Vegan pizza-time

Den siste veka har eg lest, øvd, lest og jobba. Dagane har gått i ett. Før eg visste ordet av det hadde eg nesten gløymt av denne matbloggen her i over ei veke! Neida, eg har faktisk tenkt på den kvar dag –  eg har til og med sett at nokre av dokke held ut sjølv om det ser dårlig ut på oppdateringsfronten ♥ På den lyse sida så kan du tenke på at dersom du skulle få meg som sjukepleiar så kan eg i alle fall alt om kva som skjer på innsida av kroppen din 😀

Dårlig tid fører til dårlig fantasi innanfor matvegen, det er kanskje litt derfor eg har droppa å oppdatere òg. Vi har laga god mat altså, men kanskje ikkje noko nytt. Forrige helg der i mot så laga vi vegansk pizza med vegansk rømmedressing! Det vart kjempegodt. Einaste minuset når ein droppar å ha ost på toppen er jo at ingenting heng saman. Dette er med andre ord ein pizza ein må ete med kniv og gaffel.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi starta med å lage ein heilt standar pizzabunn (trur eg fann oppskrifta på MatPrat). Den innehold kveitemjøl, vatn, gjær og massevis av krydder. Krydderbiten er kanskje ikkje så standar, men eg har fått det for meg at pizzabunnar med krydder i – dèt er godt det.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg er sjølvsagt ein juksemaker uten like. Fyst så blanda eg saman pizzadeiga, så rulla eg den utover eit brett og heva den i ovnen på ca. 40 grader. Det funkar heilt utmerka.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På toppen hadde eg tomatpurè, hakka tomatar, oliven, soltørka tomat, ananas, mais, purre, løk, hermetisk paprika, champignon og kikerter. Marvellous!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dersom du ikkje har prøvd ovnssteikte kikerter så må du verkeleg få ræva i gir. Det smakar heilt himmelsk og i tillegg så er det superenkelt. Vi tar som regel ein boks kikerter, to ss olje og valgfritt krydder på før vi setter dei i ovnen på ca. 200 grader. I går var vi skikkeleg late og lagde desse kikertene, kokte ris og laga bernaissaus til. Perfekt avslutning på ein lang dag.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg må berre påpeike at dette er fyste gongen eg har laga pizzadeig med gluten. Haha, ei i studiegruppa ler sånn av meg når eg seier det, men det er jo sant! Eg lager berre deiger utan gluten til vanleg og har gjort det sidan sånn 2011. Så eg er faktisk ganske usikker på om eg fekk til å lage pizzadeiga skikkeleg eller kva som skjedde. Den endte opp med å bli ganske så flat og crunchy, men hey, vi kalla det berre for italiensk pizza og er meganøgde.

Vi brukte en vegansk erstatter for rømme som heiter iFraiche, men eg mistenker at dette kanskje var ein form for kesam i staden. Den var god på pizzaen altså, men det smakte litt feil – litt søtt kanskje? Om nokon rømmedressing-tips så jublar i alle fall eg av glede!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Advertisements

One thought on “Vegan pizza-time

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s