Fargerik fredagswok

Er ikkje vi lei av den der fredagstacoen snart? Det her er i alle fall eit fantastisk alternativ. Eg har hatt ei vannvittig travel veke med oppgåveskriving og ja, livet. To do-lista stoppar liksom aldri, men sånn er det vel for dei fleste. Uansett, eg var så heldig å komme heim til matlaging her ein dag. Då måtte eg berre hoppe inn i prosessen og sikre nokre bilder av det heile. Har dokke sett noke så fargerikt og fantastisk? Wææ, ikkje for å skryte, men typen lagar den beste woken eg veit om.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I dag hadde vi nummer to i rekka av obligatoriske, munnlege framføringar. Herregud, eg blir så nervøs når eg står der framme! Heldigvis gjekk det mykje betre denne gongen, enn forrige. Yey, me! Liksom.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I woken hadde vi kidneybønner, brokkoli, søtpotet, gulrot, kål, sopp, en halv løk, purre, hermitisert paprika, kokosmelk og ananas. Haha, Piña Colada-wok.

Søtpotet, gulrot og kål vart strimla. Brokkolien vart dampa. Løken og soppen vart stekt på lav varme i olje i ca. 10 minutt. Vi blanda desse delane og steikte det saman i eit par minutt saman med ananas. Etter at alle ingrediansane som trengte lang steiketid var ferdig la vi til dei som gjerne berre treng å bli varma opp: Hermetisert paprika, purre og kidneybønner. Til slutt hadde vi i krydder og kokosmelk. Kryddera er igrunn alle dei vanlige – curry, karri, gurkemeie, kvitløk og salt. For min del var det nok soppen og ananasen som gjorde susen denne gongen. Megagodt i alle fall!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg har snakka om det før, men eg kan eigentleg ikkje ete gluten/kveitemjøl i det heile, men skal no forsøke å påvise cøliaki eller allergi. Mest for min egen del. Etter å ikkje ha ete makaroni og pasta på 5 år så er eg no heilt hekta. Eg har lyst til å ete det til alle måltid. Herregud, det er jo avhengighetsskapande heile greia. Må seie at eg verkeleg gledar meg til dette forsøket er over. Eg manglar energi, har konstant vondt i magen/kroppen og har fått søtsug (??!!). Okei, det med søtsug høyrast kanskje ikkje så rart ut om du ikkje kjenner meg, for det får vel alle, eller? Nei. No er eg litt kresen på alt av søte ting så eg er kanskje ikkje verdas beste eksempel, men eg har verkeleg aldri hatt meir søtsug enn eg har no. Brødskiver og makaroni øydelegg definitivt alt som heiter stabilt blodsukker. Humøret mitt er dårlegare, dei månedlege smertene har skutt til himmels og eg skal aldri ete kveitemjøl igjen etter at dette greiene her er ferdig. Om nokon som les dette tenker på å endre på kostholdet sitt, så er kveitemjøl definitivt det fyste alle burde kutte ut – i alle former. Så må ein ikkje erstatte det med det der tulle-glutenfrie-erstatnings-greiene. Hallo, då er vi like langt.

Dermed vart det sjølvsagt kokt makaroni med steikte tomatar som sidedish.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein kan liksom sjå at det smaker godt. Eg var så heldig å finne restar av nettopp denne woken i kjøleskapet tidlegare og dagen vart dermed redda. Av og til er det verkeleg ein forbannelse å vere jente.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Denne woken er igrunn berre laga av det vi hadde i kjøleskapet og skapet frå før. Ein del av ingrediensane er hermetiserte. Er det ein ting vi alltid har i leiligheta så er det hermetiserte matvarer. Det kan redde alle dei dagane ein ser i kjøleskapet og tenker: «Pokker, eg skulle verkeleg gått til butikken likevel.»

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s