Smoothietid

Kva er den beste måten å bli frisk på? Det må vere smoothies. Så mykje næring i eit glas får ein vel få andre stadar. Her ein dag strumpla eg over ein artikkel med eit utval smoothies. Desse såg usedvanleg fristande ut og dermed måtte eg sjølvsagt teste dei ut. No har vi testa to av dei og ein improvisert med inpirasjon frå ein av dei i artikkelen. Orginalane kan du finne her. Sjå vekk i frå at poenget i denne artikkelen er slanking. For min del var det dei næringsrike ingrediensane i smoothiane som solgte. Reduksjon i vekt er ikkje mitt fokus. Det kan eg vel sjeldan understreke nok.

Vi skulle i utgangspunktet teste ut ein kokosmelksmoothie med hasselnøtter og kakao. Sidan vi ikkje hadde hasselnøtter testa vi korleis det vart med mandlar i staden. Smaken vart heilt tipp topp, men mandlane er nok lit grovare enn hasselnøttene – sjølv etter ein lang tur i blendaren. Dermed er det nok betre med hasselnøtter, men for all del, den var veldig god med mandlar òg.

Dersom dokke trykker dokke inn på artikkelen eg har linka til kan eg nemne at eg har prøvd ein nesten identisk smoothie som den dei kallar: «Grønn smoothie med mynte og spinat». Denne vart laga ved ei tidlegare anledning, men eg kan absolutt anbefale den òg!

Oppskrift:
2 porsjonar
♥ 2 dl mandlar
♥ 100 gram isbitar
♥ 1 dl rismelk
♥ 3 dl lett kokosmelk
♥ 1 ts honning
♥ 1 ts kakaopulver
♥ 1 stk banan

I den orginale oppskrifta nytta dei vaniljesukker i tillegg, men dette var absolutt ikkje naudsynt. Litt usikker på effekta frå ei ts med honning når det likevel er nytta banan som søtning, så eg trur igrunn ein heilt fint kan droppe denne ingrediensen òg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kokosmelksmoothie med mandlar og kakao

Som sagt vart kokosmelksmoothien med hasselnøtter og kakao hakket betre enn den med mandlar. Smaken var igrunn ganske så lik, men det var konsistensen som gjorde at hasselnøtter vant likevel. Her er oppskrifta rimelig lik som den over.

Oppskrift:
2 porsjonar
♥ 2 dl hasselnøtter
♥ 2 dl rismelk
♥ 2 dl lett kokosmelk
♥ 1 ts honning
♥ 1 ts kakaopulver
♥ 1 stk banan

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kokosmelksmoothie med hasselnøtter og kakao

Av dei tre ulike vi har laga dei to siste dagane var det mangosmoothien med ingefær som stakk av med fysteplassen. Denne var heilt fantastisk god. Eit hint her er vel kanskje at du må like ingefær ganske så godt elles vil nok ikkje denne smothien vere noko for deg. Ingefærsmaken var sterk. For meg er det sjølvsagt heilt perfekt. Eg har hatt skikkelig vondt i halsen, men når eg drakk denne så berre røska den opp i alt grumset og fiksa heile opplegget. Altså, det er ikkje noko mirakeldrikk, eg er fortsatt sjuk, men her kan ein nesten bytte ut ibux med ein smoothie. I love it.

Oppskrift:
2 porsjonar
♥ 100 gram isbitar
♥ 1 stk mango
♥ 2 dl eplejuice
♥ 0,5 stk banan
♥ 30 gram ingefær
♥ Saft frå ein halv lime

Her har vi berre stjåle heile oppskrifta. Einaste skilnaden er at vi ikkje gidder å ha ei halv banan på kjøkkenbenken så vi heiv i ei heil banan i staden. Herregud, den ingefærsmaken kombinert med det søte og sure – eg kunne drokke litervis.

I dei orginale oppskriftene er det brukt kumelk i staden for rismelk. Eigentleg tvilar eg på at ein trenge å bruke verken kumelk eller rismelk og at det gjer særs lite forskjell om ein faktisk berre byttar ut melketypane med vatn eller meir kokosmelk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Mangosmoothie med ingefær

Om du vil ha begge porsjonane for deg sjølv kan ein f.eks. lagre desse i kjøleskap i eit tomt og vaska syltetøyglas til kvelden eller til dagen etterpå. Smoothiar har generell lav holdbarhetstid så eg ville nok ikkje venta for lenge med å drikke dei opp, men det tvilar eg sterkt på at blir eit problem uansett 😀

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s