Ein kan lage gratengar i alle former. Grateng er ein stor favoritt her i heimen. Sidan det var typen som diska opp middag i dag vart det ost på toppen. Dette er så absolutt ikkje nødvendig på nokon måte. Den beste gratengen i mine auger er den ein fyller med akkurat dei grønnsakene ein vil ha og heller over ein type «deig-blanding». I dag brukte vi havrefløte og kveitemjøl. Dette tjuknar i ovnen og gir liksom det lille ekstra til gratengen. Det funkar akkurat like bra (om ikkje betre) med glutenfritt mjøl som kveitemjøl. Eg synes i alle fall det er enklare å lage sausar osv. med glutenfritt mjøl. Kanskje det har med erfaring å gjere.
I dagens grateng hadde vi: Blomkål, brokkoli, tomat, oliven, rødløk, makaroni, kidneybønner og soltørka tomat. I veska vi helte over gratengen var det havrefløte, kveitemjøl, cayennepepper, kvitløkspulver, salt og pesto. Eg åt sjølvsagt alt for mykje middag – som vanleg.
Det beste med alt er at denne retten er ein om lag garantert å lage for mykje av. Dermed har ein frokost eller kveldsmat til dagen etter. Perfekt i ein hektisk kvardag!