Bakt fennikel og suppe av brokkoli og grønnkål

Her ein dag fann eg fennikel på butikken. Sidan eg ikkje ante kva det var så vart sjølvsagt denne med heim. Google gav meg denne oppskrifta på MatPrat og eg måtte jo berre prøve. Korleis ein tilbreder grønnsakene i måltidet er nesten skrive med lita skrift, men men!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg skar to stykk fennikel i fire og smurte den ildfaste forma med olivenolje. Deretter draup eg over olivenolje og strødde over salt og pepper. Til slutt heiv eg over to fedd kvitløk (hakka). Dei vart steikt på 225°C i 25-30 minutt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift til suppa:
♥ 1 1/2 brokkoli (inkludert stilk og friske blad)
♥ 4 heile blad grønnkål
♥ 1-2 dl fløte
♥ 2 ss smør (raps og kokos)
♥ salt og pepper

Som vanleg dampa eg brokkolien og heiv alle ingrediensane i ein blender. Etter at alt hadde blitt ei tjukk masse, varma eg alt opp igjen og lot det putre i 10 min. Det er alltid sånn at jo lenger ei suppe får putre, jo betre vert den, men vi var alt for svoltne til det.

Vi hadde òg i eit fedd kvitløk, men det vil eg eigentleg anbefale deg å droppe. Det vart ein alt for sterk kvitløkssmak for min del i alle fall. Eg skjønar ikkje heilt kvifor, med tanke på at det berre var eit fedd i så mykje suppe. Jaja, vi droppar det i alle fall neste gong.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sidan det er sal på både blomkål og brokkoli på ein heil masse butikkar, har eg handla inn sjukt mykje av begge. 10 kr per blomkål og brokkoli gjev ein pris på ca. 30 kroner for to til tre middagar for ein (dersom ein reknar med krydder, smør og fløte).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Smaken av fennikel er litt lakrisaktig. Smakar det litt som anis? Eg veit ikkje, noko i den duren trur eg. Uansett, eg synast det smakte fantastisk. Neste gong har eg lyst til å steike dei saman med løk òg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

♥ Fennikel inneheld vitamin C, kalium og kostfiber.

♥ Brokkoli inneheld vitamin C, kalium, kostfiber. Den er òg rik på betakaroten.

♥ Grønnkål inneheld vitamin C, kalium, jern, kostfiber. Grønnkål er særleg rik på A-vitamin og betakaroten.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Denne maten var akkurat det eg trengte etter årets fyste reine styrketrening. Herlighet kor støl eg er i dag. Det er likevel ikkje så ille som eg trudde det skulle bli. Eg er rimeleg fornøgd med at det går heilt fint å gå i trapper. Haha! No er det tilbake til pugging av sjukdomslære. Eg kan nesten ikkje vente til eg skal på fotballtrening, og kjenner at denne dagen skal avsluttast med tidenes heftigaste smoothie.

Ha ein nydeleg dag! ♥

To typar gulrotsuppe; Krema og i grønsakskraft

Plutseleg hadde eg alt for mange gulrøter i kjøleskapet og nokre av dei byrja å nærme seg utgangsdato. Dermed er det ikkje anna å gjere enne å smelle saman nokre nydelege gulrotsupper. Eg har heilt dilla! Min hemmelige ingrediens i gulrotsuppe er 1-2 ts tomatpurè – det gjer verkeleg den store skilnaden.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Om ikkje desse bileta fristar, så veit ikkje eg.

Oppskrift på krema gulrotsuppe;
→ 500 g gulrot
→ 1 fedd kvitlauk
→ ½ cm fersk chili
→ 5-10 g fersk ingefær
→ ½ Gul løk
→ 2 ts tomatpurè
→ 1 dl soyafløte

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte på krema gulrotsuppe:
→ Damp gulrøtene til dei er møre
→ Ha alle ingrediensane i ein blender. Dersom suppa vert for tjukk er det supert å nytte vatnet som er igjen frå dampinga av gulrøtene til å vatne ut suppa med. Dersom du ikkje har blender vil eg anbefale deg å koke alle ingrediensane (utanom fløte) i ein kaserolle og anten nytte stavmiksar eller bruke ein potetmoser.
→ Ferdig!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift på gulrotsuppe i grønsakskraft:
→ 500 g gulrot
→ 1-1,5 liter vatn
→ 1 terning grønsaksbuljong
→ 1-2 fedd kvitlauk
→ 1-2 cm fersk chili
→ 5-10 g ingefær
→ 2 ts tomatpurè
→ 2-4 ts sitronsaft*

