Redd regnskogen utan å gå ut døra

Eg var rett og slett ikkje sikker på om eg ville skrive om det politiske rundt regnskogen akkurat no når vi har hatt ein heil tv-aksjon om nettopp dette temaet. Kanskje det likevel er nettopp derfor eg føler at det trengs. Då eg fekk ein med bøsse på døra så stappa sjølvsagt eg og typen på 200kr sjølv om vi er studentar, men det eg verkeleg hadde lyst å spørre om var: «Et du kjøt?» Eg kan ikkje kalle meg veganer heilt enno, men det er verkeleg mitt mål. I nær framtid vil eg ete vegansk alle dagar og heile året – utanom julafta/nyttårsafta. Som for alle andre er dette ei heilt spesiell høgtid for min del. Eg treng ikkje mykje for å få den såkalla julekjensla, men pinnekjøtet er eit behov. Greit nok eit overfladisk og unødvendig behov, men sånn har eg i alle fall tenkt å gjere det. Ein kan kanskje kalle det for dobbeltmoral, men det vil vere ca. to gongar i året, og det tenker eg er greit. Eg har begynt med å lage pålegg sjølv, eg har blitt flink i mange ulike veganske middagar, eg lagar sausar, eg lagar knekkebrød og ellers prøvar eg så godt eg kan. Det får vere bra nok for no, så får eg heller håpe på at eg skiftar meining rundt jule-temaet òg.

Likevel, hovudårsakane til at regnskogen forsvinn er mat, dyrefôr, tømmer, papir, drivstoff og mineral [1]. I ulike landområder er det ulike problem og vi i lille Noreg slit kanskje litt med å relatere oss til dette: «Vi et jo berre kjøt frå Noreg.» «Det er så langt vekke.» «Vi er så få.» Dokke skjønar teikninga. Eg vil gjerne skrive litt om kva vi kan gjere gjennom å endre på matvanene våre. Det er vanskeleg å lære ein gamal hund nye vaner, og så vidare, men det er livsnødvendig for planeten vår. Vi kan drive så mykje økologiske opplegg og lokale småbruk som vi berre vil, men vi må sjå internasjonalt for å verkeleg gjere ei endring. «Ja, men eg er berre ein person…» Så flott! Av og til er ein person alt som trengs for å dra i gang flokken.

Det openbare er at vi må slutte med bruken av palmeolje. Det er ei billig vegetabilsk olje som fører til massiv øydelegging av regnskog [2]. Pft, det et eg ikkje. Med mindre du allerede er veldig observant på kva produkta dine inneheld kan eg vere ganske så skråsikker og seie at: «Jo, det gjer du.» Det finnast i sjokolade, potetgull, ferdigprodukt, junk-food – du finn det over alt.

Det neste er soya. «Seier du som et massevis av soyaprodukt!» Ja, det gjer eg, men dei produkta eg kjøper kjem frå produsenten Alpro som ikkje bruker soya frå regnskog, men frå Europa og Canada [3]. Grunnen til at soya er eit vannvittig problem for nettopp deg er at bønder nyttar dyrefôr med soya både til dyr og fisk. Oi. Nettopp dette er ei av dei viktigaste årsakane til at eg ikkje vil ete kjøt eller fisk lenger. Ein kan sikkert finne bønder som ikkje brukar dyrefôr med soya, men då må ein verkeleg gjere researchen sin.

Det er mange måtar ein kan gjere ein forskjell:
→ Slutt med flaskevatn
→ Lag fleire ting sjølv
→ Bruk mindre emballasje
→ Et vegansk/vegetariansk
→ La vere å ete kjøt som ikkje kjem frå Noreg
→ Bry deg meir om kva produsentar ein kjøper produkt frå

Det er faktisk vi som forbrukarar som sit på makta. Det er vi som avgjer kva butikkane skal kjøpe inn og kor mykje. Det er vi som avgjer kvar og korleis ting skal produserast. Det er verkeleg ikkje vanskeleg å legge om livsstilen sin, det er du som vel kor vanskeleg det skal vere og det er du som avgjer farta på endringa. Eg er ikkje fullverdig veganer og det kjem eg kanskje aldri til å bli, men det er heldigvis ikkje ein svart/kvit verden. Ein vel i kva retning ein vil gå, kor fort og kva tid. Gjer ei lita endring i dag og ei anna i morgon. Etter nokre månedar har du plutseleg heilt nye vaner og ei mykje betre samvittighet.

