Vegansk livsstil – meir enn berre mat?

Då eg begynte med det vegetarianske/veganske prosjektet så tenkte eg at dersom eg lot vere å ete kjøt så var det nok. Deretter utvikla det seg til å forsøke å leve utan animalske produkt (ost, smør, mjølk og liknande). No tenker eg at ein kan gå enno lenger utan særskilde problem. Moglegheitane for såkalla cruelty-free klede og skjønnheitsprodukt er igrunn endelause. Skjønnheitsprodukta er faktisk sjeldan dyrare enn dei vi kjøper kvar einaste dag. Eg har tatt meg heilt fri i dag og nyttar timane på å sjå dokumentarar skjønar dokke. Skal tipse dokke om nokre dokumentarar på eit innlegg i morgon, tenker eg.

9429402

Smekker av skjorter, hårband av gamle klede, speil av gamle tennisrackertar og fat av gamle cdar.

Okei, eg høyrer ut som den miljøaktivisten akkurat no. Ein kan faktisk bry seg litt utan å bli heilt hysterisk. Sjølv om eg for eksempel kjøper ein maskara som ikkje er laga av dyreprodukt eller testa på dyr så må eg seie at eg til tider fortsatt kjem til å kjøpe gardiner på salg. Det handlar om å bry seg litt utan å verte heilt fanatiske. Ein kan starte med noko so enkelt som å kjøpe handlenett som kan brukast fleire gongar. Dersom ein gløymer å ta med dette på butikken ein dag så treng ein ikkje å legge seg ned å grine, men heller prøve å huske å ta det med neste dag. Det handlar om å gidde å putte plastemballasjen sin i sekken i staden for å hive det i restavfallet. Det handlar om å gidde å plukke opp den plastflaska på bakken når du går fjelltur – sjølv om det er nokon andre som har kasta den i frå seg. «Kvifor skal eg gidde når ingen andre gidder?» Ein får starte med seg sjølv.

48298402

Gamle gaflar som knaggar, rivjern som lampar, ei gitarkasse som oppbevaring og ei rake til glasoppheng.

Ein kan godt tenke ein ekstra tanke før ein hiv noko i bosset. Dette kan ein fint gjere utan å havne på tv-programmet Extreme Hoarders.

r8230482

Eg har lagt min elsk på tomme hermetikkboksar og syltetøyglas. Dei kan verkeleg brukast til alt. Om ein tar vare på alle så vil sjølvsagt leiligheta di sjå ut som ein metallfabrikk til slutt, men nokre kan ein vaske og ta vare på. Kvaliteten på dei ulike er òg ulik så nokre må rett og slett berre resirkulerast (First Price sine ananasboksar for eksempel). Eg har haugevis av desse i det eg kallar jenteskuffa mi. Der brukar eg dei til sminkekostar, augeskyggar, lipglossar, fliseklemmer, hårstrikk og ja, you name it eigentleg. Forsøkte meg på å bruke det til urter òg, men der var det vel heller eg som mislyktast og ikkje hermetikkboksen.

42480239

Årets julepynt er i alle fall avgjort.

Eg skulle eigentleg skrive om dei flotte sidene eg har funne med «cruelty-free» produkt og klede, men så spora visst heile greia totalt av. Det kjøm ein dag i måro. Det einaste eg vil at dokke skal få ut av dette innlegget er at det faktum at ein «treng» nye ting heile tida er som regel laga av industriane. Husk å tenk tanken: «Treng eg verkeleg dette?» Jammen, eg må då få lov til å kjøpe ting eg har lyst på òg! Sjølvsagt, men alt med måte.

Alle bileta er stjåle frå Pinterest og Tumblr. 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s