*Sløyfast dersom sitron vert nytta som garnityr ved servering.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte på gulrotsuppe i grønsakskraft:
→ Rasp gulrøtene. Dei kan nok skjærast i tynne skiver eller i lange strimlar òg, om du ikkje orkar å raspe så mange gulrøter.
→ Løys opp buljongterningen i 1 liter vatn. Om du vil ha meir vatn i seinare er det betre å tilsette dette mot slutten av prosessen.
→ Tilsett gulrøtene.
→ Finhakk chili, ingefær og kvitlauk og tilsett dette i suppa.
→ Ha i tomatpurè og den mengda vatn du sjølv vil.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Våre supper forsvant på eit blunk! Vi lagde den kremete suppa alt for sterk i utgangspunktet, dermed er oppskrifta moderert ein del her. Ein lærdom er at chili, løk og kvitløk liksom vert så mykje sterkare i ein blender. Sjølvsagt vert det vel det, kan ein vel kanskje seie. Begge suppene vart i alle fall svingode 😀

Risnudlar og brennsnut

Ei vare eg har savna i ein glutenfri diett er pasta. Eg har gått heilt ut i frå at det er kveitemjøl i all pasta. Det viser seg sjølvsagt å vere delvis feil. Det er verkeleg kveitemjøl i mykje merkeleg, men ikkje i risnudlar! No når eg fyst hadde kjøpt inn desse risnudlane så kan eg ikkje skryte på meg at eg var særskild positiv. Det skulle vore eit uttrykk som gjekk noko sånnt som dette: «Med ei negativ innstilling vert ein alltid positivt overraska.» Det verkar til å vere tilfelle for min del i alle fall. Det einaste vi gjorde var å koke risnudlane og ha i smør etter at vatnet var tatt av. Greit nok, nudlande smakar nok ikkje særleg mykje for seg sjølv, men eg vel å sjå positivt på det. No kan eg velje kva pastaen min skal smake heilt sjølv. Det treng heller aldri å verte kjedeleg dersom ein tenker på alle moglegheitane i staden for avgrensingane.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Risnudlane er nok heilt fantastiske med pesto, kvit saus, ostesaus, i buljong og i wok. Dersom ein skal ha dei i varme rettar vil eg foreslå å koke dei nesten ferdige og deretter tilsette dei på slutten av matlaginga. Dei vert nemlig ganske så skjøre om ein kokar dei for lenge. For all del, det vil nok ikkje spele noko rolle for smaken si skuld, men ein et med auga òg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg har skjønt at brennsnut er eit namn ein berre nyttar visse stadar. Sidan det kanskje treng forklaring for nokre kan eg seie at det eigentleg berre er ulike grønnsaker i suppe av buljong og vatn. Ein kan med andre ord ha i akkurat dei grønnsakene ein likar best sjølv. Vi har som regel i gulrot, potet, kålrabi, purre, løk og ulike krydder. Denne gongen hadde vi vel berre i alt for mykje pepper. Haha, vi sat og sveitta når vi åt. Jaja, betre lykke neste gong seier eg berre. Som i alle andre rettar er det greit å huske på at ulike typar grønsaker har ulike koketider. Potet tar til dømes lang tid, mens purre tar kort tid om ein likar den litt sprø. Det fine med dette er at ein kan hive i ein ingrediens og berre kutte opp alt det andre mens denne eine kokar aleine ei stund. Jubel for rask matlaging!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Om ein derimot ikkje har i alt for mykje pepper er dette ei heilt fantastisk kvardagssuppe. Eg brukte forresten restane av denne suppa i tomatsuppa eg laga i går. Har dokke sett reklama MatPrat har for tida med den der gjenbruksgreia? Dette er i alle fall eit genialt eksempel på det. Altså, om ein har i ei potet og litt gulrot i ei tomatsuppe så er det ingen som kjem til å merke noko som helst.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I mars har eg og typen forresten tenkt å forsøke å leve på eit så lavt matbudsjett som mogleg. Vi er i alle fall spente på korleis vi skal løyse den knipa. Eg har allereie juksa litt og kjøpt inn tofu for ein heil månad, så foreløpig ser det ut til å gå bra med ein sparsom månad. Haha!

