Min beste burger (sålangt)

Eg var rett og slett berre nøydd til å lage burger to dagar på rad. Eg har funne ei burgeroppskrift som i alle fall eg synast er perfekt. Eg kan driste meg til å seie at dei nesten smaker som kjøtt og at dei nesten ser ut som kjøtt. Men! Dokke! Dei er saftigare. Ååå, eg må varme meg en to no.

Oppskrifta bør lagast med stavmikser, blender eller foodprosessor. Man skal vel eigentleg ikkje ha bilete av sluttproduktet i starten av eit innlegg, men eg klarer ikkje å vente.

Sjå på dei då!!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Hallo, det ser ut som litt lyse kjøttkaker, jo!

Okei, get it together, liksom. Dei er hovudsakleg laga av linser og champignon. For å få enno meir smak i dei har eg i løk, kvitløk, salt, pepper, ingefær og muskat. Dette er akkurat dei same ingrediensane ein nyttar i kjøttkaker.

Oppskrift del 1:
350 g hermetisert champignon
530 g raude linser
1,5 løk
3 fedd kvitløk
1 ts salt
1 ts pepper
1 ts ingefærpulver
1 ts muskat

Lenger nede finn du del 2 av oppskrifta. Den inneheld olje og mjøl.

Ingen av måla i denne oppskrifta er heilt nøyaktige. Som i alle andre oppskrifter er dette sånn ca. det eg hadde oppi og det er berre å prøve seg fram sjølv. Langt i frå er det nok ikkje.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg starta med å ha alle ingrediensane utanom mjøl og olje i foodprosessoren og køyrte dette til ei jamn masse.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dersom du steiker den massa du har fått vil burgerane bli litt vanskelege å jobbe med. Dette forsøkte eg for tre dagar sidan. Eg måtte i alle fall gje opp det prosjektet. Dokke skulle sett kor demotivert eg vart. Så kom eg på at mjøl er ein fin ting og eg lagde heller ei deig av heile greia. Her tippa eg at ein kan velje akkurat kva type mjøl ein vil ha i sjølv. Eg prøvar å bli kvitt nokre restar eg har i skapet og brukte dermed ganske mange forskjellige typar. Fyste gongen eg lagde desse trur eg at eg berre prukte Maizenna og potetmjøl. Det fungerte heilt topp.

Oppskrift del 2:
5 ss rapsolje
8 ss glutenfri mjølblanding (lys)
4 ss potetmjøl
2 ss fiberhusk
2 ss kikertmjøl

Det eg gjorde i denne delen var å flytte masse frå foodprosessor til bolle. Manuelt arbeid er veldig greit når ein lagar deig synast eg. Det er så mykje enklare å jobbe med deiga på denne måten. Eg tilsatte 5 ss rapsolje til massen og prøvde meg fram med mjøltypar til eg var fornøgd. I notatblokka mi står det f.eks. «5 ss mjøl + 1 + 1». Sånn jobbar eg forsåvidt heile vegen på kjøkkenet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Burgerane ser til og med flotte ut før dei er steikte. Eg hadde vatn på henda når eg forma burgerane og deretter trykte eg dei ned i steikepanna med steikespaden min. Derav alle desse strekane i dei.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som tilbehør hadde eg; glutenfrie baguettar, dressing av sennep, majones og sylteagurk, steikte chilipoteter og steikt løk. Burgeren fylte eg ellers med dei grønnsakene eg hadde i kjøleskapet, i dette tilfellet vart det tomatar, spinat og gul paprika.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg har i alle fall verken sett eller smakt ein så god vegansk burger før. No har eg ete den fire dagar på rad – så det seier vel sitt.

Håper dokke testar den ut! Som alle andre av mine oppskrifter er desse sjukt enkle å lage. Ein kan heller nesten ikkje gjere noko feil. Eit tips er å steike ei side av burgeren om gangen. Altså, ei side av gongen blir det vel uansett, men å steike ei side ferdig før du steiker den neste. Då vert dei lettare å snu og dermed held dei seg lettare fine. Eg steikte dei i ein del rapsolje og på medium høg varme. Då må ein sjølvsagt følge med på panna òg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ps. Raude linser inneheld mykje av dei same næringsstoffa som ein får frå kjøt. Google it! Lite feitt og haugevis av protein, vitamin og mineral.

No skal vi besøke den nye leiligheta vår og måle opp alt sammen. Vi skal med andre ord finne ut kva møblar som passar inn og kva av våre møblar vi må kaste. Wææ! Vi skal flytte 😀

Advertisements

5 thoughts on “Min beste burger (sålangt)

  1. Etter å ha klart å smugle inn ein boks med hermetisk sopp i heimen, og hatt den stående i skapet i over 2 måneder mens eg venta på ein passande anledning har eg omsider fått prøvd meg på disse burgerene. Eg prøvde å følge oppskrifta men siden eg kun hadde 250g med sopp måtte eg tilpasse litt. Bortsett frå ein del meir krydder trur eg at eg fulgte oppskrifta ganske greit.

    Eg vart ikkje heilt nøgd med resultatet desverre. «Kjøttkakene» var vanvittig (!!!) gode på smak (!!!) men de eg lagde var altfor deigete inni. Litt sånn som ustekt brøddeig-isj… For min del gikk dei ned på høgkant, men mannen i huset (som sikkert ikkje var like svolten som meg) klarte ikkje å fullføre.

    Har du nokon gode tips? Eg har stekt dei på samme måte som deg, så eg trur ikkje det er steikinga som er problemet. Brukte maizena istadenfor potetmjøl og bytta ut glutenfritt mjøl med ein tilfeldig mjøltype (av den relativt normale sorten). Kan det være maizennaen som er problemet? Eller kanskje eg treng meir sopp? Kan eg ha brukt for mykje mjøl i forhold til andre ting?
    Har du nokon tips/erfaringar?