*Kjeldene eg har brukt finn du i klammer i teksten og under bileta. 

Advertisements

Matt & Nat

I går hadde eg som nemnd tidenes søndag. Dette inkluderar sjølvsagt ein heil del nettsurfing. Eg søkte rundt på vegan og cruelty-free for å sjå litt meir kva som finnast der ute. Heile greia endte med at eg fann denne sida. Produkta er laga utan animalske produkt og er dermed veganske. Om produksjonen er cruelty-free veit eg ikkje, men det ser likevel ut som om Matt & Natt er ein av dei betre på dette. For dei som ikkje er heilt kjend med begrepet cruelty-free så betyr det rett og slett at dei som lagar produkta også har det bra. Eit stort pluss for min del i alle fall.

Ny mappe2

Dei har verkeleg noko for ein kvar smak. Dei har store vesker, små vesker, ryggsekkar, koffertar, stellebagar, dokumentvesker og ja, alt. Det beste er at prisen ikkje er så aller verst. Okei, det kostar sjølvsagt meir enn dei veskene ein får kjøpt på H&M, men det må ein då rekne med. Eg vil heller handle ei slik veske i løpet av eit år enn sju av dei billige som går i oppløysing berre du ser på dei, men det er meg, då.

Ny mappe

Med andre ord, eg veit allereie kva eg ønsker meg til jul av typen. Neida, hihi! Det er lov å drømme. Alt på denne sida ser i alle fall heilt fantastisk ut. Dei har ein klassisk stil som varer i evigheiter. Fargane kan ein heller ikkje klage på.

Ny mappe1

Og, dei sender til Noreg. Dån!

Hekta på dokumentarar

MV5BMTQ2MDQ3MjQwMF5BMl5BanBnXkFtZTgwNzA5NjA2MDE@._V1__SX1303_SY591_
Eg har slutta heilt å drikke kumelk. Det er ulike årsakar til det, ein av dei er at kumelk strengt tatt er laga for kalvar. Dermed er det litt ulogisk at vi skal drive å drikke nettopp kumelk. Altså, tenk over saka, då. Eg er i alle fall lite gira på å ha ei ku festa til puppen. «Milk?» er ein dokumentar som tar for seg dette temaet. Det eg synast er så flott med denne dokumentaren er at den tar for seg begge sider av saka. Den er laga både for dei som er for drikking av kumelk og dei som er i mot! Heeilt konge. Du kan lese meir om dokumentaren her.


MV5BMTY2NDY0MTYwOF5BMl5BanBnXkFtZTcwNTg1NjQ2NQ@@._V1__SX1303_SY547_
«Forks over Knives» tar for seg dagens sjukdomsbilete når det kjem til hjarte- og karsjukdomar, diabetes og andre livsstilsjukdomar i eit vegansk perspektiv. Dokumentaren tar for seg ei problemstilling som går ut på at ein kan verte kvitt slike livsstilsjukdomar ved hjelp av eit vegetarisk/vegansk kosthold. Dette var ein av dei fyste dokumentarane eg såg då eg byrja med veggisgreia mi. Les meir om den her.


MV5BNTE3NTA1NjIyMV5BMl5BanBnXkFtZTgwMjYxMjcwMzE@._V1__SX1303_SY547_
«Fat, sick and nearly dead» – I denne filmen får vi følge Joe gjennom ei total livsstilsendring. Han går frå å ete junk food til å drikke juice av grønnsaker og frukt i 60 dagar. Personleg synast eg ikkje noko om så store endringar på så kort tid, men eg kan ikkje nekte for at det har ei god effekt for dokumentaren. Ein får sjå kor total ei slik endring er på kroppen og korleis kroppen faktisk klarer å lege seg sjølv om den berre får rett pleie. Les meir her.