Blomkål- og brokkolisuppe

Eg burde vel byrje å gje innlegga mine meir spanande namn, men kva skal ein liksom kalle dei? Blomkål- og brokkolisuppe med smak av vår? Haha, nei, eg trur eg held meg til dei vanlege overskriftene. Denne er i alle fall kremete og utruleg fyldig. Eg har tatt bilete av maten eg har laga i det siste, men eg har ikkje vore flink å dele den. No som vegansk og vegetarisk mat er i vinden er eg berre nøydd å hive meg på igjen. Eg blir så glad! Kan vere eg er for positiv, men eg trur verkeleg vi er på rett veg. Om ein ikkje gjer det heile veka så kan ein i alle fall bytte ut nokre av dei faste matvarene sine eit par gongar i veka utan problem. Kanskje vert tallerkenen din meir spanande av det òg? Kven veit!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg har byrja i praksis som sjukepleiar og dette er sjølvsagt heilt sinnsvakt travelt. Trur ikkje det er mogleg å pynte på det ein gong. Ein skal liksom vere i praksis fire gongar i veka, gjere heftige innleveringsoppgåver og lese pensum samtidig. Dessutan har eg byrja å spele fotball igjen. Sistnemnde er forresten heilt vilt kjekt! Okei, blablabla. Dokke vil sikkert ha ei oppskrift.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For å vere heilt ærleg så huskar eg ikkje nøyaktig oppskrift på denne, men eg lagar desse suppene som eg vanlegvis gjer og smell saman ei ca. oppskrift:

♥ Ein blomkål
♥ Ein brokkoli
♥ 2 dl soyafløyte
♥ 50 g smør
♥ Tilsett vatn til du har ønska konsistens
♥ Smak til med salt og pepper

Til baguettane laga eg kvitlaukssmør av ein boks Synnøve sin Smøremyk av raps og kokos og ca. 3 kvitlauksfedd. Kor mykje kvitlauk du nyttar må du sjølvsagt kjenne på sjølv. Eg er ganske vand med kvitlaukssmaken etter kvart og nyttar ganske mykje.

Eg dampa brokkoli og blomkål til dei vart heilt møre. Deretter heiv eg heile smørja i blendaren min. For at det faktisk skal bli suppe og ikkje purè puttar eg restvatnet etter dampinga i blendaren òg. På denne måten mistar ein lite vitaminar i prosessen. Kvastane eg har på toppen har eg tatt ut av gryta undervegs i dampinga. Eg likar at toppingen på suppa er litt sprø og tar dermed desse ut ein del minutt før eg sei meg nøgd med dei kvastane eg skal lage suppe av. Dessutan er det nydeleg godt med den konsistensskilnaden du får av heile grønnsaksbitar i ei kremete suppe.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Du kan tenke deg at vi vart mette etter dette måltidet. Denne suppa passar like godt til både middag og kvelds. Dersom du vil ha ein ekstra ompfh i suppa kan du hive i eit kvitlauksfedd i blendaren òg. Det varierar veldig om eg gjer det eller ikkje. Med kvitlaukssmør på baguettane kan dette verte litt mykje. Andre gongar tar eg i nokre dråpar med sitronsaft berre for å få litt meir kontrastar i smakane. Litt gul lauk eller litt purre er forsåvidt òg gode eksempel på korleis ein skal variere kvardagssuppene sine. Det er ikkje mykje som skal til for å få det lille ekstra i desse grønnsakssuppene.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg har forresten hatt ein del spanande prosjekt i det siste som eg tenkte eg skulle dele med dokke framover. Nokre av punkta på lista ser slik ut:

  • Facon
  • Vegansk og glutenfri cookie dough is
  • Vegansk parmesan
  • Tofu i ulike former
  • «Blomkålvingar» med røykaroma

Eg gledar meg så sjukt mykje til ein ny og inspirert matvår!

