Brenneslesuppe – verkeleg frå grunnen av

No er tida for å plukke brennesle. I alle fall i Bergensområdet. Det er dei unge plantane som både smakar best og som inneheld flest næringsstoff. Sidan brennesle er i sesong frå mai til september, er mai den beste månaden i få det i hus. Det kjem sjølvsagt an på kva klima du har hatt heime hos deg dei siste månadane, men her i området er det berre å hive seg rundt!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Oppskrift på brenneslesuppe (til ca. 4 personar):
♥ 1,5-2 liter brennesleblad
♥ 1,5-2 liter væske
♥ Smør
♥ Ramsløk
♥ Kvitløk
♥ Muskat
♥ Løpstikke
♥ Buljong
♥ Salt & pepper

Ramsløk kan byttast ut med gul løk eller meir kvitløk. Muskat og løpstikke er ikkje nødvendig, men gjer utruleg godt for smaken. Løpstikke har eg ikkje tilgang på heime, så då må eg nok finne andre smakstilsettingar eg kan nytte meg av. Løpstikke er lik selleri i smak og kan fint erstattast av dette.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Her henta vi sjølvsagt løpstikke i hagen.

For å vere heilt ærleg så var det svigermor som laga suppa. Eg berre plukka brenneslene og var ivrig tilskuar. Eg forsøker å gjengi prosessen så godt som mogleg:

1. Skyll brennesleplantar og plukk blad frå stengelen til du har ønska mengd. Blada må trykkast litt ned i litermålet for å få ei realistisk måling, men det skal ikkje vere ei solid blokk i litermålet heller.
2. Ho byrja med å lage ei grønnsakskraft av 1 liter vatn, ein buljongterning, eit fedd kvitløk og løpstikke. Dette fekk stå å trekke i ca. 15 minutt. Samtidig vart mellom 1,5 og 2 liter brennesleblad og nokre blad ramsløk steikt på låg varme i smør i ei anna gryte.
3. Etter ein er fornøgd med smaken på grønsakskfrafta si, heller ein denne over i gryta med smørsteikte brennesleblad. Dette gjorde ho gjennom ei sil slik at det berre var sjølve grønsakskrafta som fulgte med. Her vart nokre klyper med muskat tilsatt. Dette fekk trekke i 5-10 minutt før vi helte over ein halv liter med fløte. Om dette kanskje vert litt i heftigaste laget kan ein fint berre nytte vatn eller melk. Vi skulle trossalt ete ein søndagsmiddag! 😀
4. Når suppa no har varma seg opp igjen kan ein anten la det stå i nokre minutt eller berre nytte stavmiksaren med ein gong. Vi valgte sistnemnde.
5. Heilt til sist vart det tilsatt litt jamning i form av maizena og litt salt og pepper.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det er ikkje skummelt å plukke brennesle dersom ein veit kva ein gjer. Det enklaste er å ta på seg hagehanskar og klippe stengelen med saks. På denne måten slepp ein å rive og slite og rota får vere i fred til neste år. For dei som er bekymra for å brenne seg så avtar denne eigenskapen etter den har vorte plukka. Den sluttar å brenne 12 timar etter den har blitt plukka. Dessutan sluttar den å brenne dersom den er tørka, kokt eller steikt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tørking av planten kan skje ved temperatur opp til 60 grader. Tørka brennesle oppbevarast i mørke og lufttette glas (evt. i skygge).

Nesleblad kan forvellast, sauterast, frysast friske og tørkast.

Som vist kan ein lage suppe av brennesle, dette kan ein gjere på ei mengd ulike måtar, dette er berre eit (nydeleg godt) eksempel. Ellers kan brennesla brukast til fyll i pai, i steikt form, som te, som smakstilsetning og næringstilsetning i bakevarer, i grønnsaksbollar, eller berre som tilbehør til middagen som ein heilt vanleg anna grønsak. Den kan brukast på same måte som ein ville brukt spinat, med unntak av i rå form då, sjølvsagt 😀

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nesler er rike på protein. Dei har mykje A- og C-vitamin, men òg B2 og K1. Den inneheld kalsium, kalium, kisel11, jern og fosfor. Visstnok skal den innehalde dobbelt så mykje næringsstoff som gulrot!  Tidleg i sesongen når planten er maks 15 cm høg inneheld den tre gongar meir protein enn kål. Det er nettopp då den er på sitt beste med tanke på innhold av næringsstoff og smak. Den til og med ha nesten like høgt innhald av antioksidantar som blåbær [1].

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
Historisk sett har brennesle vore særs viktig i medisin. Den har eit vannvittig bruksområde. Om absolutt alt kan kjeldehenvisast er eg usikker på, men eg har ei bok ved mi side som seier at nesla til dømes har desse bruksområda:

  • Bra for fordøyinga. Den inneheld histamin og sekretin. Stoff som vert nytta i fordøyinga vår til alle tider.
  • Fleire forsøk på pasientar har vist at brennesle senkar blodsukkernivået og dermed kan nyttast som tilskot ved høge blodsukkerverdiar. Ved diabetes må ein sjølvsagt nytte nødvendig mende insulin, men kanskje brennesle kan vere med på å regulere blodsukkeret som eit tilskot?
  • Den har ei lindrande effekt og kan dermed anbefalast som føde eller i krem/salve-form til mennesker med ulike hudlidingar. Eksempel er eksem, utslett og kviser.
  • Den skal vere blodrensande, urindrivande og alkaliserande. Anbefalast ved revmatiske sjukdomar (t.d. gikt og artritt). Ved nyreplager (t.d. nyrestein og nyregrus). Brukast ved anemi eller blodtap pga. jernmengda. Jern og klorofyll gjer at den stimulerar produksjonen av raude blodceller, den er derfor bra ved t.d. underernæring og utmatting.

Svigermor kan fortelje at brennesla har vore vanleg å bruke som ein slags styrkedrikk. Den skal dermed vere perfekt å drikke dersom ein er forkjøla eller svekka på andre måtar. Som ein kome-til-hektene-igjen-drikk, rett og slett!
Det aller morosamast er kanskje at dersom du brenner deg på denne nesla så kan ei bruke nettopp brenneslesaft på området som er råka.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Suppa var heilt sinnsjukt god. Eg hadde verkeleg gleda meg til å smake, men at det skulle vere så godt som det var – dèt var eg heller skeptisk til.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s