingar. Eksempel er eksem, utslett og kviser.
  • Den skal vere blodrensande, urindrivande og alkaliserande. Anbefalast ved revmatiske sjukdomar (t.d. gikt og artritt). Ved nyreplager (t.d. nyrestein og nyregrus). Brukast ved anemi eller blodtap pga. jernmengda. Jern og klorofyll gjer at den stimulerar produksjonen av raude blodceller, den er derfor bra ved t.d. underernæring og utmatting.

Svigermor kan fortelje at brennesla har vore vanleg å bruke som ein slags styrkedrikk. Den skal dermed vere perfekt å drikke dersom ein er forkjøla eller svekka på andre måtar. Som ein kome-til-hektene-igjen-drikk, rett og slett!
Det aller morosamast er kanskje at dersom du brenner deg på denne nesla så kan ei bruke nettopp brenneslesaft på området som er råka.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Suppa var heilt sinnsjukt god. Eg hadde verkeleg gleda meg til å smake, men at det skulle vere så godt som det var – dèt var eg heller skeptisk til.

 

Sjølvplukka mat frå naturen

Fredag gjekk vekk i skulearbeid og trening. Laurdag forsøkte eg å finne ei betre glutenfri og vegansk dumplingdeig – utan hell. Den endte opp med å vere veldig god på smak etter at den var steikt, men den var vanskelegare å jobbe med enn den forrige eg laga. Ein heil innedag gjer meg ganske så rastlaus. Dermed måtte vi ta oss ein tur til Osterøy i dag. Sidan det er vår og alt er i gang med å spire og gro er det òg ein heil masse ein kan plukke frå naturen. Vi har brukt søndagen på å plukke brennesle, skvallerkål, vårløk, løvetannblad og løvetannknoppar. Eg vert så oppslukt i arbeidet at eg gløymer å stoppe, dermed har vi no enorme mengder med brennesle, skvallerkål og ramsløk.

Til middag måtte det sjølvsagt bli brenneslesuppe med ramsløk! Framgangsmåte og oppskrift kjem i morgon 😀

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Frå venstre: Brennesle, ramsløk og skvallerkål.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Friske løvetannblad, løvetannknoppar og skvallerkål.