Potet- og blomkålkaker med krydra cashewsaus

Når vi kjøper poteter gjer vi det i kilospakkar. Gjerne den der FirstPrice med 2kg i. Det seier seg sjølv at potetene som ligg igjen på botnen av pakken vert ganske mjuke og stakkarslege. Når dette skjer er det gjerne ikkje så fristande å bruke dei som garnityr. Det ein derimot kan gjere er å putte dei i karbonader, lefser og liknande. Kva kallar ein liksom ei kjøtkake utan kjøt? Grønkake? Eg finn ikkje eit godt ord. Det er så deilig å finne oppskrifter ein kan nytte seg av sjølv om råvarene kanskje ikkje er av aller høgaste kvalitet lenger. Desse kakene fungerar i alle fall like godt med både mjuk blomkål og mjuke poteter. Potetpannekakene eg lagar somme gongar er òg perfekte til slike restepoteter.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Potet- og blomkålkaker:
♦ 1 middels stor blomkål
♦ 3 mellomstore poteter
♦ 1 halv løk
♦ 1/4 ts muskat
♦ 2 fedd kvitlauk
♦ 10g ingefær
♦ 2 cm fersk chili
♦ 5 ss maizena
♦ 5 ss potetmjøl

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Framgangsmåte til kakene:
1. Ha alle råvarer utanom mjølet i blender og køyr til ei jamn masse.
2. Bland i mjøl til du har ei deigliknande masse
3. Steik i olje eller smør til dei er bruna på begge sider.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg dreiv å las på ulike oppskrifter til liknande kaker rundt om kring, alle fortalte meg at eg skulle koke potetene fyst. Sidan eg syns det høyrtes litt rart ut så dreit eg i heile kokinga og hadde dei i rå. Eg synast at alle former for poteter er supergodt, men om eg skal peike på noko på desse kakene så må det vere at eg sakna blomkålsmaken litt. Neste gong tenker eg dermed å ha i litt mindre poteter i oppskrifta.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Cashewdip/saus
♦ 2 dl cashewnøtter (usalta og kokte)
♦ 2 dl vatn
♦ 1 cm chili
♦ 1 løk
♦ 3 fedd kvitlauk
♦ 1 ss olivenolje
♦ 1 ss næringsgjær
♦ 4 skiver soltørka tomat
♦ 2 ts sterk sennep
♦ 2 ts tomatpurè
♦ 1/2 dl soyafløyte
♦ 1 ts salt (maldon)
♦ 3 ts sitronsaft

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det var særs mykje billigare med knekte cashewnøtter enn heile. Eg kjøpte mine på Global Foods rett ved Bergen Storsenter. Dei har alt der! Trur eg hang der inne i ein time. Eg har heller aldri sett så billige cashewnøtter før.

Framgangsmåte cashewsaus/dip:
1. Kok cashewnøtter i 15 minutter. Nøttene vil verte mjukare, få ein rundare smak og ein nydeleg konsistens etter ein tur i foodprosessoren.
2. Bland alle ingrediensane i foodprosessoren og køyr.
3. La sausen småputre i nokre minutt på komfyren sånn at kryddera får tid til å godgjere seg i sausen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dette vert ein sjukt fyldig saus og kanskje litt vel tung for nokre. Den oppskrifta eg nytta som inspirasjon til min saus fungerte ikkje for meg i det heile. Eg måtte ha ein del syre i for at det ikkje skulle verte for mektig for smakslaukane. Denne sausen passar til det aller meste, men eg vil nok foretrekke å ete den saman med litt friskare ting enn potet- og blomkålkakene. Den er nok heilt sjukt god som dip til grønnsaker forresten! Det må eg prøve asap kjenner eg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dette er ein særs enkel rett som kan lagast på 20-30 minutt! Perfekt for ein travel mandag eller tysdag, kanskje? Eg skal i alle fall ha med meg desse kakene i lunsjboksen til jobb i dag.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s