Redd regnskogen utan å gå ut døra

Eg var rett og slett ikkje sikker på om eg ville skrive om det politiske rundt regnskogen akkurat no når vi har hatt ein heil tv-aksjon om nettopp dette temaet. Kanskje det likevel er nettopp derfor eg føler at det trengs. Då eg fekk ein med bøsse på døra så stappa sjølvsagt eg og typen på 200kr sjølv om vi er studentar, men det eg verkeleg hadde lyst å spørre om var: «Et du kjøt?» Eg kan ikkje kalle meg veganer heilt enno, men det er verkeleg mitt mål. I nær framtid vil eg ete vegansk alle dagar og heile året – utanom julafta/nyttårsafta. Som for alle andre er dette ei heilt spesiell høgtid for min del. Eg treng ikkje mykje for å få den såkalla julekjensla, men pinnekjøtet er eit behov. Greit nok eit overfladisk og unødvendig behov, men sånn har eg i alle fall tenkt å gjere det. Ein kan kanskje kalle det for dobbeltmoral, men det vil vere ca. to gongar i året, og det tenker eg er greit. Eg har begynt med å lage pålegg sjølv, eg har blitt flink i mange ulike veganske middagar, eg lagar sausar, eg lagar knekkebrød og ellers prøvar eg så godt eg kan. Det får vere bra nok for no, så får eg heller håpe på at eg skiftar meining rundt jule-temaet òg.

Likevel, hovudårsakane til at regnskogen forsvinn er mat, dyrefôr, tømmer, papir, drivstoff og mineral [1]. I ulike landområder er det ulike problem og vi i lille Noreg slit kanskje litt med å relatere oss til dette: «Vi et jo berre kjøt frå Noreg.» «Det er så langt vekke.» «Vi er så få.» Dokke skjønar teikninga. Eg vil gjerne skrive litt om kva vi kan gjere gjennom å endre på matvanene våre. Det er vanskeleg å lære ein gamal hund nye vaner, og så vidare, men det er livsnødvendig for planeten vår. Vi kan drive så mykje økologiske opplegg og lokale småbruk som vi berre vil, men vi må sjå internasjonalt for å verkeleg gjere ei endring. «Ja, men eg er berre ein person…» Så flott! Av og til er ein person alt som trengs for å dra i gang flokken.

Det openbare er at vi må slutte med bruken av palmeolje. Det er ei billig vegetabilsk olje som fører til massiv øydelegging av regnskog [2]. Pft, det et eg ikkje. Med mindre du allerede er veldig observant på kva produkta dine inneheld kan eg vere ganske så skråsikker og seie at: «Jo, det gjer du.» Det finnast i sjokolade, potetgull, ferdigprodukt, junk-food – du finn det over alt.

Det neste er soya. «Seier du som et massevis av soyaprodukt!» Ja, det gjer eg, men dei produkta eg kjøper kjem frå produsenten Alpro som ikkje bruker soya frå regnskog, men frå Europa og Canada [3]. Grunnen til at soya er eit vannvittig problem for nettopp deg er at bønder nyttar dyrefôr med soya både til dyr og fisk. Oi. Nettopp dette er ei av dei viktigaste årsakane til at eg ikkje vil ete kjøt eller fisk lenger. Ein kan sikkert finne bønder som ikkje brukar dyrefôr med soya, men då må ein verkeleg gjere researchen sin.

Det er mange måtar ein kan gjere ein forskjell:
→ Slutt med flaskevatn
→ Lag fleire ting sjølv
→ Bruk mindre emballasje
→ Et vegansk/vegetariansk
→ La vere å ete kjøt som ikkje kjem frå Noreg
→ Bry deg meir om kva produsentar ein kjøper produkt frå

Det er faktisk vi som forbrukarar som sit på makta. Det er vi som avgjer kva butikkane skal kjøpe inn og kor mykje. Det er vi som avgjer kvar og korleis ting skal produserast. Det er verkeleg ikkje vanskeleg å legge om livsstilen sin, det er du som vel kor vanskeleg det skal vere og det er du som avgjer farta på endringa. Eg er ikkje fullverdig veganer og det kjem eg kanskje aldri til å bli, men det er heldigvis ikkje ein svart/kvit verden. Ein vel i kva retning ein vil gå, kor fort og kva tid. Gjer ei lita endring i dag og ei anna i morgon. Etter nokre månedar har du plutseleg heilt nye vaner og ei mykje betre samvittighet.

*Kjeldene eg har brukt finn du i klammer i teksten og under bileta. 

Advertisements

6 thoughts on “Redd regnskogen utan å gå ut døra

  1. Enig i veldig mykje av det du skriver. Og kjempebra at du vil gjøre (og gjør) noko med det. Om ein klarer å bli veggis utanom dei to dagene i året synes eg ein skal ha god samvittighet; Pinnekjøt er norskprodusert, lokalt og noko av det mest miljøvennlige og dyrevennlige du kan spise. Så er det vel ikkje sant at vi i Noreg kun spiser norsk kjøt; altfor mykje (spesiellt storfe) blir impotert frå til dømes Afrika. Det er mykje verre enn pinnekjøt to ganger i året!

    Likar

    • Eg er så enig! Kan vere eg satte nokon av argumenta litt på spissen, men det som har fått kilde linka til seg er i alle fall heilt sakleg. Tenkte å dra fram nokre av dei vanlegaste argumenta eg har høyrt angåande «kjøt frå Noreg». Føler ein treng ein del meir informasjon rundt emnet enn ein har no. Eg vil i alle fall ha mykje meir tilgjengeleg informasjon når det kjem til produsent og opprinnelse av produkta deira! 😀 Haha, har tenkt å ete pinnekjøt med good samvittigheit på julafta, ja 😀

      Likt av 1 person

  2. Verdigris bra innlegg, eg heier på deg 🙂

    Og angående julen, eg skjønner hva du mener. Kanskje på sikt så spiser du ikke kjøtt selv da 😉 I fjor var min første jul uten kjøtt, det var uvant, men gikk helt fint. Masse god behandl julemat også…men det er viktig å gjøre ting på sin måte. Og hvis du spiser kjøtt 2 ganger på ett år, så er det fortsatt 363 dager færre enn de fleste andre 😉

    Stå på, eg blir alltid glad når du og din kjære har delt et nytt blogginnlegg 😀

    – Anders

    Likar

    • Eg blir så ubeskriveleg glad for kommentarane frå deg/dokke 😀 Målet vil sjølvsagt vere eit liv fritt for animalske produkt, men eg tenker at eit langvarig mål er lettare å få til dersom ein tar det i sitt eige tempo undervegs og ikkje gaper over for mykje på ein gong 🙂 Vi synast det er vannvittig kjekt at du (og andre) orkar å trykke dokke innpå – og lese innlegga i tide og utide 😀 Fantastisk kjekt prosjekt vi har tatt for oss synast eg 😀

      Likt av 1 person

      • Jepp 🙂 Viktig at ting faller på plass naturlig i en fart som ikke gjør det overveldende 😉

        Hvis du trenger litt inspirasjon så kan eg anbefale deg å høre på podcasten til Colleen Patrick-Goudreau, hun har mye fornuftig å si om forskjellige problemstillinger og situasjoner man gjerne kan møte på som veganer 🙂

        Og jeg er enig, det er et høyt prosjekt. Jeg fokuserer ikke på hva jeg har gitt slipp på, jeg fokuserer på alt jeg har oppdaget og alt jeg fortsatt oppdager…og spesielt i matveien 🙂

        Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s