Middelhavsmat

Vi har ete så vannvittig mykje god mat på denne turen. Smaksløkane mine vassa konstant. Vi har valgt å ete kjøt når vi er på ferie. Litt på grunn av at vi ikkje er så flinke med å vere kreative enno og litt på grunn av at det er ferie. Tanken bak å ete meir vegetarisk/vegansk er ikkje å gjere det alltid og kvar dag, men å kutte ned på forbruket av animalske produkt. Vanlegvis er det sjeldan vi går på restaurant, så dermed har vi valgt at vi har «lov» til å skeie ut då. Vi har også bestemt oss for at i helger (då spesielt tiltenkt laurdag eller ein anna valgt dag, ikkje torsdag til og med søndag) kan vere tider der vi skeiar ut. Dersom ein ikkje et kjøt anna enn for eksempel laurdag har ein faktisk kutta ned forbruket med nesten 90%. Dermed sparer vi litt på miljøet, helsa og ikkje minst samvittigheita! Kjempeidè! Gjenstår berre å sjå korleis vi klarer oss 😀 Nok om det!


Noko av maten vi laga «heime»:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Epler, eplejus og avokado med salt og pepper.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Når ein er rett i nærleiken av middelhavet er heimelaga pizza ei sjølvfølge. Denne er toppa med tomat, oliven, mozarella, ost, løk, purreløk, chili, sopp og sikkert fleire ting som eg ikkje huskar no.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kveldsmat ein sommarkveld. Så godt og såå enkelt! Mozarella, skinke og tomat.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Måtte sjølvsagt prøve rekene dei hadde i Frankrike. Dei var diiigre. Einaste skuffelsen var at dei smakte mykje mindre enn norske reker.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I utekjøkkenet i St. Jeannet hadde vi steinovn og grill. Det måtte sjølvsagt testast ut og vi laga grillspyd. Ein kan grille ALT. Grilla gullerøter for eksempel? Sjukt godt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Innser at denne frokosten ser mykje meir kjedeleg ut enn den er. Eg har alltid tomatar i kjøleskapet og med litt salt og pepper blir det tidenes frokost.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein anna polulær tomatrett hos meg. Einaste forskjellen er at desse er stekt og toppa med mozarella.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Blomkålsuppa har eg jo delt før, men syns den fortjente å vere med her òg. Steik løk, chili og kvitløk, kok blomkål og putt alt i blender. Kok opp igjen og ha i litt salt og pepper. Fabulous.


Restaurantbesøk:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Her åt vi på ein restaurant i gamlebyen i St. Jeannet. Dei serverte nydeleg mat til ein bra pris. Vi kunne både sjå ut over gamlebyen og middelhavet samtidig. Majestetisk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Middag i Nice. Når eg et på restaurant seier eg som regel i frå til personalet at eg ikkje tåler gluten i det heile. I tillegg så vel eg alltid rettar som er naturleg glutenfrie. Det positive med glutenallergi er at ein plutseleg et mykje sunnare. I alle fall på restaurant.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Då vi var i Vence hadde eg akkurat ete heime så det vart berre middag på alle andre. Typen bestilte ein burger som visst nok var veeldig god. Den hadde bernaise på seg!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Også i Vence. Må seie at desse restaurantbesøka overgår dei fleste (til same pris) eg har hatt i Norge.


Drikkevarer og dessertar (også på restaurant):

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Rosèvin frå Vence. Enten så smaker det ekstra godt på grunn av varmen, eller så er vinen berre betre. Eg held ein knapp på sistnemnde..

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sånn her kan det gå når du bestiller heilt vanleg is i Vence.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Herregud, dette er kanskje det sjukaste. Eg bestillte ein Piña Colada. Holdt på å le meg i hel. Eg har smakt to verkeleg gode Piña Coladaer i mitt liv: Denne i Vence (tru det eller ei) og ein i Praha. Alle eg har smakt i Norge har vore veeldig fulle av kokos og smakt heller lite Ananas.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Monaco. Irish Coffee. Eller eigentleg Whiskey med kaffesmak. Fortsatt godt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Svigerbruttern bestilte ein Gourmet Kaffe. Hadde vel ikkje forventa dette.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Lærdom: Dersom du transporterar ein pose potetgull frå den franske rivieraen til midt oppå Alpane – sprenger dei. Ein som hoppa i setet då den eine eksploderte. Hahaha, herleg.


Eg skal ikkje skryte på meg at eg har tatt bilete av absolutt alt vi har ete og fått i oss. Nokre avvik er der. For eksempel alle Kinder Schoko-Bons’a eg stappa i meg på turen heim. I utlandet har dei desse i stoore posar. Farleg.

Frå St. Jeannet til Bergen

france-til-bergen

Eg føler bildet seier sitt igrunn. Vi har køyrt i tre dagar i strekk og tilbakelagt 282 (!!) mil. Sjølv om vi har tilbrakt mesteparten av tida inne i bilen har vi likevel fått sett så sinnsvakt mykje. Eg har blant anna sett enorme borger og kirker, nydelege landsbyar og eg har gått på Alpane! Det har verkeleg vore ein opplevelsesrik tur. For meg som ikkje har reist noko særleg i det heile har det vore fullt av inntrykk. Å prøve å finne vegen i Frankrike uten å kunne fransk, å køyre i Italia uten å bli krasja i, å overleve ein temperatur på nesten 40 grader, å bruke dei få frasene eg huskar frå tysktimane på vidaregåande (øøhh, kann ich æææ die toalett uuuhm benutzen?) og å køyre 1000km på ein dag er berre nokre få av dei «små» tinga eg kan nevne. Besøke Nice, Monaco, middeladerbyar, ei kirke bygd i år 400 (visste ikkje sånnt fanst ein gong) og eg kan fortsette i evigheiter.