MV5BMTU5NzAyMzk1MF5BMl5BanBnXkFtZTgwODE3NjQyNTE@._V1__SX1303_SY547_

«Cowspiracy» – Om du berre skal sjå ein av desse dokumentarane eg puttar inn her så er det denne. Huskar dokke då eg tok opp det med CO­2? Dette er filmen eg hadde sett då. Det er nok den mest aktuelle av dei alle. Den tar for seg miljøutfordringane og utfordrar gamle tankegangar. Dette er ein film som alle burde sjå. Ikkje for at alle nødvendigvis skal verte veggisar, men for at ein kanskje kan få litt ny input. Det er då i alle fall aldri feil. Blink-blink. Les meir her.


MV5BMTkxNDYxNjUwNF5BMl5BanBnXkFtZTcwODkxNzIxNA@@._V1__SX1303_SY547_
«Vanishing of the bees» – Herregud, dette er seriøst ein grøsser-dokumentar. Reknar med at alle har fått med seg at ein kan redde ei bie ved å vise legitimasjon på polet? Gjer det. Om du ikkje ser filmen, vis i alle fall den der fordømrade legitimasjonen. «Lol, dei små insekta, lissom?» Om biene forsvinn så forsvinn vi. Eg berre nemner det. Filmen handlar altså om at store mengder bier dør/forsvinn i USA. Les meir her.


MV5BMTAwNzMyMDEyMTBeQTJeQWpwZ15BbWU4MDY2OTA5NDQx._V1__SX1303_SY547_

«The True Cost» – Som eg nemnde i går så finnast det andre måtar å skåne miljøet på enn å ikkje ete kjøt. Ein kan for eksempel verte meir bevisst på kvar og kven ein kjøper kleda sine av. Dokumentaren tar for seg eit firma som verkeleg har gått inn for å lage klede på den riktige måten. Dermed får ein sjå at det så absolutt er mogleg. Den tar for seg ekte folk, med ekte (forferdelege) liv. Det er desse som svir for at vi skal ha billige kleder. Hallo, liksom. Les meir her. I same slengen kan eg verkeleg anbefale dokke å sjå Aftenposten sin serie: «Sweatshop»


MV5BMTU4NTUwMDk0OF5BMl5BanBnXkFtZTcwODQ0OTQ4OA@@._V1__SX1303_SY547_
«Bottled Life: Nestlé’s Business with Water» – Eg skal verkeleg gjere alt i mi makt for å ikkje kjøpe eit einaste Nestlé-produkt igjen. Denne tar for seg så mange spørsmål. Kven har eigentleg rett på vatnet du har rundt deg? Er det du? Er det industrien? Eller er det dei som bur der? Eg hadde allereie høyrt nokre ting om dette selskapet, men tydelegvis ikkje nok. Dette er òg eit superaktuelt tema for Noreg. Kvifor i alle dager skal vi selge Voss-vatn til USA, liksom? Åå, gud ka meiningslaust. Les meir her.


MV5BMjExMzk0NTU3NF5BMl5BanBnXkFtZTgwMjg5NTg1MTE@._V1__SX1303_SY547_
«Fed Up» – Det burde du òg vere. Born får pizza til skulemat fordi det er ein grønnsak. Veit ikkje om eg treng å seie meir eigentleg. Joda, denne tar for seg litt av det same som «Forks over Knives», berre at det ikkje nødvendigvis er vegansk mat som er svaret. Her snakkar ein om eit sunt kosthold med animalske produkt. Eg treng ikkje å vere einig, men det er i alle fall ein veldig god dokumentar i mine auger. Les meir her.


MV5BMjQxNjQ3NDQyNl5BMl5BanBnXkFtZTgwMzA1NDExNDE@._V1__SX1303_SY547_
«Resistance» – Og så over til eit heilt anna tema. Denne filmen er om antibiotika og innverknaden bruken har på verda. Ein får møte legar som har mista pasientar på grunn av resistens mot antibiotika og ein får massevis av nyttig informasjon. Nokre meiner dette er skremselpropaganda, men kva om vi står der ein dag – heilt utan antibiotika? Frysningar på ryggen. Les meir her.


Om nokon av dokke sit å ruga på andre dokumentarar eg kan bryne meg på så set eg utruleg stor pris på tips! Eg elskar visst dokumentarar. Kom òg gjerne tilbake med meiningane dokke har om desse eller eventuelt andre filmar i liknande stil.

