Daddelgodis/energibollar

Vegansk/glutenfritt/fritt for det meste

Siste oppdatering på den fronten her er at vi har begynt å trene. Ooofff. Vi gjekk og kjøpte oss sånn her semesterkort på treningssenteret (SiB). Tysdag var fyste dagen vi skubba oss sjølv bortover i den retninga og vi har måtte krabbe rundt om kring sida. Er det mogleg å bli så stiv og støl? Eg har trent ein del styrketrening før, så det er ikkje heilt ukjend terreng, men det er riktignok to år sidan no. På tysdag avtalte optimistane at torsdag skulle bli neste treningsdag. Ja, eg veit no ikkje. Vi skal bort dit, men det får vel bli eit særs roleg opplegg.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I går var eg på butikken og fann dadlar på salg. Då fekk eg visst det lille kicket eg trengde for å endeleg lage meg den her daddelkonfekten som eg har tenkt på lenge. Som vanleg er oppskrifta i enklaste laget: Ein del hakka mandlar/mandelmjøl og to delar dadlar. Det er faktisk det heile. Så vel ein topping og evt. smakstilsetting sjølv.

Mi oppskrift:
◊ Ein del dadlar
◊ To delar finhakka mandlar
◊ 2 ss kokosmelk
◊ 1 ts kakao
◊ 2 ts sukrinmelis

Dokke ser sikkert at mi oppskrift har alt for lite dadlar og alt for mykje mandlar – dermed brukte eg litt kokosmelk i staden. Kvifor? Sånn vart det visst berre. Til gjengjeld så vart mi oppskrift veldig god! Eg endte med om lag 4-5 dl deig.

Om ein har foodprosessor kan ein hive alle ingrediensane i denne og trykke på knappen. Det har ikkje eg. Derimot har eg ein veldig god blender frå Kitchenaid. Eg brukte den til å hakke mandlane fyst og deretter dadlane. Ingrediensane blanda eg i ein bolle ved sida av.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Dadlar er sjølvsagt veldig klissete, så for at det skal bli litt betre å servere dei er det greit med litt topping på. Eg har brukt ulike typar: Finhakka kokesjokolade, kakao, kakao/sukrin, utan og peanøttmjøl. Alle vart veldig gode – og nei, eg har ikkje plass til middag i dag, likevel. Haha!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Alt for godt!

Ein har som regel lyst til å servere fine konfektbitar når ein fyst held på. Det seier seg sjølv at om ein rullar desse bitane og lagrar dei så vil dei kanskje ikkje holde seg fine til same kveld ein gong. Eg anbefalar å anten lage deiga og ha den i kjøleskapet eller å faktisk berre lage deig og fryse ned. Rulle dei kan ein gjere rett før ein får besøket på døra og dermed har ein «perfekt» konfekt å vise fram. «Kvar har du kjøpt desse?» Knis. Desse er like perfekte til julegodis og som energibarar rett før trening. Dessutan så får ein slukka det kjende søtsuget som dukkar opp på kveldane.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s