Nesten vellykka snickers

Som eg lova tidlegare så skulle eg prøve meg på konfekt. Forrige gong eg prøvde meg på noko liknande så vart resultatet heilt grusomt på alle tenkelege måtar. Det vart klissete, smakte alt for søtt og så vidare. Derfor er det kanskje 5-6 år sidan sist eg prøvde meg. No, i dag, fant eg plutseleg ut at dette skal eg få til. Tja. Okei, så har eg ei oppskrift som smakar heilt fantastisk. Så 1 av 2 gikk riktig. Problemet med dagens resultat er vel heller at eg ikkje har knekt koden på det der !@&$ vannbadet og smelting av sjokolade. Kjempelett, seier dei. Nope, seier eg. Eg fekk til slutt stappa halvsmelta sjokolade ned i forma og putta den i frysen. Så om ca. ein halv time har eg konfekt med fantastisk smak!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det blir heilt sikkert enklast om ein blandar det tørre før ein puttar i peanøttsmøret.

Oppskrift:
5 ts peanøttsmør
2 ts peanøttmjøl
1-2 ts kakao (raw frå sunkost)
½ – ¾ dl kokosmelk (lett)
½ ts vaniljepulver (ekte vanilje)
1 ts sukrinmelis
1 ts salt (maldon)

I parantes står varianten av ingrediensane eg brukte. Ein kan sjølvsagt bytte peanøttmjøl ut med kva som helst anna mjøl, evt. kikerter, evt. noko anna som skaper litt substans i deiga. Ein kan bruke alle andre typar veske enn kokosmelk og ein kan bruke for eksempel vanleg sukker i staden for sukrinmelis. Dokke skjønar teikninga.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kokosmelk ser så nydeleg ut.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Når du blandar dette: Pass på at du får vekk alle «klumpar» i røra. Det vil vi ikkje ha noko av.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Om du vil ha det enno meir snickers-aktig så er det berre å droppe kakaoen i oppskrifta og bruke litt mindre veske. Syns kakaoen gjorde susen, men det er sjølvsagt smak og behag. Prøv deg fram! Og om du er av typen som likar søte ting som kaker og liknande så ville eg kanskje brukt litt meir sukrin/sukker og litt mindre kakao. Eg liker den litt bitre kakaosmaken og når smaken ikkje er alt for søt, men det er det sjølvsagt ikkje alle som gjer.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg oppbevarar nøtter på tomme glas med lokk i kjøleskapet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Haha, som den perfeksjonisten eg er så grisar eg sjølvsagt sjokolade over alt. Godt mogleg eg har sjokolade i ansiktet i skrivande stund. Valget av form gjorde forsåvidt ikkje saka noko betre. Så, om du ikkje lagar dei ulike delane av konfekten meir flytande enn det eg gjorde, vil eg verkeleg anbefale å f.eks. smøre det ut over noko flatt i staden. Steikebrett eller skjærefjøl, kanskje. Husk at konfekt berre skal i frysen om dei skal serverast same dag. Det beste er kjøleskap!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Eg lovar at det smakar enno betre enn det ser ut.

For at det er fyste (andre) gongen eg lager dette så synes eg faktisk ikkje det gjekk så aller værst. Må berre lære meg hemmelegheita bak å smelte sjokolade i vannbad. Eg får mammaen min på besøk i morgon, så kanskje eg skal nytte moglegheita då.

Berre for å understreke. Eg kan verkeleg anbefale oppskrifta på peanøttdelen, men eg kan ikkje anbefale verken min måte å smelte sjokolade på eller valg av form. Neste gong, seier eg berre!

Jamen, dette er jo heilt sjukt dyrt, seier du sikkert. Nja, når ein skal kjøpe inn alle desse «fancy» ingrediensane på ein gong så kan det nok bli litt dyrt. Ser du derimot på kor mykje det er i ein pakke og kor mykje eg har brukt i oppskrifta så er det godt mogleg dette er halvparten så dyrt som ein pose med smågodt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s