Vegansk livsstil – meir enn berre mat?

Då eg begynte med det vegetarianske/veganske prosjektet så tenkte eg at dersom eg lot vere å ete kjøt så var det nok. Deretter utvikla det seg til å forsøke å leve utan animalske produkt (ost, smør, mjølk og liknande). No tenker eg at ein kan gå enno lenger utan særskilde problem. Moglegheitane for såkalla cruelty-free klede og skjønnheitsprodukt er igrunn endelause. Skjønnheitsprodukta er faktisk sjeldan dyrare enn dei vi kjøper kvar einaste dag. Eg har tatt meg heilt fri i dag og nyttar timane på å sjå dokumentarar skjønar dokke. Skal tipse dokke om nokre dokumentarar på eit innlegg i morgon, tenker eg.

9429402

Smekker av skjorter, hårband av gamle klede, speil av gamle tennisrackertar og fat av gamle cdar.

Okei, eg høyrer ut som den miljøaktivisten akkurat no. Ein kan faktisk bry seg litt utan å bli heilt hysterisk. Sjølv om eg for eksempel kjøper ein maskara som ikkje er laga av dyreprodukt eller testa på dyr så må eg seie at eg til tider fortsatt kjem til å kjøpe gardiner på salg. Det handlar om å bry seg litt utan å verte heilt fanatiske. Ein kan starte med noko so enkelt som å kjøpe handlenett som kan brukast fleire gongar. Dersom ein gløymer å ta med dette på butikken ein dag så treng ein ikkje å legge seg ned å grine, men heller prøve å huske å ta det med neste dag. Det handlar om å gidde å putte plastemballasjen sin i sekken i staden for å hive det i restavfallet. Det handlar om å gidde å plukke opp den plastflaska på bakken når du går fjelltur – sjølv om det er nokon andre som har kasta den i frå seg. «Kvifor skal eg gidde når ingen andre gidder?» Ein får starte med seg sjølv.

48298402

Gamle gaflar som knaggar, rivjern som lampar, ei gitarkasse som oppbevaring og ei rake til glasoppheng.

Ein kan godt tenke ein ekstra tanke før ein hiv noko i bosset. Dette kan ein fint gjere utan å havne på tv-programmet Extreme Hoarders.

r8230482

Eg har lagt min elsk på tomme hermetikkboksar og syltetøyglas. Dei kan verkeleg brukast til alt. Om ein tar vare på alle så vil sjølvsagt leiligheta di sjå ut som ein metallfabrikk til slutt, men nokre kan ein vaske og ta vare på. Kvaliteten på dei ulike er òg ulik så nokre må rett og slett berre resirkulerast (First Price sine ananasboksar for eksempel). Eg har haugevis av desse i det eg kallar jenteskuffa mi. Der brukar eg dei til sminkekostar, augeskyggar, lipglossar, fliseklemmer, hårstrikk og ja, you name it eigentleg. Forsøkte meg på å bruke det til urter òg, men der var det vel heller eg som mislyktast og ikkje hermetikkboksen.

42480239

Årets julepynt er i alle fall avgjort.

Eg skulle eigentleg skrive om dei flotte sidene eg har funne med «cruelty-free» produkt og klede, men så spora visst heile greia totalt av. Det kjøm ein dag i måro. Det einaste eg vil at dokke skal få ut av dette innlegget er at det faktum at ein «treng» nye ting heile tida er som regel laga av industriane. Husk å tenk tanken: «Treng eg verkeleg dette?» Jammen, eg må då få lov til å kjøpe ting eg har lyst på òg! Sjølvsagt, men alt med måte.

Alle bileta er stjåle frå Pinterest og Tumblr. 

To generasjonar på Vidd’n

Eg har fått mamma på besøk og då måtte vi sjølvsagt gå Vidd’n. Ho har vel både vore på Fløyen og Ulriken før, men ikkje Vidd’n. Positiv som ein er så tenker at det er null stress. Som sist så var det ein kjempelang og kjempeslitsom tur. Med banan, nøtter og gulrøtter i sekken så gjekk det likevel fint.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ser ut som om vi har gått midt på natta, men det er noko med det der kontrastgreiene i bileter.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

(Nesten) heile familien på tur.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bergen, du er så fin!