På turen overnatta på eit tysk hotell nært Göttingen i Tyskland. Det var sjølvsagt bygd i middelalderstil (kalla bindingsverk for spesielt interesserte – ikkje meg, hehe).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Slik såg hotellet ut. Kunne vel ikkje blitt særleg betre. Eit bygg i gammal tysk stil i ein gammal tysk landsby.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein anna del av hotellet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Landsbyen var full av gamle, nydelege bygningar.

Det einaste negative her var den korte tida vi hadde til å nyte landsbyen – dessutan var det søndag og det meste var stengt. Vi hadde trossalt 1000km i bil framfor oss.

St. Paul i Vence

St. Paul er ein av dei eldste middelalderbyane på den franske rivieraen. Byen er spesielt kjend for all kunsten som blir laga der i tillegg til alle kunstnerpersonlegheitene som har vore innom byen i gjennom historia. Det var ein nydeleg by å besøke. Eg vil påstå at denne var enno meir majestetisk enn St. Jeannet. Det gjorde byen ekstra spesiell at det berre var bilar i utkanten av byane. Fekk forsåvidt ikkje kjøpt meg veske her heller. Du skulle ha rimeleg mykje cash på hand for å både shoppe og overnatte der. 700 euro for ei natt blir vel i neste liv, ja.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi hadde kome ca. 3 meter inn i byen før nokon gav oss beskjed om at vi måtte kle på oss. For å gå uten t-skjorte måtte ein betale 35 euro. Fant ut at det ikkje var verdt det.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi har faktisk vore inne i ei kirke frå 1300-talet. Verkeleg noko å oppleve.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein kunstnar sat å mala kirka og omgivelsane rundt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For å avslutte dagen måtte vi ha oss nokre kalde på denne restauranten. Fekk prøvd verkeleg tørr fransk cider. Litt uvant for mine smaksløka, men mykje betre enn dei norske, ihelsukra ciderane.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

No skal vi til Vence!

Ein kan ete blomkålsuppe i France

Etter ei utflukt i St. Paul i Vence (eit innlegg vi sparer til i morgon) passar det sjølvsagt med blomkålsuppe. Enkelt som py tenkte eg, men det viser seg at med ein gong ein lagar mat til sju stykk så tar alt tid. Vanskeleg var det likevel ikkje. Løk, kvitløk, smør, salt, pepper, fløte, melk, vatn, blomkål, blomkål og blomkål så får ein god og rimeleg middag. St. Paul var alt for klar over at turistar blir svoltne uansett og hadde dermed alt for stive matprisar. Etter nokre glas med sprudlevatn vart vi dermed einige om å lage middag «heime». Legg ekstra godt merke til størrelsene på blomkålane. Bakoversveis.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg var alt for svolta til å ta bilde undervegs, men framgangsmåten er igrunn kok/steik+blender=suppe.

Gødt!

Monaco (hjarte)

Kvar dag er vi på ein finare stad enn den forrige. Sjølv om eg tviler på at det er noko som kan slå gårsdagens besøk til Monaco kan eg søren ikkje vere sikker. Monaco er ein fantastisk fin by! Hadde ein liten episode i eit køskille eg gjerne skulle ha filma (billettørane lo alt for godt og spurte kor eg var frå. Faen at eg ikkje sa Sverige..). Har vel aldri sleva så mykje som eg gjorde i den byen her. Og lite gjer den tuppa her meir glad enn ei fantastisk oppleving.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg tok ikkje med meg veske til Monaco. Tenkte at det kan eg no kjøpe der! Pfft, i Monaco har ein sjølvsagt berre merkvarer. Ka trudde eg, liksom.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi måtte innom det visstnok superkjente akvariet til Monaco. Eg har no tatt på ein hai (!!). Ellers hadde dei både Nemo og Doris.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA          Processed with VSCOcam with b1 preset

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nice/France

Dagane går i ett her. Forsåvidt eit bra teikn, men no er vi langt over halvvegs i turen. Frankrike er fantastisk på alle måtar. Det vil seie, dersom du ser vekk i frå at absolutt ingen kan engelsk. I går hadde vi ei lang utflukt i Nice. Gløymde faktisk å ta bilder der. I alle fall, i Nice har dei havet midt i byen. Det var ei heilt spesiell oppleving å kunne hoppe i Middelhavet for så å ete salat på ein restaurant. Heilt rått og eg anbefaler det til absolutt alle.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I dag har vi vore i Monaco (!!!). Når opplevingane har kome skikkelig inn får eg skrive litt om det óg, men kjenner at tomorrow that’ll be the day 🙂

Idylliske St. Jeanett

Det er mogleg eg aldri har hatt det så fint før. St. Jeanett er noko av det finaste eg har sett. Det er gamle bygningar i trange gater. Vi fant drueplantar opp etter veggar og dei hadde planta alle moglege urter over alt. Det beste med dagen var å ete middag og samtidig sjå utover Middelhavet. Knip meg i armen, liksom.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Maten smakte akkurat like godt som den ser ut til å gjere.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Frokost i Provence

Vi har endeleg kome fram til Frankrike etter tre veldig lange dager med køyring. Sjølv om det var både slitsomt og jævelig så er det berre sinnsvakt verdt turen. Vi har sett deler av Danmark, Tyskland, Sveits, Lichtenstein og Italia. Så har vi sett litt av Alpane!! Åh, mest fantastiske landskapet eg har sett i alle fall.

I dag er fyste dagen vi ikkje sit i bil. Dette feirast med den mest idylliske og enkle frokosten eg har hatt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Og dette er berre byrjinga?? Vilt.