Tropisk start på dagen

Eg hadde tidenes start på dagen med ein smoothie av kokosmelk, mango, banan og frosne jordbær. Sidan eg ikkje alltid er heilt klar for eit stort måltid om morningen så vert det ofte ein smoothie for min del. Om ein tilset fett i smoothien vert det heile eit fullverdig måltid. 

No har eg vore i forelesing og lært at den beste måten for å unngå smitte er å unngå andre folk sine kroppsvæsker. Og eg skal på treningssenter no – hei, paranoia.

Har dokke sett noko så freeesht? Dette vert definitivt frokost dei neste dagane óg. Det er mogleg eg ikkje klarer å vente lenger enn til etter trening 

Advertisements

Smoothietid

Kva er den beste måten å bli frisk på? Det må vere smoothies. Så mykje næring i eit glas får ein vel få andre stadar. Her ein dag strumpla eg over ein artikkel med eit utval smoothies. Desse såg usedvanleg fristande ut og dermed måtte eg sjølvsagt teste dei ut. No har vi testa to av dei og ein improvisert med inpirasjon frå ein av dei i artikkelen. Orginalane kan du finne her. Sjå vekk i frå at poenget i denne artikkelen er slanking. For min del var det dei næringsrike ingrediensane i smoothiane som solgte. Reduksjon i vekt er ikkje mitt fokus. Det kan eg vel sjeldan understreke nok.

Vi skulle i utgangspunktet teste ut ein kokosmelksmoothie med hasselnøtter og kakao. Sidan vi ikkje hadde hasselnøtter testa vi korleis det vart med mandlar i staden. Smaken vart heilt tipp topp, men mandlane er nok lit grovare enn hasselnøttene – sjølv etter ein lang tur i blendaren. Dermed er det nok betre med hasselnøtter, men for all del, den var veldig god med mandlar òg.

Dersom dokke trykker dokke inn på artikkelen eg har linka til kan eg nemne at eg har prøvd ein nesten identisk smoothie som den dei kallar: «Grønn smoothie med mynte og spinat». Denne vart laga ved ei tidlegare anledning, men eg kan absolutt anbefale den òg!

Oppskrift:
2 porsjonar
♥ 2 dl mandlar
♥ 100 gram isbitar
♥ 1 dl rismelk
♥ 3 dl lett kokosmelk
♥ 1 ts honning
♥ 1 ts kakaopulver
♥ 1 stk banan

I den orginale oppskrifta nytta dei vaniljesukker i tillegg, men dette var absolutt ikkje naudsynt. Litt usikker på effekta frå ei ts med honning når det likevel er nytta banan som søtning, så eg trur igrunn ein heilt fint kan droppe denne ingrediensen òg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kokosmelksmoothie med mandlar og kakao

Som sagt vart kokosmelksmoothien med hasselnøtter og kakao hakket betre enn den med mandlar. Smaken var igrunn ganske så lik, men det var konsistensen som gjorde at hasselnøtter vant likevel. Her er oppskrifta rimelig lik som den over.

Oppskrift:
2 porsjonar
♥ 2 dl hasselnøtter
♥ 2 dl rismelk
♥ 2 dl lett kokosmelk
♥ 1 ts honning
♥ 1 ts kakaopulver
♥ 1 stk banan

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kokosmelksmoothie med hasselnøtter og kakao

Av dei tre ulike vi har laga dei to siste dagane var det mangosmoothien med ingefær som stakk av med fysteplassen. Denne var heilt fantastisk god. Eit hint her er vel kanskje at du må like ingefær ganske så godt elles vil nok ikkje denne smothien vere noko for deg. Ingefærsmaken var sterk. For meg er det sjølvsagt heilt perfekt. Eg har hatt skikkelig vondt i halsen, men når eg drakk denne så berre røska den opp i alt grumset og fiksa heile opplegget. Altså, det er ikkje noko mirakeldrikk, eg er fortsatt sjuk, men her kan ein nesten bytte ut ibux med ein smoothie. I love it.