Rotsuppe Vol 1.0

Middagspostar passar seg vel ikkje heilt klokka halv ti på kvelden, men det får berre vere. Eg har vore ute av huset i heile dag og hadde sjølvsagt gløymt å laste opp bileta før eg for. Vims.

I alle fall. Denne suppa vart kanongod.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift:
→ 0,5 liter grønnsakskraft
→ 1 søtpotet
→ 2 poteter
→ 1 stor gulrot
→ 1 skive kålrabi
→ 1 brokkolistilk
→ 1 boks hakka tomatar
→ ½ løk
→  3 fedd kvitløk

Med andre ord er oppskrifta noko sånnt som: Det vi har i kjøleskapet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte:
→ Kok opp 0,5 liter grønnsakskraft. Her brukte vi ein halv liter vatn og ein buljongterning.
→ Damp/kok grønnsakene du skal ha i. Jo mindre bitar, jo fortare går det.
→ Bland tomatane, løken og kvitløken og bruk stavmiksaren på blandinga og hell dette i grønnsakskrafta (valgfritt).
→ Når grønnsakene er mjuke og buljongterningen har løyst seg opp så er det berre å køyre heile sulamitten i blenderen.
→ Tilsett havrefløte (vi brukte ein halv boks) og salt.
→ Kok opp.
→ Server.

Til å ha i suppa steikte vi brokkolistilkar og hovudkål. Dette er ikkje nødvendig i det heile, men det var supergodt med steikt brokkoli i denne rotsuppa her!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg har verkeleg dilla på desse rotsuppene. Det er jo berre fordelar med dei: Billig, rask, sunn, mettande og god. Betre vert det ikkje. Dette er forresten den rotsuppa vi har laga som har smakt best hittil. Det er noko med kombinasjonen rotgrønnsaker og tomat som berre harmonerar perfekt for min del.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I det siste har vi gjort nokre endringar på denne bloggen her. Om nokon av dokke nyttar dokke av Matprat så veit dokke sikkert at dokke kan søke på ingrediensar og få opp alle oppskriftene med denne ingrediensen. Eg har prøvd å få til det samme her, men foreløpig ligg det berre i ei sky. Dersom du trykker inn for eksempel «potet» i søkefeltet på toppen av sida så skal det fungere på same måten. Dessutan har vi organisert katergoriane på ein ny måte. Forhåpentlegvis er det litt meir brukervennleg enn før. Og så ligg det direktelink til både Facebook, Instagram og Bloglovin»! Yey 😀

Potetsuppe med råkost

I går vart det potetsuppe til middag. Eg trudde verkeleg det skulle bli ein av dei døvaste rettane eg hadde laga nokon gong. Sjølvsagt tok eg feil denne gongen òg. Det vart kjempegodt!

Dette er eit fantastisk eksempel på studentmat ein kan nyte. Prisen for 1kg poteter ligg på 14 kroner, gulrot og løk ligg i same prisklassa. Smør og brød treng ein ikkje. Og kryddera ligg vel på 5 kroner til sammen. Så – middag for to-tre personar til 20 kroner. Suksess.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift:
→ 600g poteter (ca. 6 mellomstore)
→ 2 løkar
→ 2 fedd kvitløk
→ 1 buljongterning
→ 2 cm fersk ingefær
→ ½ fersk chili
→ 1 stor gulrot til garnityr
→  Sitronsaft (kan sløyfast)

Eg byrja med å skrelle og koke potetene. Mens potetene kokar kutta eg opp løk, kvitløk og ingefær. Dette steikte eg i olje til det hadde fått ein gyllen farge. Deretter tilsatte eg 5dl vatn i gryta og lot dette putre saman med ein terning grønnsaksbuljong. Då potetene var ferdig kokte og buljongterningen hadde løyst seg opp hadde eg alt i den trofaste blenderen min og trykte på knappen. Eg hadde òg den halve chilien i blenderen. Då dette var ei jamn masse hadde eg det tilbake i gryta. Her tilsatte eg det resterande eg ville ha i og valget landa på salt og havrefløte. Undervegs hadde eg laga vegansk kvitløkssmør og garnityr av gulrot og eit par dråpar sitronsaft.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dersom eg ikkje hadde visst at det kanskje var litt usunt å ete ein heil pakke smør så hadde eg gjort nettopp det med Bremykt. Denne veganske versjonen har same smak, men berre litt mindre av den. Dette gjer ingenting for min del og eg er forelska igjen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Til denne suppa passar alle typar brød.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

No i tre dagar framover vert det nok litt lite tid til middag. Det vert skule på dagtid og jobb på kveldstid. Kanskje litt vel heftig denne veka, men pengar må ein jo ha.