    (som du sikkert forstår: Eg er så nøgd med oppskrifta at eg har superlyst å lage den igjen og få den perfekt!)

    Likar

    • Så utruleg kjekt at du har testa dei ut 😀 Eg jubla over at du i alle fall lika smaken 😀 Eg har klødd meg i hovudet i heile dag og forsøkt å kome fram til ei løysing. Eg er klar over at konsistensen kan verte litt deigete, men eg har ete dei så mange gongar at eg hadde fullstendig gløymt at det var eit minus på fyste forsøk. Det einaste tipset eg kan kome på er å forsøke med ein grovare mjøltype. Kanskje byggmjøl? I det siste har eg hatt mandelmjøl i mine (i tillegg til potetmjøl og maizena), då vert dei nok litt grovare i konsistens. Mogleg du vil få ei god effekt av havregryn i deiga òg! Det er òg ei moglegheit at du rett og slett ikkje har brukt nok mjøl. Eg synas alltid det er vanskeleg å følge andre sine oppskrifter nøyaktig – det er lett å gløyme at sjølv om matvarer har same namn så er dei ikkje nødvendigvis like. Ut i frå det du seier så trur eg kanskje dine vart hakket meir deigete enn mine… Men! Det er ei øvingssak 😉 Mine var _ikkje_ sånn som eg ville ha dei på fyste forsøk. Om du forsøker dei igjen så vil eg gjerne ha tilbakemelding 😀 Rop ut om du har fleire spørsmål! 🙂

      Likar

  2. Eit av nyttårsforsetta for 2016 (og det eineste eg tar virkelig seriøst) er kjøttfri mandag (som ofte er etterfulgt av kjøttfri tirsdag fordi eg altid lager altfor mykje mat). Eg har ein stor draum om å finne (og ikkje minst lage) den perfekte veggis-burgeren, men det er så skummelt. Både fordi eg har sjukt høge forventninger, fordi eg ein gang spiste det eg er sikker på er verdas beste (veggis)burger, men og fordi eg har hatt uflaks når eg har bestillt veggisburgere i ettertid. Eg har rett og slett litt burger-angst fordi det er få ting som er så nedtur som mislykka mat (hvertfall når ein tvinger kjøttetere til å spise veggismat fordi ein sjølv har bestemt seg for det).

    Så eit par spørsmål: Er det virkelig så enkelt som du får det til å høyres ut som? Trur du det er like bra om ein bruker heilt andre (tilfeldige) typer mel? Eg er f.eks litt skeptisk til kikertmel, fordi den oppførte seg litt «magisk» sist eg laga veggismat med mel. Og er det noko soppsmak i burgerene?

    (Hvis svaret på det siste spørsmålet er nei, så skal dei heilt klart prøves, så sant eg klarer å smugle hermetisk sopp inn i huset utan at det blir oppdaga)

    Likar

    • Så kjekt å høyre! Eg veit ikkje om eg går så langt som å seie at dette er den absolutte perfekte veggis-burgeren, men det er i alle fall den beste eg har laga og smakt hittil. Fargen og konsistensen gjorde at eg vart veldig fornøgd. Soppen gjer meir at ein får steikeskorpe og riktig farge. Typen min mislikar verkeleg sopp i alle former. Eg har laga suppe, saus og no burgerar av det. Han et både suppe og saus, men desse seier han er heilt greie etter at han har vore nøye med å plukke ut alle soppbitane (meir sopp til meg!). Burgerane derimot, dei elska han. Eg trur ikkje eg overdriv når eg seier at vi åt dei kvar dag i ei veke. Om dei i din heim ikkje likar sopp så trur eg verkeleg ikkje det er noko hinder, for desse smakar ikkje sopp. Eg veit ikkje heilt korleis eg skal forklare det, men kryddera gjer at det smakar meir kjøttkaker og at soppen er køyrt til ei sopass fin masse i forkant fjernar all soppkonsistens.

      Ellers vil eg tru at det ikkje spelar noko rolle kva type mel du brukar. Eg må bruke litt spesielle typar sidan eg ikkje kan ete kveitemjøl, men eg tippar at berre kveitemjøl vil gjere jobben! Grunnen til at eg brukar kikertmjøl er at glutenfritt mjøl har litt lite eigenskapar som får mat til å binde seg saman.

      Og ja, det er verkeleg så enkelt som det høyrast ut! Eg er overraska sjølv. Det einaste du må passe på er at det vert ein god deigkonsistens på røra før du byrjar å forme burgerane. For å gjere det enno enklare så er det berre å ha vatn på henda når du formar dei og alle problem vert løyst. Det er sjølvsagt litt grisete, men med litt tiltak vert det veldig enkelt å lage skikkelege burgerar.

      Det viktigaste er at ein brukar dei kryddera som ein likar i vanlege burgerar. Dei kryddera eg har nytta er dei eg brukte tidlegare når eg laga kjøttkaker med kjøttdeig, dermed vart desse perfekte for min del!

      Håpar du prøvar dei! Eg er veldig spent og vert superglad for tilbakemeldingar 😀

      Likt av 1 person

      • Takk for svar! Eg treng ikkje den ultimate, perfekte burgeren, men noko som ikkje smaker papp og er passe enkelt å lage.

        No er soppen kommen i hus, så om alt går etter planen så blir det veggis-burger neste mandag 🙂 Attendemelding kjem sjølvsagt 🙂

        Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s