Oppskrift:
2 porsjonar
♥ 100 gram isbitar
♥ 1 stk mango
♥ 2 dl eplejuice
♥ 0,5 stk banan
♥ 30 gram ingefær
♥ Saft frå ein halv lime

Her har vi berre stjåle heile oppskrifta. Einaste skilnaden er at vi ikkje gidder å ha ei halv banan på kjøkkenbenken så vi heiv i ei heil banan i staden. Herregud, den ingefærsmaken kombinert med det søte og sure – eg kunne drokke litervis.

I dei orginale oppskriftene er det brukt kumelk i staden for rismelk. Eigentleg tvilar eg på at ein trenge å bruke verken kumelk eller rismelk og at det gjer særs lite forskjell om ein faktisk berre byttar ut melketypane med vatn eller meir kokosmelk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mangosmoothie med ingefær

Om du vil ha begge porsjonane for deg sjølv kan ein f.eks. lagre desse i kjøleskap i eit tomt og vaska syltetøyglas til kvelden eller til dagen etterpå. Smoothiar har generell lav holdbarhetstid så eg ville nok ikkje venta for lenge med å drikke dei opp, men det tvilar eg sterkt på at blir eit problem uansett 😀

Roll & Rock

Etter gårsdagens milkshake kunne vi ikkje la vere å ta ei reprise av det heile. Roll & Rock er berre ein heilt nydeleg plass. Alt er så gjennomført. Musikken, interiøret, menyen og ja, alt. Trur det må vere ein ny favorittplass faktisk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Den taxien der er tillaga med både bord og sofa – kjempekult!

Eg drista meg ikkje til å ta bileter av innsida av det heile, men eg synes at utsida gir ein god representasjon av resten. Tre damer på kafè på ein søndag er ein herleg kombinasjon.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

«Det er alkohol i den, altså.» Ja?

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Er det mogleg. 

Vi fant ut at sida dei på nabobordet tok ein feit søndag, så kunne vi det òg. Dessutan inneholdt den  banan og peanøtter, så den jo berre vere sunn. Takk  og pris for unnskyldningar, seier eg berre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ei anna uteservering i same gata.

Heile den gata er eigentleg ein fantastisk plass å sitte. Litt avsides og dermed litt roligare enn det kanskje er på andre stadar i byen. Eg har faktisk aldri undersøkt gata noko særleg, men det kjenner eg at eg skal fortsette med. Sånne stadar som er heilt gjennomførte og supersøte er verkeleg noko eg set pris på. Så var det det der med å ta seg tid til sånnt, då. Det vert vel neste gong eg får besøk av ho mor.

To generasjonar på Vidd’n

Eg har fått mamma på besøk og då måtte vi sjølvsagt gå Vidd’n. Ho har vel både vore på Fløyen og Ulriken før, men ikkje Vidd’n. Positiv som ein er så tenker at det er null stress. Som sist så var det ein kjempelang og kjempeslitsom tur. Med banan, nøtter og gulrøtter i sekken så gjekk det likevel fint.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ser ut som om vi har gått midt på natta, men det er noko med det der kontrastgreiene i bileter.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

(Nesten) heile familien på tur.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bergen, du er så fin!

No ligg ho mor og søv på skuldra mi og eg er ca. akkurat like sliten. Vi har vore på Colonialen og ete middag. Trur eg aldri har bestilt ein 3-retters før. Kongekrabbe, ein heil ørret og is med bær til dessert. Dei serverte ein heil fisk. Tenkte at den var sikkert ikkje så stor, men det var den sjølvsagt. Vi koste oss i massevis, men måtte fint finne ein litt stillare plass etter kvart. Haha, det kom ein heil venninnegjeng som tydelegvis hadde det infernalsk kjekt. «Ææææææ! hæhæhææææ!!» Dokke skjønar teikninga. Så vi endte på Roll and Rock (for nokon milkshakar) før vi berre måtte ta kvelden. Klokka 22 på ein laurdag.

I like Piña Coladas

En sånn type morgen. Etter ørten timar med lesing i går, unnar eg meg litt kos før det er på «an igjen. I heile går hadde eg så voldsomt lyst på Piña Colada. Så då vart det nettopp det i dag. Virgin, sjølvsagt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein del kokosmelk og ein del ananasjuice.

