Veganske Epleroser

Kan tenke meg at dokke har fått med dokke desse nydelege eplerosene som har surra i media den siste veka. Eg måtte sjølvsagt prøve. Burde vel eigentleg vere litt ydmyk og sånn, men eg har laga nydelege, veganske epleroser. To gongar. Fyst lagde eg det i går til eit tapasvors eg skulle på. Dei synast i alle fall desse var gode. Så måtte eg sjølvsagt lage dei til oss sjølve i dag.

Eg laga mine av vegansk butterdeig, aprikosmarmelade og raude epler. Fleire ingrediensar er det faktisk ikkje. Vi får starte med butterdeiga. Oppskrifta på denne stjal eg frå Vegetarbloggen og dokke kan finne orginalen her. Einaste skilnaden på den oppskrifta og mi er at eg brukte dobbelt så mykje mjøl.

Oppskrift:
→ 150g vegansk smør
→ 0,5 dl havrefløte
→ 1ts eddik
→ 2ss sukker
→ 5-6dl kveitemjøl

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Bland smør, fløte, sukker og eddik i ein bolle eller i ei kjøkkenmaskin til ei jamn masse.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ha i kveitemjøl til det vert ei deig. Vil anbefale dokke å begynde med 2,5-3dl og deretter fylle på sakte, men sikkert.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Deigen skal sjå sånn her ut når den er ferdig.

Etter at deiga er laga skal denne stå i kjøleskap i ein halv time. Husk at hovudingrediensen er smør og dette vert veldig vanskeleg å jobbe med dersom deiga ikkje er kald. Samtidig som denne står i kjøleskapet kan du byrje på tilbehøret. Epla og aprikosmarmeladen skal gjerast klar òg. Eg nytta to epler og 4-5ss aprikosmarmelade.

Som sagt er neste steg å gjere epla klare. Desse delte eg i tynne skiver og la i vatn med sitron i. Som kjend så blir raude epler brune i fargen veldig raskt. Eit vannbad med litt sitron hindrar dette i å skje. For å gjere eplebitane enklare å jobbe med så varmar vi desse opp sånn at dei vert mjuke og muffinsane vert lettare å rulle saman.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Epla delar du i to og fjernar stilken på. 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kutt dei i tynne skiver. 

Når du tar deiga ut av kjøleskapet er denne ganske hard. Husk at det er mykje smør i den og ein treng dermed ein del mjøl på kjøkkenbenken for å få deiga lett av igjen. Rull deiga ut i ei rektangulær form. Bruk ei pizzarulle eller ein kniv for å dele deiga i bitar. Bitane skal vere ca. 5cm breide og 20cm lange.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Aprikosmarmeladen har eg varma opp i ei gryte før eg har smurt den utover deiga. Dessutan er det nokre teskeier med vatn i for at den ikkje skulle verte alt for tjukk. Eg har brukt stavmiksar for å få vekk dei største bitane. Ja, eg er 3 år når det kjem til store bitar i syltetøy. Haha, er det mogleg. Det er så absolutt ikkje nødvendig å fjerne desse bitane med mindre du er like sær på det som meg. Sylta fungerar som klister for eplebitane som skal leggast på deiga.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eplebitane er no varma (ikkje kokt!!! Då vert dei øydelagte) og vatnet er silt av. Som dokke ser på bilete under er eplebitane lagt berre på halvparten av deigbiten, det resterande skal brettast over eplebitane. Til slutt rullar ein berre deiga saman til ein muffins.

Forresten så vil eg anbefale dokke å ta vare på vatnet dokke varma eplebitane i. Det enda opp med å smake heilt nydeleg. Vi er sikkert superrare, men vi har i alle fall planar om å ha det i kjøleskapet og drikke det kaldt til frokost i morgon. Hallo, det blir jo nesten heimelaga eplejus, utan at eg har snøring på korleis ein lagar det, då.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Når alt dette er gjort ser muffinsane ut som på bileta under. Det spelar faktisk ikkje noko rolle om dei ser heilt forferdelege ut undervegs. Det gjorde mine – begge gongane eg prøvde. Muffinsane kjem til å sjå ut som roser nesten uansett kor mykje ein grisar det til i prosessen.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ha litt kanel på toppen og dei er klare for ovnen. Vi steikte dei på 190°C i 40 minutt med over- og undervarme. Deretter skrudde vi ovnen til varmluft og 150°C. Eg plasserte eit kjøkkenhandle mellom ovnsdøra og ovnen for å få litt ekstra lufting (same metode som med kantarellane om dokke huskar det).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dei både ser heilt fantastiske ut og smakar heilt nydeleg! Wææ, kva har eg fått til, liksom? Neida, det var faktisk kjempelett. Før eg skulle lage dei så måtte eg ringe mamma, eg innsåg nemleg at eg aldri har baka noko skikkeleg før. Med andre ord, dette kan absolutt alle få til.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Litt melis på toppen og det ser ut som eit lite kunstverk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Psst. Her er ein Youtube-film om forklaringa mi ikkje er heilt på topp. Her er framgangsmåten i tekst frå same person. Sida ho hadde kjøpt deiga si på butikken (???) så måtte eg finne ei anna å bruke i mi oppskrift. Eg valgte vegansk butterdeig sidan det er ca. det same som den ho brukte. Ein kan sikkert velge andre deiger òg, men det var i alle fall ein enorm fordel at deiga ikkje heva. Ser for meg kaoset det hadde blitt om den hadde gjort det.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s