No ligg ho mor og søv på skuldra mi og eg er ca. akkurat like sliten. Vi har vore på Colonialen og ete middag. Trur eg aldri har bestilt ein 3-retters før. Kongekrabbe, ein heil ørret og is med bær til dessert. Dei serverte ein heil fisk. Tenkte at den var sikkert ikkje så stor, men det var den sjølvsagt. Vi koste oss i massevis, men måtte fint finne ein litt stillare plass etter kvart. Haha, det kom ein heil venninnegjeng som tydelegvis hadde det infernalsk kjekt. «Ææææææ! hæhæhææææ!!» Dokke skjønar teikninga. Så vi endte på Roll and Rock (for nokon milkshakar) før vi berre måtte ta kvelden. Klokka 22 på ein laurdag.

Testing, testing, vegan candy?

I dag er planen å prøve seg på ein type vegansk candy. Får eg til det her då? Eg har kjøpt dadlar med ein tanke om noko trøffel-liknande, men det veit eg ikkje om er innafor mi erfaringskurve enno. Ein kan lage endelaust med ulike typar av alt. Nokre oppskrifter er stappfulle av «spesialprodukt» og nokre er heilt enkle. Bananpannekaker for eksempel? Banan, ein form for mjøl og litt rismelk. Snickers? Mørk sjokolade, peanøtter og peanøttsmør/peanøttmjøl så har ein det vel eigentleg. Eg kan sjølvsagt ikkje skrive under på at desse «oppskriftene» på bananpannekaker og snickers fungerar – dette er rein improvisasjon frå mi side. Kanskje kan eg fortelje ut i frå erfaring seinare!

lol

Bileter frå weheartit.

Eg er ferdig med den fyste obligatoriske, skriftlege innleveringa for semesteret – og det ein dag før. Det må sjølvsagt feirast. Eg kan ikkje huske sist eg var ferdig med noko ein heil dag før eg skulle. Heilt imponert sjølv, eg.

lol

Bileter frå weheartit.

Ja, eg har juksa igjen. Om ikkje så lenge har eg nok tatt nok bilder til å eigenprodusere desse kollasjane, men foreløpig så får dette berre holde. Det er i alle fall haugevis av inspirasjon i desse bileta!

No tenker sikkert mange at pokker at desse bileta kom på ein torsdag, men min plan er i alle fall å lage ein sunn variant. Ønsk meg lykke til!

Matkollasj 1.0

«Og så har me juksa litt…» Av og til er det lov. I dag går heile dagen min til å lese og skrive fag. Sånn må det nesten vere av og til. På ein sånn dag har ein relativt lite rom for å vere kreativ og middag vert nok utsatt nokre timar til. Dermed har eg vore på det store internett for å hente rask inspirasjon. Med eit kjapt søk på «vegan food» får ein nettopp dette. Kan nok ikkje kvalitetsikre at alle rettane som er avbilda under er heilt veganske, men i mine auger ser dei i alle fall ut til å vere det. Good enough.

vegan weheartit

Bileter frå weheartit

«Kos deg med salaten din du, he-he.» Kan nesten garantere at dei fleste som et vegansk har ein i alle fall like spanande matveg som alle andre (om ikkje meir til og med). På bileta over ser vi blant anna spaghetti med avokadosaus, steikt rosenkål, steikte poteter, nøtter, ris, løk i alle former, salat, belgfrukter, frukt, bær og så vidare. På nokre få minutt har eg nesten henta inn inspirasjon for ei heil veke.

vegan weheartit1

Bileter frå weheartit

Moglegheitane er endelause og no vart eg rimeleg svolta. Eg har pakka med meg litt nøtter som eg kan gumle fram til middag om nokre timar. Er det fleire enn meg som kan glede seg til middag i om lag ein heil dag? Matmoms.

Te av svigermor sine urter

Formen her i heimen er fortsatt litt på skeiva, dermed vart det heimelesing i dag. Eller, vi brukte vel den fyste halvparten av dagen til å ligge i senga og synast synd på oss sjølve. Må til det òg inn i mellom. No, derimot, har lesehestane vore på plass ei stund og vi har tilbakelagt ein heil haug av sider.