Veit ikkje om dokke huskar det, men eg klagar i alle fall støtt og stadig på at ingen klarer å lage ein god Piña Colada. Unntaka er dei eg har drokke i Praha og i Vence. Ikkje før i går slo det meg, kanskje eg får det til sjølv? Og, det gjorde eg! Alt for lett! Okey, fredagsdrinken er bestemt allerede.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Neste gong eg lagar denne (kremt, i kveld) så vil eg prøve å ha ananasbitar i blenderen i tillegg. Eg liker i alle fall best denne drinken om det smaker ein del ananas av den. Sjølvsagt må den smake kokos òg, men 50/50 kokos/ananas er nok perfekt for meg!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Å ka ho kosa seeej.

På butikken i går så oppdaga eg at ein kunne få to blad til prisen av ein. Då vart det sjølvsagt det. Og så to av favorittbloggerane mine. Studentkontoen sa nei, men eg klarte ikkje å høyre på den og blad vart det.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Så fine!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tjukkelestane og kosekleda er på.

Te av svigermor sine urter

Formen her i heimen er fortsatt litt på skeiva, dermed vart det heimelesing i dag. Eller, vi brukte vel den fyste halvparten av dagen til å ligge i senga og synast synd på oss sjølve. Må til det òg inn i mellom. No, derimot, har lesehestane vore på plass ei stund og vi har tilbakelagt ein heil haug av sider.

Etter nokre dagar på Osterøy vert vi heilt vekkskjemde. Vi fekk med oss kantarellar, blåbær, saft, fisk og urter i fleng – alt er sjølvsagt heimelaga og skaffa sjølv! Skal det vere så skal det vere, liksom. Det einaste vi manglar er meir skapplass. Haha!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tørka mjødurt, sitronmelisse, peppermynte og verbena.

Den fyste av desse urtene vi testar ut vart sitronmelisse. Eit kjapt søk på urta viser til at den kan brukast på mange ulike måtar – i dag er det hovudsakleg som smakstilsetting i mat. SNL kan fortelje meg at sitronmelisse blandt anna er godt for hjartet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Peppermynte fremst og verbena i bakgrunnen.

Mjødurta har eg allereie fortalt ein del om, men om det fortsatt trengs ei reprise så finn du den her – der finn du òg framgangsmåten ein brukar når ein skal tørke urter. Verbena er ei urt i jernurtfamilien og skal for eksempel vere godt for trøttheit (SNL). Verbena skal derfor vere perfekt å drikke før ein skal legge seg. Peppermynte skal for eksempel hjelpe under ein forkjølelse og mot massevis av andre kroppslege plager (SNL). Sprøyt og gamle myter, tenker ein kanskje, men om ein tenker seg om litt til så finn ein stoffa i ulike urter i moderne medisinar. Skilnaden er gjerne at ein finn dei i meir konsentrerte former enn det ein finn i ei tørka urt. Så, det er kanskje ikkje så dumt likevel? Uansett så er det hakket betre å drikke ein kopp med Mjødurt som inneheld C-vitamin enn å ta tilskudd. Kvifor? Mjødurt inneheld stoff kroppen treng for å ta opp C-vitamin òg! Kjempelurt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sitronmelisse.

Attåt lesing på kveldstid er det nærast sagt obligatorisk med i alle fall ein kopp med te. Tipper det blir i alle fall tre til. Det er alt for spennande med heimelaga te! Hittil kan eg i alle fall godkjenne smaken på både mjødurt og sitronmelisse.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Te av sitronmelisse – den vart litt mørkare i fargen etter nokre minutt.

Om dokke vil lese meir om urter kan eg verkeleg anbefale denne sida.