Curry Panang

Ja, denne helga var strengt tatt ei reprise av forrige helg. Eg har jobba. I massevis. Denne søndagen skal med andre ord vere ein skikkeleg søndag. Av den typen der du sitt i sofaen heile dagen, ser på Netflix og et is.

Denne suppa vart laga på torsdag og var vannvittig mettande sånn som dei fleste supper eg lagar er. Den er basert på dei som heiter Curry Panang ved eit kjapt google-søk. Denne er kanskje hakket enklare enn dei eg baserte den på, men likevel. God smak og ei perfekt haustsuppe spør du meg. Eg likar dei kremete eller sterke. Denne er sterk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift:
〉 1 boks kokosmelk (lett)
〉 1-2 dl hakka tomatar

Dei kryddera vi brukte:
〉 Curry
〉 Karri
〉 Cayennepepper
〉 Chili
〉 Kvitløk
〉 Løkpulver
〉 Ingefær

Til å ha i suppa steikte vi det vi hadde i kjøleskapet: Søtpotet, potet, gulrot, hovudkål og kålrabi. Dessutan kokte vi makaroni og hadde i. Makaronien kunne eg strengt tatt spart meg for – denne suppa var betre utan.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte:
〉 Ha olje i ei steikepanne. Steik kvitløk, løk, chili, ingefær og det du måtte ønske. Dette skal få ein gyllen farge.
〉 Deretter har du i kokosmelk og hakka tomatar. Tomatane hadde eg nytta stavmiksar på før eg hadde dei i – sånn at eg slapp store tomatbitar i suppa.
〉 Kok opp og ha i krydder samtidig som du smakar på suppa undervegs. Det er du som veit best kor mykje krydder du vil ha i, derfor har eg ikkje oppgitt mål i denne oppskrifta.
〉 Steik/kok det du måtte ønske å ha i suppa.
〉 Ferdig!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oh my, for ei suppe.

Om ein kanskje ikkje er særleg vand med massevis av krydder vil eg sjølvsagt anbefale å prøve seg fram. Husk at kokken skal smake på maten undervegs!

Blomkålsuppe og blomkålvingar

No har styrketreninga begynt for fullt. Eg er så heldig å ha funne ei til som foretrekker tung styrketrening framfor kondisjon. Ingenting er betre enn å trene saman med nokon! Ikkje berre det, men typen har søren meg òg begynt å trene. Dette går berre ein veg. Kjempekjekt! Må seie at det er litt nedsig å ha hatt såpass stor treningspause som det eg har hatt no. Altså, 2 år. Veit ikkje om det kan kallast treningspause ein gong. Litt nedsig med så stor forskjell i kilo på stanga i forhold til før, men det positive er at det kjem tilbake.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For å rekke alt eg skal i dag måtte eg ta treninga rett etter skulen. Dette er dermed middagen frå i går – dagens middag er ikkje pønska ut ein gong. Eller, eg trur kanskje det vert lasagne. I går hadde vi i alle fall blomkålsuppe, steikte blomkålkvastar og makaroni»salat».

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Suppa er laga på den same gamle måten. Steik løk og kvitløk i olje. Damp/kok eit blomkålhovud og hiv dette i blenderen. Tilsett salt, vegansk fløte og vegansk melk etter ønske. Denne suppa vart kjempegod!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som dokke ser så er det ingen problem å lage kremete veganske supper. Mmm!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Makaroni»salat» med hermetisk paprika, soltørka tomat og oliven.

