Olivenpostei med soltørka tomat

No er det alt for lenge sida eg har oppdatert dokke på matfronten min. Eg har brukt tida mi på å tjene cash money og å vere seriøs student i staden. Når eg såg på karakteren eg fekk for nokre dagar sidan så viser det seg at valga mine i eksamenstida ikkje var så aller værst. Eg er veldig fornøgd med vitnemålet mitt sålangt og det i seg sjølv synast eg er ein fin prestasjon.

Sjølvsagt har eg laga mat i slutten av forrige semester òg, men den her gluten-dietten eg var på demotiverte meg så alt for mykje. Pasta, knekkebrød, brød og ja. Eg måtte jo ete det same kvar dag. Er kanskje eg som er ute av trening med denne maten med kveitemjøl i seg, men det synast eg faktisk lite om. For min del vil òg ein diett med kveitemjøl føre til at eg får eit energinivå som ikkje er særleg kjekt. Dermed måtte eg berre nedprioritere ting eg hadde lyst til å gjere og fokusere på ting eg måtte gjere. Sjukt kjedeleg, ja. No er det heldigvis eit nytt semester utan kveitemjøl og eg kjenner at sjela mi byrjar å kome seg. Eller, det vil seie dersom ein ser vekk i frå at eg har klart å bli smitta med forkjølelse. Takk, verden. Søren altså. Heldigvis så går det over òg.

Over til noko kjekkare! Eg vart litt lei av den kikertposteien eg har vist på bloggen tidlegare og datt litt i fella med å berre nytte banan og jordbær som pålegg. I ei veldig negativ periode såg eg med skrekk og gru på påleggsutvalet mitt. Heldigvis innsåg eg at eg berre var i eit litt lite kreativt hjørne. Plutseleg så tenkte eg på oliven og soltørka tomat – og kor godt eg synast dette er. Dermed laga eg kikertpostei med nettopp desse ingrediensane. Det skal eg så absolutt lage fleire gongar. Neste gong eg kjem i same negative tankestillet så må eg berre tenke tilbake på denne posteien og kome på noko anna lurt òg. For, dersom ein tenker seg om så er det så vannvittig mykje ein kan gjere med berre ein ingrediens.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Til jul var pappa ganske så gavmild og gav meg ein foodprosessor. Denne har eg brukt i alle fall annakvar dag sida eg kom heim att. Det er så sinnsvakt digg med ein sånn ein som eigentleg gjer det meste av arbeidet for deg. Vi har raspa poteter, raspa ost (fy-fy), laga posteiar og falaffel. Moglegheitane er endelause. Dermed vart det heilt vilt enkelt for meg å berre smelle saman denne posteien. Forrige gong moste eg kikertene og raspa det eg ville ha i – dette er eit heilt flott alternativ dersom du ikkje har foodprosessor på kjøkkenet ditt. Eg har blitt så forelska i denne foodprosessoren at eg vil råde alle som er i startfasa på å innrede eit eige kjøkken kjøper seg ein foodprosessor fyst. Hm, eg skal faktisk lage ei liste over dei mest nyttige tinga eg har på kjøkkenet mitt, men det sparar eg til ein anna dag.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Neste gong eg lagar denne posteien vil eg kanskje teste ut korleis det vert om eg steiker den i ovnen òg. Akkurat sånn som dei gjer med leverposteiane. Altså, den vart vannvittig god som den er, men det er då kjekt å variere. Om nokon har erfaringar med nettopp dette vil eg gjerne høyre korleis utfallet vart!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Denne olivenposteien med soltørka tomat kan eg verkeleg anbefale! Om du ikkje liker akkurat desse ingrediensane kan ein nok putte i kva som helst slags andre ingrediensar. Det einaste som kanskje er greit å notere seg er at dersom ein vil fjerne størsteparten av kikertsmaken til fordel for smaken av dei andre ingrediensane så må det puttast i ganske så mykje av dei andre delane.

Sidan eg ikkje har sagt det enno så vil eg ønske alle som trykker seg innpå eit godt nytt år! 😀

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s