Ferdigtørka mjødurt

Huskar dokke den urta vi plukka og tørka for nokre veker sida? Om ikkje så finn du innlegget om det her. I alle fall, den har blitt ferdigtørka sida sist eg var på Osterøy og putta på krukker. Tenk så gøy! Skal ikkje eksludere svigermor heilt frå den skryten her, men dette har eg fått til (nesten) heilt sjølv! Kult. Som eg sa i forrige innlegg så kan den heilt fint drikkast frisk og nyplukka, det smaker heilt fantastisk, men så er det kanskje litt i travlaste laget å drive å plukke mjødurt kvar einaste dag. Sånn som den er på krukkene så er det berre å ta eit par kvastar i te-koppen og nyte.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

No har eg laga te av mjødurt, konservert sjølvplukka kantarellar og fått ei lita innføring i korleis ein lagar saft sjølv. Kor skal dette ende, liksom? Haha, fy flate for ei husmor det blir av meg, då. Det verste er at eg synes det er ganske så kjekt.

Heimelaga iste

I går kveld laga eg iste for fyste gong. Det er fleire måtar å lage det på, men eg byrja med den enklaste – sjølvsagt. Eg hadde ca. 4 ts med te i ei flaske og helte varmt vatn over. Flaska har stått på benken gjennom natta og har vore i kjøleskapet om lag heile dagen. Eg er veldig nøgd med korleis det smakte, men neste gong skal eg teste om det vert skilnad i om ein berre nyttar kaldt vatn. Då må iste-en sjølvsagt trekke i ein lenger periode enn berre ca. 10-12 timar sånn som denne gjorde.

Når ein er student kan ein kanskje bli litt lei av å berre drikke vatn. Dette er ein utmerka måte å variere på. Du får kjøpt 4 posar med te til 100 kroner på Kremmerhuset (dei har ikkje slutta med dette, sant?). Med tanke på at eg brukte 4 ts med te på ein liter vatn så kan ein lage ein del liter for dei 100 kronene. Yey!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mangote (frå Kremmerhuset) og nokre sukettar.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Hell te-en gjennom eit kaffefilter og f.eks. eit råkostjern. Eller kva som helst anna du har i skapet!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det ferdige resultatet.

For dokke som ikkje ser det er denne flotte flaska kjøpt på Vinmonopolet. Det er absolutt heilt unødvendig å brenne av fleire hundre kroner på «pynteflasker» frå alle moglege slag av interiørbutikkar. Ei tom flaske, kniv og varmt vatn så får ein skrapa av alt av etikettar og lim frå flaska. Eg fekk meg to nye i går, denne blanke på biletet over og denne grønne på biletet under her:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Om sommaren må ein nytte peisen til noko anna fornuftig.

↑  Ei tom whiskey-flaske, ein telysholdar arva frå svigerbestemor og eit norgesglas frå finaste Mommor. Blir nok ikkje noko trendvase opp på her i næraste framtid.

Nei, jeg hakke tid

Smoothie her og smoothie der! Ein ser desse oppskriftene over alt og heile tida. Massavis av ulike variantar og alle er like fristande. Dersom dokke er sånn som meg så orkar dokke rett og slett ikkje å styre med å lage desse smoothiane kvar einaste dag. Du veit desse tomme glasbeholdarande som du må resirkulere både titt og ofte? Dei kan du for eksempel bruke til oppbevaring av smoothiar (eller middagsrestar) i kjøleskapet. Ristar du litt på smoothien er den akkurat som om du skulle laga den same dagen. Kjempelurt på travle dagar – ein sånn som eg for eksempel har i dag (og har hatt heile helga!).

Frosne bær er forresten smoothie heilt i studentpris – og no som det er haust kan ein plukke blåbær heilt sjølv og heilt gratis! Perfekt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Blåbær, bringebær og sukrin.

Bruksområda til desse glasbeholdarane er eigentleg endelause. Du kan oppbevare meir eller mindre alt av småting i dei (perfekt for ein som organiserar _alt_). Du kan bruke dei som drikkeglas og du kan spraylakke dei så vert det ganske så fine vasar. Det beste av alt er kanskje at du får dei med på kjøpet kvar einaste dag.

Helga har eg via fullt og heilt til jobbing på Kvarteret og rekruttering av nye frivillige. I går viste eg for eksempel ein haug med ferskingar korleis bruk av handjern fungerar. Haha! Superkjekt å stressteste nye ansikt.