Blomkålkvastane steikte vi i ovnen. Dei er rulla i marinade av olje og litt ulike krydder – blandt anna cayennepepper, kvitløkspulver, løkpulver, paprikakrydder og grillkrydder. Litt usikker på om grillkrydderet er vegansk, men dei andre tre skal i alle fall vere det. Rundt om i vegansamfunnet så er vel dette meint som ei erstatning for kyllingvingar. Ja, det smakar sjølvsagt ikkje det same, men idèen er den same. Ein steiker blomkålen i ovnen til den er sprø. Nydeleg. Ååå, no er eg svolten.

Vegansk, spicy tomat-gryte

Denne middagen kan sjå ut som noko ris med noko tomatgreier, men fy så godt! Trudde det ikkje sjølv før eg smakte på det. Denne gongen stjal vi heile oppskrifta her.

Oppskrift:
〉 150 g kikerter
〉 3 dl kokt ris
〉 1 dl cashewnøtter
〉 6 dl vegansk buljong
〉 ½-1 dl tomatpurè
〉 1 paprika
〉 1 boks ananas
〉 Karri og Hot Curry
〉 Salt

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi kokte ris i ei gryte og buljong i ei anna. Buljongen laga vi av 6 dl vatn og ein (vegansk) buljongterning. Då buljongterningen hadde løyst seg opp putta vi alle ingrediensane i gryta og kokte opp dette. Risen vart tilsatt i gryta heilt til slutt. Soppen vart sjølvsagt steikt i panne for seg sjølv. Lav varme og litt olje så smakar soppen heilt himmelsk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som vanleg kan ein bruke akkurat den variasjonen av ingrediensane som ein vil. Det einaste rare vi gjorde med denne oppskrifta var at vi testa ut hermetisk paprika (ja, det var salg på Meny) og det var sjukt godt! Om dokke har gått forbi og tenkt tenken så vil eg verkeleg anbefale den hermetiske paprikaen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dette er kanskje den fyste verkeleg tunge veganske middagen vi har laga. Misforstå meg rett, ein vert alltid mett av våre måltid, men denne var liksom tung. Så om du skal ut å springe 4-5 maraton så er ikkje dette maten ein skal ete to minutt før. Jättegodt i alla fall.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg var på vinkveld med nokre nydelege folk i går. Om eg koste meg! Vi åt pai, marsipan og kyllingbollar. Ikkje særleg vegansk, eg veit. Eller marsipanen var både vegansk, glutenfri og sukkerfri, så det er då noko. Rett før vi avslutta så kom typen og diska opp med piña coladas til heile gjengen!

Luksussalat og rotsuppe

I går var ein av dei skikkeleg dårlege dagane. Ein av dei der alt kjennast feil utan nokon særleg grunn. Då er ein luksuriøs middag akkurat det som trengs!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Heimelaga dressing (ikkje vegansk), makaroni, salat og suppe. Om vi koste oss! Eg er blitt heilt hekta på valnøtter i salat. Dersom du ikkje har prøvd det så har du inga tid å miste. Det er berre å hive seg på «trenden».

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Makaroni, kål, valnøtter, tomat, soltørka tomat, steikt sopp, steikte bønner, blomkål, brokkoli og oliven. Dèt kallar eg ein salat.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Suppa er laga av gulrot, kålrabi, havrefløte og rismelk. Den er krydra med kvitløk, paprikapulver og cayennepepper. Dette er kanskje den beste suppa vi (typen) har laga nokon gong.

Ca. oppskrift:
→ 500g kålrabi (ein halv)
→ 4 middels store gulrøter
→ 1 potet

Akkurat kor mykje væske ein vil ha må ein nesten velje sjølv. Kan seie at vi kanskje brukte ein halv liter veske til saman. Då ei blanding av havrefløte, rismelk og vatn.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Skulle liksom skrive ferdig den obligatoriske oppgåva mi i går, men eg måtte berre ta meg ei pause frå alt som heiter tenking. Vart sjølvsagt alt for mett (igjen).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som dokke kanskje har skjønt er dette middagen frå i går. Sånn vert det av og til. No held vi på å lage raspe/kompar/e.l. Det sjukaste er at eg trur vi får det til! Ja, det er fyste gongen. Bilete kjem i morgon.