Vegansk husmannskost på sitt beste

Ein skulle tru at sidan det er helg så har ein massevis av tid til å bruke på det ein vil. Vel, det spørs vel korleis ein ser på det, ein må jo ha pengar òg. No har eg endeleg satt meg ned, fått i meg mat og satt isen på kjøkkenbenken. Dessutan har eg endeleg tid til å skrive om torsdagens middag. Berre tre dagar etter, haha!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For eit resultat. Søtbotet-«bacon» i staden for svineri.

Kompar/klubb/raspeball er noko vi har tenkt på å lage alt for lenge. Som alle andre har vi den der sperra som seier at mat frå bunnen av – dèt er vanskeleg det. Atter ein gong må vi innsjå at ventetida har vore heilt unødvendig. Pokker så enkelt. Sidan vi tok det litt på sparket så hadde vi ikkje byggmjøl i skapet. Dermed vart vår kompar litt hardare enn den ein vanlegvis lagar. Vi brukte kveitemjøl i staden for byggmjøl.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som dokke sikkert er klar over så er steikt kompar eit must i dagane etter. Dokke kan allerede gjette at vi lagde mat til ein hær. Vi har enno meir igjen… Så neste gong vil vi kanskje avgrense matlaginga til at det berre vert nok til ein halv hær. Hallo, vi er berre to personar, liksom. På den andre sida så hadde vi mat til middag og frokost x 3 for ca. 60 kroner.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi baserte oss på denne oppskrifta. Vi brukte kveitemjøl i staden for byggmjøl. Altså, det gjekk heilt fint, men eg vil nok teste ut byggmjøl neste gong.

Oppskrift:
→ Ca. 1 kg poteter
→ (Bygg)mjøl
→ Salt

Vi raspa 3/4 av potetene og kokte 1/4. Dei kokte potetene moste vi og blanda i med dei raspa potetene. Deretter tilsatte vi mjøl til det var blitt ei deig. På grunn av at vi ikkje hadde byggmjøl nytta vi òg maizenna og fiberhusk. Kva effekt dette hadde er eg usikker på. Konklusjonen er igrunn at ein berre skal bruke byggmjøl og eit par spiseskeier med kveitemjøl i deiga.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi laga på same måten som ein formar bollar. For å gjere det litt enklare hadde vi olje på henda då vi forma dei. Vannvittig klissete og grisete arbeid om ein ikkje hadde olje på henda. Deretter la vi komparen i vatn og kokte dei like lenge som ein skal koke poteter. Sidan dette vert store poteter så kokte vi dei i 30-40 minutt. Når dette ikkje vert laga vegansk så kokar ein komparen saman med det salte kjøtet ein et på sida. Vi laga sjølvsagt ein vegansk variant og nytta ca. 2 ts timian i vatnet. Dette funka heilt supert! Ein kokar komparen rett og slett saman med krydder som er vanleg å nytte på kjøt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg trudde ein venninde av meg var heilt gal då ho sa: «Åååh!! Steikt raspe med ketchup!!» Viser seg at ho eigentleg var ganske så lur. Om du ikkje har prøvd det før så vil eg i alle fall foreslå det. Alle eg snakkar med synes uansett at eg er teit når eg seiar at eg må ha sukker på. «Det er jo sånn ein gjer for å få ungar til å like det!» Helsing Sofie 3 år, liksom.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Altså:
→ Lag deig
→ Kok saman med «kjøtt»krydder
→ Lag tilbehør

Husmannskost har aldri sett så enkelt ut.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Som tilbehør hadde vi steikt hovudkål, steikt løk, steikte søtpotetbitar, kålrabi og gulrot. Til dessert hadde vi eit stort smil om munnen og ganske så trøtt tryne.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s