Havregrynsgraut med heimelaga peanøttsmør

I går vart forelesinga avlyst og dermed hadde eg all verdas tid til frokost. Typen foreslo havregrynsgraut. Njæææ, sa eg då, men det skulle vise seg å vere den beste frokosten eg har ete på fleire veker. Eg har verkeleg ete mine skåler med havregrynsgraut i mitt liv, men eg har nok ikkje smakt på det sida eg budde heime med ho mor. På tide, med andre ord!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift på havregrynsgraut (gjev cirka 3 porsjonar):
♥ 3 dl havregryn
♥ 9-10 dl væske

Vi brukte ein liter soyamelk, men her kan ein velge kva forhald ein vil ha sjølv. Nokre brukar 50/50 vatn og melk og andre har meir vatn enn melk i.

Framgangsmåte:
1. Ha i ingrediensane (tilsett 2/3 av væska, deretter litt og litt til grauten er ferdig)
2. Kok opp
3. La grauten putre på låg varme i 10-15 minutt (rør ofte!)
4. Ferdig!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift på peanøttsmør:
♥ 300 g usalta peanøtter – mine var rå òg
♥ 6 ss rapsolje (helst peanøttolje)
♥ 3 ts lønnesirup

Sidan eg har vore på ein etnisk butikk og handla peanøtter viste det seg at desse hadde skal på seg og var rå. Derfor la eg peanøttene i vatn og renska av dei skalet for hand. Etterkvart som skalet løsna flaut det opp og gjorde det heile til ein enkel prosess. Ein kan visst ha peanøttene i ein behaldar og riste godt, så skal skalet løsne av seg sjølv – det fekk eg ikkje til. Etterkvart som peanøttene var reinska la eg dei over på ein kjøkkenduk sånn at vatnet fekk renne av dei.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte på peanøttsmøret:
1. Ha peanøttene i ein foodprosessor og køyr til dei har blitt finhakka
2. Tilsett olje, søtning og evt. salt (eller det du måtte ønske)
3. Køyr blandinga til du har ei jamn masse
4. Ferdig!

Som dokke ser på bileta vart ikkje mitt peanøttsmør sånn som det i butikken, men fyyy så godt det smakte! Det vart havregrynsgraut med dette peanøttsmøret både til frokost i går og i dag. Mistenker at det blir det same i nokre dagar framover, for å sei det sånn.

For ordens skyld så kan eg fortelje at dette peanøttsmøret ikkje er det beste til å ha på brødskiva, med tanke på konsistens. Eg skal ikkje seie kor mange knekkebrød eg åt med dette peanøttsmøret som pålegg, men konsistensen var ikkje heilt på topp, altså. Smaken derimot, haha 😀 Eg må nok forsøke å ovnssteike dei litt før eg har dei i foodprosessoren. Om nokon av dokke har erfaringar med rå peanøtter så er eg veldig mottageleg for råd!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Om du føler for eit lite søtmomsmåltid så kan eg avsløre at eg hadde på enda meir lønnesirup i tillegg til det som var i peanøttsmøret. Havregrynsgraut og lønnesirup. Dokke, det var faktisk heilt fantastisk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s