Trening på studentbudsjett

For eit par veker sidan gjekk eg til innkjøp av ei yogamatte. Inspirasjonskjelda var instagram, og den var sterk. Eg hadde nemlig sett på nokre jenter med ein sinnsvak kroppskontroll som kunne bøye seg i alle retningar samstundes som dei sto på hovudet. Det viser seg å vere ei ganske så genial treningsform. For å vere heilt ærleg er eg ikkje heilt inne i dette yogaspråket enno, men prinsippet verkar ganske så bra.

Eg er van med at trening må vere noko som får svetten til å renne frå fyste sekund. Dermed har eg aldri vore heilt overbevist om at dette er ei treningsform for meg. Joda, yogamatte vart det, og eg søkte opp «yoga for beginners» på YouTube. Det høyrast kanskje søkt ut, men eg har aldri vore så støl i heile mitt liv. Her ein dag skrudde eg på ein film der magen skulle trenast – det angra eg på i tre dagar etterpå. Så om ein verkeleg vil trene på studentbudsjett så er dette vegen å gå. Det einaste ein treng er ei yogamatte, ei behageleg stemme på YouTube og mjuke klede. Og viss vi skal vere heilt ærlege med oss sjølve så er det vel kanskje ikkje behagelege klede vi manglar i klesskapa våre frå før. Kosebukser er nemleg perfekte.

Eg kjøpte mi yogamatte i merket Casall på G-Sport for ca. 350 kr og eg lyttar til denne dama heilt gratis. Billigare og betre trening får ein vel kanskje ikkje. Det eg elskar med yogadamer på YouTube er at ein kan trykke på pause når ein ikkje skjønar bæret og berre spole tilbake og prøve så mange gongar som ein må. Her heime er det heller ingen som ler av meg når eg slit som værst!

71013320_low

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s