Hekta på dokumentarar

MV5BMTQ2MDQ3MjQwMF5BMl5BanBnXkFtZTgwNzA5NjA2MDE@._V1__SX1303_SY591_
Eg har slutta heilt å drikke kumelk. Det er ulike årsakar til det, ein av dei er at kumelk strengt tatt er laga for kalvar. Dermed er det litt ulogisk at vi skal drive å drikke nettopp kumelk. Altså, tenk over saka, då. Eg er i alle fall lite gira på å ha ei ku festa til puppen. «Milk?» er ein dokumentar som tar for seg dette temaet. Det eg synast er så flott med denne dokumentaren er at den tar for seg begge sider av saka. Den er laga både for dei som er for drikking av kumelk og dei som er i mot! Heeilt konge. Du kan lese meir om dokumentaren her.


MV5BMTY2NDY0MTYwOF5BMl5BanBnXkFtZTcwNTg1NjQ2NQ@@._V1__SX1303_SY547_
«Forks over Knives» tar for seg dagens sjukdomsbilete når det kjem til hjarte- og karsjukdomar, diabetes og andre livsstilsjukdomar i eit vegansk perspektiv. Dokumentaren tar for seg ei problemstilling som går ut på at ein kan verte kvitt slike livsstilsjukdomar ved hjelp av eit vegetarisk/vegansk kosthold. Dette var ein av dei fyste dokumentarane eg såg då eg byrja med veggisgreia mi. Les meir om den her.


MV5BNTE3NTA1NjIyMV5BMl5BanBnXkFtZTgwMjYxMjcwMzE@._V1__SX1303_SY547_
«Fat, sick and nearly dead» – I denne filmen får vi følge Joe gjennom ei total livsstilsendring. Han går frå å ete junk food til å drikke juice av grønnsaker og frukt i 60 dagar. Personleg synast eg ikkje noko om så store endringar på så kort tid, men eg kan ikkje nekte for at det har ei god effekt for dokumentaren. Ein får sjå kor total ei slik endring er på kroppen og korleis kroppen faktisk klarer å lege seg sjølv om den berre får rett pleie. Les meir her.


MV5BMTU5NzAyMzk1MF5BMl5BanBnXkFtZTgwODE3NjQyNTE@._V1__SX1303_SY547_

«Cowspiracy» – Om du berre skal sjå ein av desse dokumentarane eg puttar inn her så er det denne. Huskar dokke då eg tok opp det med CO­2? Dette er filmen eg hadde sett då. Det er nok den mest aktuelle av dei alle. Den tar for seg miljøutfordringane og utfordrar gamle tankegangar. Dette er ein film som alle burde sjå. Ikkje for at alle nødvendigvis skal verte veggisar, men for at ein kanskje kan få litt ny input. Det er då i alle fall aldri feil. Blink-blink. Les meir her.


MV5BMTkxNDYxNjUwNF5BMl5BanBnXkFtZTcwODkxNzIxNA@@._V1__SX1303_SY547_
«Vanishing of the bees» – Herregud, dette er seriøst ein grøsser-dokumentar. Reknar med at alle har fått med seg at ein kan redde ei bie ved å vise legitimasjon på polet? Gjer det. Om du ikkje ser filmen, vis i alle fall den der fordømrade legitimasjonen. «Lol, dei små insekta, lissom?» Om biene forsvinn så forsvinn vi. Eg berre nemner det. Filmen handlar altså om at store mengder bier dør/forsvinn i USA. Les meir her.


MV5BMTAwNzMyMDEyMTBeQTJeQWpwZ15BbWU4MDY2OTA5NDQx._V1__SX1303_SY547_

«The True Cost» – Som eg nemnde i går så finnast det andre måtar å skåne miljøet på enn å ikkje ete kjøt. Ein kan for eksempel verte meir bevisst på kvar og kven ein kjøper kleda sine av. Dokumentaren tar for seg eit firma som verkeleg har gått inn for å lage klede på den riktige måten. Dermed får ein sjå at det så absolutt er mogleg. Den tar for seg ekte folk, med ekte (forferdelege) liv. Det er desse som svir for at vi skal ha billige kleder. Hallo, liksom. Les meir her. I same slengen kan eg verkeleg anbefale dokke å sjå Aftenposten sin serie: «Sweatshop»


MV5BMTU4NTUwMDk0OF5BMl5BanBnXkFtZTcwODQ0OTQ4OA@@._V1__SX1303_SY547_
«Bottled Life: Nestlé’s Business with Water» – Eg skal verkeleg gjere alt i mi makt for å ikkje kjøpe eit einaste Nestlé-produkt igjen. Denne tar for seg så mange spørsmål. Kven har eigentleg rett på vatnet du har rundt deg? Er det du? Er det industrien? Eller er det dei som bur der? Eg hadde allereie høyrt nokre ting om dette selskapet, men tydelegvis ikkje nok. Dette er òg eit superaktuelt tema for Noreg. Kvifor i alle dager skal vi selge Voss-vatn til USA, liksom? Åå, gud ka meiningslaust. Les meir her.


MV5BMjExMzk0NTU3NF5BMl5BanBnXkFtZTgwMjg5NTg1MTE@._V1__SX1303_SY547_
«Fed Up» – Det burde du òg vere. Born får pizza til skulemat fordi det er ein grønnsak. Veit ikkje om eg treng å seie meir eigentleg. Joda, denne tar for seg litt av det same som «Forks over Knives», berre at det ikkje nødvendigvis er vegansk mat som er svaret. Her snakkar ein om eit sunt kosthold med animalske produkt. Eg treng ikkje å vere einig, men det er i alle fall ein veldig god dokumentar i mine auger. Les meir her.


MV5BMjQxNjQ3NDQyNl5BMl5BanBnXkFtZTgwMzA1NDExNDE@._V1__SX1303_SY547_
«Resistance» – Og så over til eit heilt anna tema. Denne filmen er om antibiotika og innverknaden bruken har på verda. Ein får møte legar som har mista pasientar på grunn av resistens mot antibiotika og ein får massevis av nyttig informasjon. Nokre meiner dette er skremselpropaganda, men kva om vi står der ein dag – heilt utan antibiotika? Frysningar på ryggen. Les meir her.


Om nokon av dokke sit å ruga på andre dokumentarar eg kan bryne meg på så set eg utruleg stor pris på tips! Eg elskar visst dokumentarar. Kom òg gjerne tilbake med meiningane dokke har om desse eller eventuelt andre filmar i liknande stil.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s