Etter nokre dagar på Osterøy vert vi heilt vekkskjemde. Vi fekk med oss kantarellar, blåbær, saft, fisk og urter i fleng – alt er sjølvsagt heimelaga og skaffa sjølv! Skal det vere så skal det vere, liksom. Det einaste vi manglar er meir skapplass. Haha!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tørka mjødurt, sitronmelisse, peppermynte og verbena.

Den fyste av desse urtene vi testar ut vart sitronmelisse. Eit kjapt søk på urta viser til at den kan brukast på mange ulike måtar – i dag er det hovudsakleg som smakstilsetting i mat. SNL kan fortelje meg at sitronmelisse blandt anna er godt for hjartet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Peppermynte fremst og verbena i bakgrunnen.

Mjødurta har eg allereie fortalt ein del om, men om det fortsatt trengs ei reprise så finn du den her – der finn du òg framgangsmåten ein brukar når ein skal tørke urter. Verbena er ei urt i jernurtfamilien og skal for eksempel vere godt for trøttheit (SNL). Verbena skal derfor vere perfekt å drikke før ein skal legge seg. Peppermynte skal for eksempel hjelpe under ein forkjølelse og mot massevis av andre kroppslege plager (SNL). Sprøyt og gamle myter, tenker ein kanskje, men om ein tenker seg om litt til så finn ein stoffa i ulike urter i moderne medisinar. Skilnaden er gjerne at ein finn dei i meir konsentrerte former enn det ein finn i ei tørka urt. Så, det er kanskje ikkje så dumt likevel? Uansett så er det hakket betre å drikke ein kopp med Mjødurt som inneheld C-vitamin enn å ta tilskudd. Kvifor? Mjødurt inneheld stoff kroppen treng for å ta opp C-vitamin òg! Kjempelurt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sitronmelisse.

Attåt lesing på kveldstid er det nærast sagt obligatorisk med i alle fall ein kopp med te. Tipper det blir i alle fall tre til. Det er alt for spennande med heimelaga te! Hittil kan eg i alle fall godkjenne smaken på både mjødurt og sitronmelisse.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Te av sitronmelisse – den vart litt mørkare i fargen etter nokre minutt.

Om dokke vil lese meir om urter kan eg verkeleg anbefale denne sida.

Dama til

I dag er det faktisk typen som har diska opp middag! Bortskjemt som py veit du. Neida, joda. Flinkis. Eg fekk dratt meg sjølv på obligatorisk framvisning på skulen i dag (bestått!!), men så var det berre å legge seg i sofaen då eg kom heim. For å gjere ting betre skulle visst ryggen min låse seg òg. Derfor har eg no kjøpslått med høgare makter: Om eg no vert frisk raskt ser eg meg berre nøydd til å bli flinkare på aktivitetsfronten. Eg har tross alt lagt inn ein lovnad. Joda, må innrømme at treningskort har stått på studentkjøpelista sidan eg byrja.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

søtpotetmos – stekte tomatar – stekt løk – dampa grønsaker – ris – saus av kokosmelk

Sidan eg ikkje har fått i meg noko særleg med mat dei siste dagane har det vore skikkeleg labert på matfronten. Dette her er vel kanskje det måltidet vi lagar kvar gong vi ikkje har fantasi eller ork til noko anna. Ikkje vert eg lei av det heller. Supergodt!

God bedring! Takk ❤

Gje meg ein kur

Skal prøve å ikkje klage for mykje, men i dag har vel ikkje feberen vore under 39. Blablabla, det passar ikkje i det heile. Ei form for framføring i morgon og ei på fredag. Javel, ja. Lykke til! La oss håpe at eg kan ordne litt effektiv lesing i morgon – i dag er det i alle fall berre å gløyme.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Te brukar vanlegvis å løyse alle problem, men i dag er det rett og slett ikkje bra nok. Vanlegvis er eg i mot bruk av smertestillande når ein er sjuk/har litt haudeverk eller liknande, men i dag har til og med eg bukka under. Eit døgn med febersmerter var nok. Haha, helsing Fru Dramatisk, lissom.