Bakt søtpotet med urtesmør og facon

Dette er kanskje det beste måltidet eg har laga nokon gong. Kombinasjonen av dei ulike smakane gjorde at dette sendte meg til himmelen. Det einaste som kanskje mangla var litt syre. Neste gong vil eg prøve litt sitron i urtesmøret mitt òg – anten i form av sitronmelisse eller berre nokre enkle sitrondråpar. Greit nok at dette måltidet tar litt tid å lage, men det meste av tida går til baking av søtpoteta og steiking av tofuen. Ellers var det andre ganske enkelt og greit.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Til jul fekk eg meg ein mortel av lillesøstra mi. Igrunn er det ganske krise at eg ikkje har brukt den før no, men fy søren for ein kjekk sak å ha på kjøkkenet. Ein kan sjølvsagt lage urtesmør og liknande med stavmiksar òg, men det var noko med konsistensen på det heile no når eg nytta mortel som berre var heilt gull.

Oppskrift på urtesmøret:
♥ To blad fersk basilikum
♥ ca. to cm fersk chili
♥ To fedd kvitlauk
♥  1/2 ts dill
♥  1/2 ts maldonsalt
♥  1 pakke Smøremyk raps og kokos

Som vanleg kan ein bytte ut alt ferskt med krydder i pulverform og maldonsalt med kva som helst anna salt. Smøret spelar heller ikkje den store rolla anna enn at det kanskje bør vere litt nøytralt. Det vert sjølvsagt aller best resultat med ferske råvarer, men det seier seg vel kanskje heilt sjølv.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som ekstra tilbehør steikte eg sopp og tomatar i rapsolje på lav varme over lang tid.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Desse tomatane har eg fått heilt dilla på. Når eg har god tid steiker eg dei berre på ei side til dei er gjennomsteikte. Då får dei ei fantastisk gyllen overflate og heile tomaten vert mør og proppfull av fantastiske smakar. Ja, adjektiva seier vel sitt. Eg har fullstendig dilla.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tofuen kjøper eg på Rema1000 på Exhibition. Eg trur ikkje Rema1000 skjønte heilt kva etterspørselen på tofuen var for tida for dèt sel ut fort, altså. Dei er utsolgt for tofu om lag tre av fire gongar eg er innom. No sist var eg skikkelig usportslig å kjøpte alt dei hadde. Høyrast ut som eg reiste heim med fem handleposar, men det var ikkje meir enn seks pakkar med tofu a 250g, gitt. Tofu smakar ganske lite for seg sjølv, men eg må seie at eg er mykje meir fan av å nytte tofu i diverse rettar enn til dømes kylling. Tofu kan ein nemleg gje akkurat den smaken ein sjølv vil. No i det siste har eg laga ein del facon med stor suksess. For dei som ikkje er inne i den her veggisterminologien så betyr det eigentleg berre steikt tofu med røyksmak. Eg var IKKJE positiv før eg testa dette ut sjølv, men sidan det er rimeleg poppis blandt veggisar måtte eg prøve det ut. Og veit dokke kva? Eg treng aldri å kjøpe bacon igjen. For å overbevise dokke enno meir: Eg laga facon til ei venninde som ikkje er veggis og ho elska det. I dag kjøpte ho faktisk inn ingrediensar for å lage det sjølv ♥  Hallo, det må vere overbevisande. Eg blir så glad!

Oppskrift på facon:
♥ 1-2 ss liquid smoke
♥ 3 ss næringsgjær
♥ 3-4 ss soyasaus
♥ 250 g tofu

For dokke som ikkje har næringsgjær i skapet så vil eg tru at ein kan bytte dette ut med kva som helst anna pulverisert form for gjevning. Eg vil foreslå heilt vanleg mjøl eller kanskje paprikakrydder. Dette har eg ikkje testa ut, men eg ser ikkje noko grunn til at det ikkje skal fungere. Veggisar nytta næringsgjær mest for B-vitaminen si skuld. Dersom ein ikkje har noko form for gjevning i røra mistar ein kanskje litt av konsistensen, men eg veit rett og slett ikkje. Eg må prøve det ut neste gong kjenner eg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Tofuen steiker eg på middels varme over lenger tid. Den er ferdig steikt når den har fått skorpe på seg. Vi har funne ut at det er fordelsmessig at tofuen er skjært opp i veldig små bitar når ein skal lage facon. Då blir den sprø og særs lik bacon. Vi har både skjært tofuen i terningar og i skiver. Begge funkar like bra!

Min liquid smoke har eg kjøpt på Meny. Den kostar om lag 50 kroner, men den varer i evigheiter.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Når tofuen er steikt sprø er det berre å tilsette blandinga av liquid smoke, næringsgjær og soyasaus. Det kjem til å lukte røkeri på kjøkkenet ditt, og du kjem til å bli forelska i facon. I promise.

Eit lite tips viss du rynkar på nasa av denne røyksmaken er å lese på baksida av dei «røykte» varene du kjøper på butikken. Wink, wink, lissom.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Søtpotetene prikka eg hol i med ein gaffel og heiv i ovnen. Dei fekk kose seg midt i ovnen på 200°C i ein og ein halv time. Steiketid varierar frå ein time til ein og ein halv, der må ein nesten berre prøve seg fram med størrelse og tid. Eg tok mine søtpoteter ut etter at det hadde osa ein del væske ut av dei. Det viser seg at då var i alle fall mine ferdige.

Når søtpotetene var ferdig bakt snitta eg dei på langs og hadde i mykje urtesmør. Dette fekk stå å trekke litt før eg la heile kunstverket på tallerkenane.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Om du sei det ikkje ser fristande ut så trur eg faktisk ikkje på deg. Vi måtte ta ein siesta på langt over ein time etter dette måltidet. Det viser seg at ei heil søtpotet kanskje var litt mykje for magen min i alle fall.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Wææ, håpar dokke testar det ut altså! Det heile er kanskje litt vel dristig som eit onsdagsprosjekt, men kanskje på fræddan? Eg seier i alle fall ja takk til det.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s